
Vil hente jagarflya heim
Mandag 9. mai, 2011
SVs landsstyre vedtok laurdag at norske fly skal vere ute av Libya innan 31. juni. «SV aleine om kampfly-nei» var overskrifta i Aftenposten - Ap og Senterpartiet ville ikkje gå god for dødlinja.
Internt i regjeringa er situasjonen annleis: Entusiasmen for bombinga er dalande i alle tre parti, og regjeringa ønskjer å trappe ned den norske innsatsen og trekkje fly heim, om ikkje alle.
Det fortel kjelder høgt oppe i alle dei raudgrøne partia og i regjeringsapparatet til Klassekampen. Usemja går på når alle norske fly skal vere ute.
- Intensjonen er nokså lik mellom regjeringspartia, seier Trygve Slagsvold Vedum, parlamentarisk leiar i Senterpartiet.
Lei av å aksle tyngste børa
Lysten til å trappe ned bombinga har to utspring: For det første er regjeringa lei av at Noreg tek på seg så mange flygingar og andre Nato-land så få.
Dei seks F16-flya Noreg har sendt, har flydd over 15 prosent av bomberaida, eit enormt tal i og med at USA, Storbritannia og Frankrike har så mykje større flyvåpen. Meldinga frå kjelder i Utanriksdepartementet (UD) er at «byrda må verte jamnare fordelt».
Dette skal verte eit sentralt emne for Noreg når den opphavlege Nato-operasjonen er slutt 31. juni og medlemslanda skal forhandle om bidraga til ein ny operasjon.
Ei kjelde hevdar somme Nato-land er uvillige til å sende fly av di dei følar Nato bryt FN-mandatet om å berre verne sivile, ikkje drepe Gaddafi. Førre helg bomba Nato-styrkar huset til Gaddafis son i Tripoli. Libyske styresmakter hevdar sonen og tre av borna hans døydde i angrepet.
Alle Klassekampens kjelder i regjeringsapparatet strekar likevel under at Noregs posisjon er at FN-mandatet ikkje er brote.
- Tærer på ressursane
Kjelder i UD stadfestar det Klassekampen tidlegare har skrive: Dei har aldri vore lystne på krigen, heller ikkje no.
Forsvarsdepartementet har vore ivrigare, men no må også ei områ seg. Det byrjar nemleg verte for mange norske fly i beredskap til å fly over Libya, og for få til å verne Nord-Noreg.
- Per i dag er vi i stand til å løyse Libya-oppdraget, forsvare oss sjølve og halde dei andre pliktene våre til Nato. Men det er heilt rett at det tærer på ressursane våre å vere så tungt inne i Libya, seier Roger Ingebrigtsen, statssekretær i Forsvarsdepartementet.
- Det er ein innsats som ikkje kan ha en uendeleg tidshorisont. Det vil vi rett og slett ikkje klare, korkje økonomisk, materielt eller med tanke på personell, uttalar han til Klassekampen.
Noreg har 57 jagarfly. Av desse er mellom 25 og 30 klar for skarpe oppdrag, og seks av desse er stasjonert på Souda-basen på Kreta for å fly oppdrag over Libya. Då krigen starta informerte forsvaret UD om at maksimalt seks fly kunne sendast. Men for å halde seks fly på vengene, må fleire vere i beredskap.
Dagens Næringsliv kunne fredag fortelje at Noreg til no har bomba Libya for 130 millionar kroner. Det kjem fram i eit internt notat frå statsminister Jens Stoltenberg.
Bombene Noreg brukar mest, kostar mellom 200.000 kroner og 400.000 kroner, i tillegg kjem driftsutgifter på 65.000 kroner per time per fly. Stoltenberg skal ha spøkt med at ein sjukeheimsplass kostar mellom 500.000 og 900.000 kroner.










