Slik jobbar Fagforbundet:
Onsdag 1. desember, 2010
Fagforbundet si motkampanje mot NHO sitt privatiseringsevangelium baserer seg på same metode som motstandaren:
Overalt kor NHO Service dukkar opp med reknestykke over kva ein kommune kan spare på å setje omsorg, reinhald og byggdrift ut på anbod, skal ein lokal Fagforbundet-tillitsvalt vere på pletten med fakta som påpeikar hol i NHO Service sine notat.
16. november hadde Fagforbundet klart notatet «Tenk på et tall», som Klassekampen har fått tilgang til.
Notatet er mellom anna utarbeidd av Linn Herning i Fagforbundet, som òg er aktiv i organisasjonen For Velferdsstaten.
Same dag notatet var ferdig, byrja arbeidet kaste av seg: NHO fekk ikkje lenger rå over spaltene i Bærums-avisa Budstikka aleine, no dukka Fagforbundet-tillitsvalt Bjørn Johnsen opp i lesarbrevsida, rusta til tennene med empiri og metodekritikk.
Notatet «Tenk på et tall» er på tolv sider, og tek utgangspunkt i utrekningane NHO Service har gjort på landsbasis, og som reknestykka deira for kvar kommune baserer seg på.
NHO Service seier dei overhovudet ikkje kjenner til notatet, og at dei vil trenge til i morgon å setje seg tilstrekkeleg godt inn i det til å komme med eit tilsvar.









