Dagens leder
* «Kommunesamanslåing» er eit mantra for mange i den politiske eliten i hovudstaden, og eit ord vi kjem til å høre ofte no når ein skal til å gjennomføre samhandlingsreforma i helsevesenet. Sist helg vedtok nok ein gong Arbeidarpartiet eit program prega av tankane om at einingane må bli større og talet på kommunar mindre. Helst vil partiet at folk i kommunane skal innsjå kva som er deira eige beste, og slå seg saman. Dei som er i tvil, skal få pengar for å bestemme seg. Og dei som framleis seier nei, kan bli slått saman med tvang. Kommunane er nemleg «for små til å kunne opprettholde et godt fagmiljø innen alle områder kommunen har ansvar for». Bekymringa går på at små kommunar er kostbare å drive, lite effektive, og ikkje klarar å skaffe fagfolk.