Skjær i sjøen

Fredag 8. juli, 2011
Heller ikkje i år kom Gaza-flåten fram til Gaza-kysten. I fjor endte ferda i eit blodig mareritt i rom sjø. I år sørga byråkrati og politisk sabotasje i Hellas for at flåten ikkje kom ut av havnebassenget. Ei frustrert norsk gruppe kjem heim etter nesten to veker i Aten utan å ha komme av flekken. I dag vil dei oppsummere bomturen som ein politisk siger trass alt, på grunn av forsterka kritikk av Israels blokade og ny merksemd om Palestina-konflikten og kvardagslivet i Gaza.
Målt mot ambisjonane som norske og andre aktivistar hadde under førebuingane, kan dette kallast ei fattig trøyst. Synspunktet er likevel ikkje urimeleg, fordi hovudformålet med «Ship to Gaza» er og blir politisk. Også om flåten hadde komme fram til Gaza med heile lasta intakt, ville det vore symbolsk i høve til det som trengst, og i høve til det som faktisk slepp gjennom grenseovergangane. Blokaden er mindre effektiv enn den var, sjølv om Israel av militære grunnar stengjer for byggjevarar som sement og stål. Sementen som var kjøpt til Gaza-flåtens lasteskip, kom ikkje til nytte på byggjeplassar. Men sementpartiet symboliserer den politiske fallitten som Israel og no også Hellas er skuld i ved å hindre attreising av den krigsherja Gaza-stripa. Den sosialdemokratiske regjeringa i Hellas har, i tillegg til alle sine andre problem, skandalisert seg som handtlangar for Israel.
Det er positivt at regjeringa skjerpar kritikken av Israels blokade, men Utanriksdepartementet rota seg ut på vidåtta ved å opne for at blokaden kan vera folkerettsleg legal fordi den humanitære situasjonen på Gaza er noko forbetra. Fråsegna om dette frå UD sist veke kunne verke som eit arbeidsuhell, men utanriksminister Jonas Gahr Støre stadfesta innhaldet overfor NTB og Klassekampen. Ei rekkje organisasjonar og ekspertar har peika på at den kollektive straffeforma utgjer det viktigaste folkerettsbrotet i Gaza; ikkje graden av humanitære problem. Sjølv om Støre understrekar at hovudproblemet er politisk, fungerer folkerettsleg tåkeleggjing som røykteppe over okkupasjon og blokade.










