ULIKSKAP: Høgre-leiar Erna Solberg har byrja å prate om at det er bra med små forskjellar. Men når Høgra handlar, aukar dei forskjellane, seier Bård Vegar Solhjell.
Dette er essensen i kritikken som Bård Vegard Solhjell reiser mot «nye Høgre». SV-nestleiaren kjem halsande inn på kontoret sitt på Stortinget, kledd i oransje høghalsa genser. Han kjem frå foreldresamtale i barnehagen, og har enno ikkje fått på seg politikaruniformen - den mørke dressen.