Dagens leder
* Forsvarsminister Grete Faremo la i går fram rapporten som viser kor mange nordmenn som har vorte skadde sidan Norge gjekk inn i Afghanistan i 2001. Totalt har Forsvaret registrert 948 skader på sitt personell frå 2001 til 2010. 26 militære vart alvorleg skadde, og fleire har vorte invalide for livet. Samla har 6938 nordmenn tenestegjort i Afghanistan, og av desse har ni soldatar omkomme. «Jeg beklager at liv har gått tapt», sa forsvarsministeren da ho la fram den dystre statistikken. Samtidig tok ho sjølvkritikk over manglande oversikt. For det var nemleg ein artikkel i VG tidlegare i år som avslørte at Forsvaret ikkje hadde nokon samla oversikt over dei skadde soldatane.