Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Mandag 13. desember, 2010
Noreg på veg mot tre parti
EI NY TID: Jens Stoltenberg (Ap), Siv Jensen (Frp) og Erna Solberg (Høgre) utraderer småpartia. Trass i at dei raudgrøne mister fleirtalet, kan mindretalstida vere over. Foto: Morten Holm, SCANPIX

Noreg på veg mot tre parti

Mandag 13. desember, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
SLANKING: Det kan gå mot eit trepartisystem her til lands. Klassekampen si meiningsmåling syner at Ap, Frp og Høgre held stand, medan dei andre partia er på veg mot sperregrensa.

Meiningsmålinga Norfakta har gjort på vegner av Klassekampen og Nationen, er dyster lesnad for alle andre enn Jens Stoltenberg, Siv Jensen og Erna Solberg.

For desember går det fram at:

* Ap går tilbake til 26,9 prosent. Det svarar til 48 mandat, same som i november, men ned 16 mandat frå stortingsvalet i fjor.

* Frp og Høgre kryp oppover, og har no til saman 52,1 prosent av stemmene. Dimed skulle dei hatt 93 mandat, og kunne regjert med fleirtal.

* Mest alle andre parti slit: Venstre har igjen dyppa under sperregrensa, og ligg på 3,9 prosent. SV får 4,9 prosent, Sp 4,2 og KrF held seg på 4,5 prosent. Nedgongen har vore stabil sidan valet i fjor.

* Raudt går fram til to prosent og ville fått ein representant på tinget. Framgangen frå november er innanfor feilmarginen, men også då var Raudt inne med éin.

Blokkpolitikk

Dimed har dei fem minste partia til saman berre 19,5 prosents oppslutnad. Var dette valresultatet, ville dei berre fått 28 av dei 169 seta på Stortinget.

Professor Frank Aarebrot ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen meiner sentrumspartia Sp, KrF og Venstre har drive eit farleg spel.

- Dei har i alle år sagt at folk bør stemme på dei, av di dei kan hamne på vippen og avgjere viktige saker. Men straks dei ikkje er på vippen, forsvinn den appellen som dogg for sola. Kanskje burde KrF seie «stem på oss av di vi ikkje vil ha kvinnelege prestar» i staden for, altså markere seg på sakene, ikkje posisjonen, seier han.

- Folk reagerer

Klassekampen har tidlegare skrive at det politiske sentrum er i ferd med å døy ut i heile Norden. Aarebrot trur veljarane er lei av mektige småparti:

- Mange reagerte etter valet i 2001, då Venstre fekk to tingmenn og tre statsrådar. Veljarane fekk inntrykk av at her hadde særinteressene festa grepet, og då får dei lyst på store, statsmannsaktige parti som Ap, som kan balansere særgruppene, seier han.

Men når Høgre og Frp kan regjere utan å bry seg med Venstre, kan pendelen fort svinge tilbake igjen.

- Det finst ein rekke minoritetar i Noreg som kunne tromma opp ti-femten prosent av veljarane. Homsane og lesbene i dette landet er mange nok til å lage eit slagkraftig parti. Får tre store parti dominere, opnar rommet seg for konfliktlinjene.

Han luftar moglege utfall, alle med same konklusjon: Held småpartia fram med å skuffe, vil dei splitte seg. Får Ap etablere seg som det einaste berande partiet på venstresida, kan venstreopposisjonen i SV gje opp partiet og lage eit populistparti. Og skuffar Frp i regjering med Høgre, kan somme Frp-arar slå seg vrange og gå over til venstrepopulistane. På den andre sida vil ein kanskje endeleg sjå eit grønt parti av betydning her til lands, etter mønster frå mellom anna Sverige og Tyskland.

- Vil ikkje vare

Men lokalvalet neste år kjem før stortingsvalet om tre år. Aarebrot trur dei partia som no slit med sperregrensa vil styrke seg fram til lokalvalet.

- Sp og KrF sit framleis på ein rekke ordførarar, og det er ein stor fordel. Vi må òg hugse at veljarane til Høgre og Frp er meir lojale enn veljarane til småpartia, særleg SV. Og dimed har dei ikkje så mange reservar å ta av når valkampen kjem i gong.

Aarebrot peiker på at stortingsvalordninga i Noreg favoriserer små parti ved å krevje langt færre røyster for den første stortingsrepresentanten enn den neste. Og kjem ein over sperregrensa, får ein utjamningsmandat.

- Slik vala fungerer, trur eg eit Storting dominert av tre parti vil vere for ustabilt til å greie seg over tid. Det vil heile tida invitere til motrøyster, seier Aarebrot.

johanb@klassekampen.no

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT