
- Soldatane kjem i vegen
Mandag 23. mai, 2011
Raudt-leiar Turid Thomassen er akkurat komen heim etter å ha reist rundt i Kabul, Faizabad, Kunduz, Mazar-i-Sharif og andre stader i Nord-Afghanistan.
- Når eg på berre to veker har prata med fleire afghanarar enn ein som har representert norske styresmakter på seks turar, seier det litt om kor fjernt Noreg står frå folket vi liksom skal hjelpe, fortel Thomassen til Klassekampen.
Ei openberring fekk ho då ho vitja ISAF sin militærbase i Kunduz.
- Det einaste dei gjer, er å passe på sin eigen militære flyplass. Det er stort sett ingen av soldatane der som rører seg langt frå leiren. Dei einaste afghanarane dei hadde kontakt med, var dei som ber inn vatn og andre forsyningar til basen. Kva bilete får soldatane av afghanarane då? Og kva bilete får afghanarane av oss? Vi skal hjelpe folk vi ikkje treffer, seier Thomassen.
- ISAF kjem i vegen
Den offisielle grunngjevinga bak okkupasjonen av det fjellrike landet har endra seg etter kvart. Etter at Taliban-styret vart styrta og Osama bin-Laden vart jaga på flukt, byrja særleg norske styresmakter leggje vekt på vår plikt til å hjelpe dei afghanske sivile, og særleg kvinnene.
Soldatane våre gjer det mogleg å få fram bistand, og trekk vi oss ut kjem Taliban og raserer jenteskolane, er meldinga frå Utanriksdepartementet.
Thomassens erfaringar er at det er stikk motsett. Ho merka seg at Afghanistan-komiteen i Noreg, som har tretti års erfaring i landet og som hjelpte ho med reisa, nektar drive bistandsprosjekt i nærleiken av soldatane.
- Dei ville ikkje verte knytt opp til okkupasjonen, fortel Thomassen.
- Afghanarane eg prata med, til dømes lærarane, ser ikkje koplinga mellom okkupasjon og bistandsarbeid. Dei bistandsprosjekta som fungerer, slik som skoleprosjektet i Faizaba og vasspumpa i landsbyen like ved, fungerer av di dei har støtte hos dei som bur der, ikkje fordi dei vert vakta av soldatar. Soldatane kjem og går.
- Om vi trekk soldatane våre heim, trur du ikkje Taliban vil setje ein stoppar for alle desse prosjekta?
- Er Taliban så sterke som vi i Noreg trur? Leiaren for ein landsby eg vitja, sa at også Taliban må ha med seg lokalbefolkninga. Difor tillet dei bistand i områda dei kontrollerer. Jenteskolar tolererer dei ikkje, men folk i landsbyen meinte dette var eit av krava Taliban måtte fire på i ein diskusjon om framtida for landet. Slike krav må komme frå afghanarane sjølve, seier Thomassen.
At USA har lukkast drepe bin Laden, var det ingen afghanarar som trakk fram.
Korrupsjon
Thomassen kom òg i kontakt med ein sikkerheitsansvarleg for FN. Thomassen meiner han er symptomatisk for det vestlege nærværet i landet:
- Han sa at han ikkje lika landet i det heile, men at det var der pengane låg for han og dei innleigde vaktene hans.
At det finst pengar i systemet, fekk Thomassen tydeleg illustrert:
- Han frå FN var mykje på telefonen med ein afghansk minister. Tidlegare hadde han måtte betale 50 dollar for visum til kvar ny vakt han ville ha inn. No hadde prisen auka til 5000 dollar, så då pruta dei over telefonen. Eg vart overraska over at det fanst så mykje pengar å stikke under bordet, seier Thomassen og slår ut med armane.
Småbrukarar og føretakseigarar sa ifølgje Thomassen at dei alltid måtte ha med seg pengar om dei skulle vitje offentlege kontor.
- Kva vil du seie til utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Grete Faremo etter å ha prata med afghanarane?
- Hent soldatane heim. Afghanarane, om dei er pashtunarar, tadsjikar eller usbekarar er som folk flest. Dei vil ha tryggleik. Då kan vi ikkje tvinge vår mentalitet på dei.
- Då vert det få jenteskolar?
- Jau, men vi må stole på at kvinnene greier å ta knekken på mørkemennene sine, slik kvinner alltid har gjort, avsluttar Thomassen.










