Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vestens pris

Dagens leder

* Den internasjonale og norske debatten om Nobels fredspris til Liu Xiaobo handlar i liten grad om Liu personleg fortener støtte. Sjølv om det er delte meiningar om Lius politiske program, er det ingen seriøse stemmer som forsvarer ein fengselsstraff på elleve år for å ha stilt seg i spissen for manifestet Charter 08. Kina må etter kvart gje rom også for slike tankeretningar, som Harald Bøckman skriv i Klassekampen torsdag. Spørsmålet om Lius ord og tankar kvalifiserer til fredsprisen ut frå Alfred Nobels testamente, er meir samansett. Nobelkomiteens premiss om at det er ein direkte samanheng mellom fred og menneskerettar fortener å bli problematisert. Menneskerettar og demokrati står langt sterkare i USA enn i Kina, medan USA er eit langt meir krigersk land.