Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Fredag 11. februar, 2011
Norsk aller viktigast
På skolebenken: - Barnehage er bra, seier Tras (lengst til venstre), her i lag med medelevane Hlahtein Tin og Vian i ein klasse for basiskompetanse i vaksenopplæringa.

Norsk aller viktigast

Støtte: Fleire punkt på Arbeidarpartiet sitt nye integreringsprogram får støtte av kvinnene på vaksenopplæringa på Rosenhoff. Aller viktigast for dei er det å få gå meir på skole.

- Fint, barnehage er bra, kjem det frå mange av kvinnene som lærer norsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag på Rosenhoff voksenopplæring si avdeling på Lakkegata skole. Klassekampen spør kva dei meiner om utvalde punkt i Arbeidarpartiet sitt nye integreringsprogram.

Kvinnene gir full støtte til framlegget om obligatorisk språktest for fireåringar og pålegg om å gå i barnehage for dei som ikkje er gode i norsk. Dei er også heilt for at religiøse leiarar som skal vera minst seks månader i Noreg, må læra norsk.

- Ja, dei må forstå norsk, kjem det frå ei av damene på første rad, og mange nikkar.

Vil læra meir

Tras arbeider som vikar på sjukeheim, ho har barn på fire og to år som begge går i barnehage. Hlatein Tin har jobba som reinhaldar, men har mista jobben. Vian har fem barn frå 16 til fire år, den yngste går i barnehage.

Alle tre går i ein klasse for basiskompetanse, og dei er godt nøgde med at det ikkje er berre norsk dei lærer.

Vian har vore i Noreg i tolv år, berre dei to siste åra har ho gått på skole.

- Eg vil læra mykje, det var ingen skole i Kurdistan, seier ho. Det har ho til felles med mange av kvinnene i klassen. Habiba har også fem barn, frå 23 til fem år. Ho ser fram til å få seg jobb når ho er ferdig med skolen.

Eit framlegg frå integreringsutvalet som har vekt mykje storm, er at dei vil «utrede gjeninnføring av forbudet mot søskenbarnekteskap». Her er meiningane meir delte.

Mange av kvinnene er mest opptekne av at dei som skal gifta seg, sjølve får avgjera kven dei skal gifta seg med, det er ikkje noko tantar og onklar skal avgjera, og kvinner skal ikkje «hentast» for å gifta seg i Noreg.

Rett og plikt

Arbeidarpartiet meiner «nøkkelen til god integrering er gode norskferdigheter», dei vil styrkja norskopplæringa i introduksjonsprogramma, i skolen og i arbeidslivet. Det skal ikkje berre vera ein rett å læra seg norsk, men også ei plikt. Timetalet for obligatorisk norskundervisning for alle som kjem til Noreg, utanom arbeidsinnvandrarar, vil dei auka frå 300 til 600 timar. «Alle som har pliktig norskopplæring skal gjennomføre en avsluttende prøve som må bestås (vår utheving)» heiter det i framlegget.

Stortingsrepresentant Lise Christoffersen, medlem i integreringsutvalet, forklarer at den som ikkje står ved første forsøk, må få ein ny sjanse, og hjelp til å klara det betre ved neste forsøk.

Betalingsundervisning

Integreringsutvalet vil gjera norskopplæringa til eit tilbod også for arbeidsinnvandrarar som ikkje er omfatta av noka plikt til å læra norsk, og vil innføra eit tilbod om 300 timar norsk- og samfunnsopplæring for arbeidsinnvandrarar frå EØS-området som blir i Noreg i meir enn seks månader.

Den obligatoriske undervisninga i norsk og samfunnsfag er gratis. Slik reglane er i dag, gjeld retten til gratis undervisning i fem år frå innvandraren får rett til opphald.

- Kor viktig er det at undervisninga er gratis?

- Klart det er viktig for den som ikkje har jobb, meiner mange av kvinnene i basiskompetanseklassen.

- Ikkje tidsgrenser

Men Habiba trur det kan vera ein god ide om ein må betala for undervisninga.

- Det nyttar ikkje å komma ein dag og bli borte resten av veka, dersom det kostar pengar, seier ho.

Medelevane er på ingen måte overtydde. Kor skal pengane komma frå, kven har råd til å betala 60 kroner for kvar skoletime?

- Mannen må betala, seier Habiba.

Christoffersen understrekar at det viktigaste er å utvida både timetalet for norskundervisninga, og personkretsen som kan delta.

- Dersom det finst tidsgrenser hindrar for at folk får læra det dei treng, må vi rydda dei unna, seier Christoffersen.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT