
Tømmer vassdraga
Tirsdag 28. desember, 2010
Noreg skal verte «Europas grøne batteri», seier energiminister Terje Riis-Johansen (Sp). Men når naturperlene langs vassdraga skal forsyne airconditionanlegg på kontinentet, må dei tappast for vatn.
No slår kraftkommunane alarm: Snart må auren plaske i botnslammet, og spanske fotturistar vende skuffa heim. Batteriplanane kan gje Riis-Johansen fleire Hardanger-saker på nakken, i tillegg til at folk vil måtte slite med høgare straumrekning.
- Monstermastene i Hardanger er peanøtter i høve til naturinngrepa vi skal gjennom, seier Odd Omland (Ap), ordførar i Kvinesdal.
- Det kommunane opplev no, er ei monstertapping, seier Børre Rønningen, Ap-representant i Vinje og leiar av Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).
Grått vatn
Dagen før vesle julaften melde Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at dei ikkje sidan målingane starta i 1982 har notert så uttappa vassmagasin.
Eit «vassmagasin» er ikkje eit betongbasseng. Langs Solsævatnet i Ulvik flokkar spanske og tyske turistar seg, ved Sansavatnet i Suldal har Stavanger-folket hytte og opp Kvina-elva klatrar laksen.
Roar Obrestad, KrF-mann i formannskapet i Suldal kommune, veit at låg vasstand ikkje berre er eit tal på NVEs nettsider. På synfaring over Sansavatnet kunne han konstatere at vatnet har vorte heilt grått, rett attmed hytteområdet.
- Det har skjedd éin gong før, og då tok det fem år før vatnet hadde normal farge, seier Obrestad, og minner om at auren treng god sikt når han skal finne mat.
Med nye kablar til utlandet og fri konkurranse på straum kan kraftselskapa tappe ut vassmagasina på sommaren, for å selje han dyrt i EU. Då er det ikkje mykje att når vinteren kjem og nordmenn skrur opp panelomnane.
Obrestad har liten sans for frisleppet:
- Med auka overføringskapasitet til utlandet vil det verte enno meir råkøyr på vassdraga våre. Hadde folk i Suldal visst kva naturinngrep som ville komme då krafta vart bygd ut på 80-talet, trur eg dei hadde sagt nei til heile krafta.
Sju meter opp og ned
Odd Omland (Ap), ordførar i Kvinesdal kommune, står midt oppe i den største kraftutbygginga i landet. Kvinesdal skal koplast på den europeiske kraftmarknaden, mellom anna med ny NorNed-kabel til Nederland og Nordlink-kabelen til Tyskland.
Då er det ikkje nok å berre tappe ut Sirdalsvatnet: Sira-Kvina kraftselskap skal byggje eit pumpekraftverk, kor dei pumpar vatnet lenger opp att i vassdraget på natta, når straumprisen er låg, for å selje ho dyrt på dagtid, når straumprisen i Europa er høg. Etter planen skal vasstanden stige og falle sju meter i døgeret.
- Det er jo ingen som har tenkt på kva dette tyder av erosjon og utvasking, seier ordførar Odd Omland.
- På nittitalet tok staten på seg enorme utgifter for å få laksen tilbake att, etter at sur nedbør hadde gjort vatnet uleveleg. No risikerer dei at laksen forsvinn igjen, seier Omland, som har bede om ei uavhengig utgreiing av kraftplanane i kommunen.
I konsesjonshandsaminga peika Kvinesdal Jeger- og Fiskerforening på at parasittar ville kunne spreie seg over heile vassdraget, om pumpekraftverket vart bygd.
Sommartapping
Ulvik er ein av dei verkeleg attraktive målet for utanlandske turistar i Noreg.
Ordførar Mona Haugland Hellesnes (V) har dei siste åra freista få rikspolitikarane til å forstå kva låg vasstand tyder for turistnæringa i distrikta. Seinast i fjor, då halvparten av atomreaktorane i Sverige falt ut og kraftselskapa såg ein lukrativ marknad over kjølen.
- Vi ser konsekvensane det får for naturen rundt, rett attmed skiløypa. Vi tykkjer det er greitt å byggje ut vassdrag, men krava som er om minimal vasstand er det grunn til å stille spørsmål ved, seier ho.
I konsesjonane til kraftverka ligg det minimumsnivå på kor mykje dei kan tappe. Hellesnes minner om mange konsesjonar vart gjevne då kraftmarknaden var sterkt regulert, og kraftselskapa var plikta til å halde på noko av vatnet til sommaren. Med Energilova frå 1990 finst det ikkje lenger ei slik oppdekkingsplikt, berre dei milde krava då konsesjonen vart gjeven, som kan vere opptil hundre år sidan.
- Det nye med krafteksporten er at kraftprodusentane tappar ut om sommaren òg. Det er nytt, og har store miljøkonsekvensar, seier Hellesnes.
Børre Rønningen i LVK peikar på at 340 kraftkonsesjonar ventar på å verte revidert, og hos Olje- og energidepartementet ligg mange på vent.
- Vi ser at styresmaktene held eit lågare tempo på å revidere konsesjonane enn å gje dei. Dette er vi vertskommunane svært bekymra for, for då får ein ikkje gått gjennom skikkeleg kva konsekvensane for naturen har vore, seier Rønningen.










