Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vaskehjelp

Dagens leder

* Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm har klart å provosere nyliberalistane i Civita og Dagens Næringsliv. I eit intervju med Dagsavisen i helga sa Bjurstrøm at Norge ikkje må bli eit «Kuwait light», der underbetalte arbeidstakarar frå fattige land gjer jobbane nordmenn ikkje gidd å ta sjølve. Bjurstrøm meiner det er «frastøtende» at mange ser ut til at det er greitt å sette til side tryggleik, anstendig lønn og ryddige arbeidsforhold, samtidig som vi sjølve blir rikare. «Jeg har alltid lurt på hvem som vasker for vaskehjelpen», seier statsråden. Ho understrekar at ho ikkje vil ta avstand frå at folk kjøper hjelp i heimen, men meiner også desse arbeidarane må få ordna lønns- og arbeidsvilkår.