
Oslo tek pengane
Lørdag 11. desember, 2010
- Hadde vi fått heldt på meir av kraftinntektene, hadde vi ikkje trengt å kutte. I dag går pengane til Oslo, som har meir enn nok frå før, seier ordførar Trygve Westgård.
Å vere ordførar i Askim er ei underleg oppleving. Samstundes som ein skal forsvare kutt i det kommunale tilbodet, forsvinn millionar av kroner i kraftinntekter inn til Oslo kommune, som eig kraftverka.
I budsjettframlegget til rådmannen må Askim barbere bort seks millionar kroner. 3,5 millionar skal skje i barnehagane - frå juli neste år skal dei stenge éin time tidlegare, og tilbodet til funksjonshemma born skal reduserast.
- Kva vil ein time kortare opningstid seie for dykk?
- Det vil gå ut over foreldra, med tanke på stress, seier Arne Colak, pedagogisk leiar ved Jarbo barnehage.
- Eg håpar det ikkje skjer. Askim er en pendlarkommune, så eg trur det blir vanskeleg for pendlarane. Sjølv jobbar eg i Askim og bur i nærleiken, men med transport til og frå skolefritidsordning og barnehage, kan det bli travelt nok for meg òg, seier ei mor.
Tresifra millionbeløp
Askim er stolte av kraftverka sine. Kvar haust feirar dei like godt Kraftfestivalen, den største kulturmønstringa i Østfold, i den hundre år gamle turbinhallen i Kykkelsrud-verket.
Veldige vassmengder frå Glomma skal ut i havet, men før det skal dei gjennom turbinane i Kykkelsrud, Solbergfoss og Vamma, det største elvekraftverket i Noreg.
Der produserer vatnet til saman 2210 GWh straum i året. På kraftbørsen Nordpool er så mykje straum verdt mellom 600 og 700 millionar kroner. Mest alle pengane går til Oslo.
Oslo tener stort
Oslo kommune eig 54 prosent av Hafslund, som driv Vamma og Kykkelsrud, og 100 prosent av E-CO Energi, som driv Solbergfoss i lag med statens energiselskap Statkraft.
Kraftselskapa går ikkje ut med kor mykje dei tener på kvart kraftverk, men ifølgje redaktør Kjell Rønningsbakk i KraftNytt.no kostar det i snitt berre tre øre å produsere éin kilowattime på nedbetalte kraftverk. Overskottet for 2009 kan med andre ord vere opptil 610 millionar kroner.
Sidan Askim-verka er eldre enn konsesjonsreglane, har Askim kommune svært lite gunstige avtaler med dei. Vanlegvis må kraftverk gje nokså mykje straum til kostpris til vertskommunen, som kommunen kan selje vidare til marknadspris. For Askim utgjer dette normalt éin million kroner, og opp mot tre millionar når straumprisen er så høg som no.
Stortinget fredar eigarane
- Eigedomsskat er nesten dei einaste inntektene vi får frå kraftverka. Men der set Stortinget kraftige grenser, seier ordførar Trygve Westgård.
For i 2004 sytte Stortinget for å verne krafteigarane frå eigedomsskatten. Dei innførte eit tak. Når kommunen skal rekne ut kor mykje kraftverka er verdt, får dei ikkje leggje høgare pris til grunn enn 2,35 kroner per kilowattime. Denne grensa er passert for lengst.
- Det tyder at om så straumprisen doblar seg i vinter, vil ikkje Askim kommune tene ei krone, seier ordførar Westgård.
Økonomiavdelinga i kommunen har rekna ut at om taket hadde vore fjerna, hadde kommunen tent meir enn ti millionar ekstra. Dei er mykje meir enn kommunen planlegg å kute.
- Desse pengane kunne vi nytta på barnehagane og eldreomsorga. Det hadde vore svært kjærkomne pengar i den vanskelege situasjonen vi er i. Særleg veg vedtaket om å byggje ny ungdomsskole tungt, seier Westgård.
Han sit i landsstyret til Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK), som jobbar med å få vekk taket på eigedomsskatten. I finansdepartementet har ting byrja skje (sjå sidesak), etter fleire års kampanjeverksemd.
Heldigvis for Askim framforhandla dei i fjor fram ei ny straumavtale med Sogn og Fjordane Energi, kor dei får mesteparten av straumen dei til fastpris. Dimed vil dei ikkje verte heilt strupte når vinteren kjem. Likevel opplyser kommunen si avdeling for eigedomsdrift at dei så vidt klarar straumbudsjettet sitt, og på vårparten må dei be om éin million ekstra.










