Rekneskap

Mandag 9. mai, 2011
- Når ansvarlege politikarar snakkar om «utfordringar» og «innvandring» i same setning, er det grunn til å spissa øyra. Tysdag vil det bli lagt fram ein rapport frå eit regjeringsoppnemnt utval som i to år har drøfta velferdsordningar og migrasjon, og råd om velferdsordningar framover. Regjeringa ville vita om det trengst endringar på grunn av «utfordringene som følger med økt innvandring». Tidlegare i år kom ein forskarrapport om yrkesdeltaking blant ulike innvandrargrupper frå 1970 til 2000, tinga av dette utvalet. Den rapporterte, slik NTB refererer, om ein tendens til at innvandrarane etter kvart fall ut av arbeidslivet og over på ulike trygdeordningar. Etter 10-15 år var to av tre uføretrygda, medan to av tre etniske nordmenn i same aldersgruppe var i jobb.
- Sia vi førebels ikkje kjenner innhaldet i rapporten, kan vi berre nemna nokre spørsmål som det kan vera greitt å ha i bakhovudet når den skal lesast: Kor mange av dei innvandrarane som har blitt trygdemottakarar, har hatt både to og tre tunge jobbar, eller jobba meir overtid enn nokon nordmann i industrien på 1970- og 1980-talet? Kor mange av dei var krigsskadde? Korleis verdset norske styremakter den uunnverlege arbeidskrafta som kom utanlands frå, og som var klar til å gå rett inn i jobb, utan at oppvekst og skolegang hadde kosta den norske staten fem øre? Når skal norske styremakter prioritera å la alle dei utanlandske faglærte ekspertane som vaskar golv, få lov til å gjera jobbar dei er kvalifiserte for?
- Kontaktutvalget mellom innvandrarbefolkninga og myndigheitene (KIM) fryktar ifølgje NTB at den rapporten som kjem no, kan bli ein avansert innvandrarrekneskap, og at generelle utfordringar knytte til velferdsstaten kan bli framstilte som eit innvandrarproblem. Fleire kan ha grunn til å dela denne uroa. Når det gjeld barn som har budd i Noreg heile sitt liv, har vi sett skremmande eksempel på at «innvandringsregulerende hensyn» er avgjerande for om dei får lov til å bli her. Risikerer vi også at «innvandringsregulerende hensyn» skal styra vesentlege delar av velferdspolitikken?










