Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Tirsdag 23. november, 2010
Bonusfesten er tilbake
Til himmels: Finanskrisa gav berre ein liten knekk i finanssektorens bonusfest. Grafikk: Klassekampen

Bonusfesten er tilbake

Tirsdag 23. november, 2010

LES MER

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Lønsauke: Lønene i finanssektoren har allereie passert toppen frå før finanskrisa. ­Bonusane til sjefane har auka med nesten 60 prosent på eitt år.

«En større boble enn systemet bankene har hatt for avlønning av topper og meglere i bankene, har jeg ikke sett», sa dåverande finansminister Kristin Halvorsen (SV) til Aftenposten i fjor.

No syner tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) at finansvesenet si hundreårskrise berre vart ein liten pause i bonusfesten.

Henta att det tapte

I den ferske lønsstatistikken for finansvesenet går det fram at

*Bonusane til administrerande direktørar er oppe i 22.300 kroner i månaden. Det er 58 prosent meir enn i 2009. Til saman tener dei no 120.000 kroner månaden.

*Leiarane under toppsjefane tener 76.700 kroner månaden. Det er berre 100 kroner under september 2008, før finanskrisa sprakk. Bonusane deira er på 10.400 månaden, 2500 meir enn i 2007.

*Heiltidstilsette i finansvesenet i snitt tener 50.600 kroner månaden. Det er 1000 kroner meir enn rekorden frå før finanskrisa. Frå september i fjor til september i år auka lønene med 6,2 prosent.

*Bonusane ligg i snitt på 5900 kroner månaden, over 700 kroner meir enn i feståret 2007. Bonusane har nesten firedobla seg sidan 2004.

Alle typar godtgjering vaks veldig under spekulasjonsbobla fram til september 2008. Så kom krasjet, og bankane måtte låne først 350 milliardar kroner, så 100 milliardar til frå staten. I snitt sank lønene i finanssektoren med 3,8 prosent frå september 2008 til september 2009, men SSB sine tal syner at aksjemeklarane og bankfolket allereie har henta att det tapte.

Høgast i finansselskap

- Lønene i finansnæringa betra seg kjapt. Tala si tale er klar: Tilsette i bank og finans hadde ei god lønsvekst det siste året. Det er ikkje til å komme unna at det er snakk om ein del kroner, seier Harald Lunde, seniorrådgjevar ved SSB sin seksjon for inntekts- og lønsstatistikk.

Han peiker på at løner og bonusar er høgare hos reine finansselskap (meklarhus og liknande) enn i bankar og forsikringsselskap.

- I finansselskapa er det enno høgare bonusar og enno større utslag, særleg for dei administrerande direktørane, seier Lunde.

I meklarhus og andre investeringsselskap fekk dei administrerande direktørane heile 30.400 i bonus per månad i år, og tente samla sett 127.100 i månaden. Til samanlikning tener ein einsleg minstepensjonist 151.272 for heile året.

- Kan vere meir

Harald Lunde strekar under at SSB ikkje tek med opsjonar (høve til å kjøpe aksjar billig) og liknande frynsegode i si lønsstatistikk. Slike ordningar skal vere vanlege på toppnivå i finansselskapa.

- Vi veit at det er godtgjeringar der ute som vi ikkje får fanga opp i denne statistikken, seier han.

I rapporten frå Teknisk berekningsutval (TBU), «Etter inntektsoppgjørene 2010», vart opsjonar og andre ytingar til administrerande direktørar i alle bransjar verdsett til 11.800 kroner i kriseåret 2009.

TBU konkluderer òg med at direktørane i finansvesenet er dei best lønte i Noreg. I 2009 tente dei 68 prosent meir enn snittet for administrerande direktørar i alle bransjar.

- Skulle ikkje inntektene i finansvesenet falt kraftig når bransjen opplev si hittil største krise? Når dei løner suksess med bonusar?

- Jau, ifølgje god, økonomisk teori skulle ein tru det. For dei fleste bransjar er mykje av løna spikra gjennom tariff, og reagerer ikkje så mykje på kriser. Det spesielle med finansvesenet er at bonusar er vanlege, og dei reagerer raskare. Likevel vert bonusar gjerne betalt for resultata for tidlegare år, så det kan godt vere bonusane i år er for innsatsen i 2008 eller 2009.

Rekrutterer raskt

Klassekampen melde 2. oktober at medan industrien miste nesten 38.000 tilsette mellom 2008 og 2009, rekrutterte bransjen SSB kallar «finans og forretningsmessig tenesteyting» med 65.000 nye.

Finans- og forretningsmessig tenesteyting famnar om både finansvesenet og konsulent- og vikarbransjen.

I 2003 var det like mange i industrien som i finans og konsulentverksemd, i 2009 var det 150.000 fleire i sistnemnde.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT