Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, fredag 25. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120525
Kultur & medier
Torsdag 30. juni, 2005
Laksestrid ved Sintef

Laksestrid ved Sintef

Torsdag 30. juni, 2005

FAKTA

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Sintefs eige forskingsblad Gemini har skrive ein kritisk artikkel om laksenæringa - den same næringa som gjev Sintef forskingsoppdrag. Slikt blir det bråk av.

«Norsk laks - en snylter» står det på førstesida av den siste utgåva av Gemini, bladet til forskingsstiftelsen Sintef. Det har fått både Sintef-leiinga og mange abonnentar til å reagera, ikkje minst dei mange som arbeider i oppdrettsnæringa. Resultatet vart ein offentleg korreks frå Sintef mot Gemini-redaktøren, Åse Dragland, som også var journalisten bak laksesaka.

- Synspunkta i artikkelen er ikkje noko Sintef står for, uttalte direktør for Sintef Fiskeri og Havbruk til oppdrettsnæringa sitt eige nettblad Kyst.no. Han gjentek det til Klassekampen.

Økologi

Artikkelen som har skapt oppstyret tek utgangspunkt i Sintef si eiga forsking på nye fôrkjelder til lakseoppdrettet. I dag er det i hovudsak annan feit fisk som blir brukt som fôr til laksen. Journalisten fokuserer på dei problema dette vil kunne skapa for næringa i framtida. Oppdrettsnæringa er eit næringspolitisk satsingsområde og når næringa ekspanderer, vil tilgangen på fisk til fôr bli knapp. Havforskingsinstituttet stadfester at det blir brukt to millionar tonn villfisk for å produsera ein halv million tonn oppdrettslaks og -aure.

Leiande marinforskarar ved universiteta i Bergen, Trondheim, Tromsø og Ås er alle klare over problematikken. Samstundes meiner fleire av dei at det skortar på viljen til å løyva forskingsmidlar til utvikling av alternativ til fiskemjølet både frå Forskingsrådet og andre. Den omfattande artikkelen tar også for seg dei økologiske og næringsetiske sidene ved fiske til industriproduksjon. Mellom anna får Verdens naturfond sleppa til med sin kritikk av det norske trålfisket utanfor kysten av Sør-Amerika. I tillegg er Steinar Lem i Framtiden i våre hender invitert til å skriva ein kommentar, som har tittelen «Den tragiske og uetiske oppdrettslaksen».

Journalistisk vri

Direktør ved Sintef Fiskeri og Havbruk, Karl Andreas Almås, stadfester overfor Klassekampen at det er den journalistiske vinkelen på stoffet, ikkje det faglege innhaldet, som er grunnlaget for den noko uvanlege kritikken mot redaktør Åse Dragland.

- Det er ein journalistisk vri på heilskapen som gjev eit veldig negativt perspektiv på lakseproduksjon. Det gjev eit overordna fagleg feilaktig bilete av næringa, forklarer Almås til Klassekampen. Han reagerer særleg på tittelen «Norsk laks - en snylter».

- Men stemmer det ikkje at det går med fire kilo villfisk for å produsera ein kilo oppdrettslaks?

- Jo, det er rett. I dag er det i hovudsak annan feit fisk som makrell, lodde og sild som blir til fiskemjølet som nyttast i fôrproduksjon. Men det som også er tilfelle er at denne industrifisken i dag ikkje blir brukt til noko anna. Per i dag er dette faktisk den beste utnyttinga av industrifisken, hevdar Almås.

- Har de fått negative reaksjonar på artikkelen frå oppdrettsnæringa?

- Ja, det har vi og det får vi enno.

- Er det eit problem for dykk, sidan næringa er mellom oppdragsgjevarane til Sintef?

- Nei, ikkje i den forstand at dette går utover omsetninga vår. Men vi liker det ikkje. Laksenæringa har tronge tider om dagen og treng all den positive «oppbackinga» ho kan få, og der vil vi hjelpa til med vårt, seier Sintef-direktøren.

Står ved lag

Almås understrekar at dette ikkje er ein generell kritikk av Gemini-redaksjonen.

- Dette er ikkje uttrykk for nokon mistillit. Gemini har skrive mange artiklar før om havbruk som har vore korrekte, men også kritiske.

Den omstridde redaktøren er ikkje interessert i å la seg intervjua om kritikken, men har ein kort kommentar til oppstyret.

- Det eg kan seia, er at eg i forhold til Sintef Fiskeri og havbruk har tatt på meg ansvar for at tittelen ikkje gav eit rett bilde av saka. I ettertid ser eg også at eg kunne ha nyansert problemstillinga noko. Men når det er sagt, står eg inne for det eg har skrivi og trur at lesarane evner å sjå temaet i si breidde utan å lausriva setningar og einskildutsegner, seier redaktør Åse Dragland.

Så seint som i fjor haust vart Gemini kåra til årets bedriftsblad av Norsk kommunikasjonsforening, som mellom anna arbeider for at «informasjon skal vera påliteleg, resultatretta, etisk forsvarleg og lett tilgjengeleg».

@sitat:«Laksenæringa har tronge tider om dagen og treng all den positive 'oppbackinga' ho kan få»

karl andreas almås, sintef-direktør

@

Innenriks
Fredag 25. mai, 2012
Statsrådene må koke kaffe selv

Statsrådene må koke kaffe selv

KAMPVILJE: Statens forhandlingsleder Rigmor Aasrud hentet selv kaffen og tok telefonen i går. Hennes eget forværelse sto streikevakt.
Utenriks
Fredag 25. mai, 2012
Valgets tikkende bombe

Valgets tikkende bombe

ULØST: Egypterne håper på stabilitet etter presidentvalget. Men uten en grunnlov som bestemmer den nye presidentens oppgaver, kan mer uro være i vente.
Kultur & medier
Fredag 25. mai, 2012
Poet refser oljegiganten

Poet refser oljegiganten

For et år siden mottok han penger fra Statoil. Nå skriver Helge Torvund dikt om selskapets oljesandprosjekt.
Dagens leder
Fredag 25. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Ny praksis

Ny praksis

Dagens leder
Powered by eonBIT