
Poesiens «big message»
Mandag 1. november, 2010
- Eg lånte ei diktsamling på Ålesund bibliotek. Boka gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg aldri leverte henne tilbake, tilstår Linda Klakken, som har skrive ei bok om forfattaren av diktsamlinga, den siste amerikanske beatpoeten.
Dette er den fyrste boka til Klakken. Ho har skrive ei kjærleikserklæring til Lawrence Ferlinghetti, ein diktar som har følgt henne sidan tidleg ungdom. Boka Klakken lånte, «A Coney Island of the Mind», har ho enno. Ferlinghetti har både fungert som ei trøyst og ei inspirasjonskjelde, seier ho.
Dei fleste beatdiktarane er avlidne. Men Ferlinghetti lever. Han er nitti år og skrøpeleg. Men det hindra ikkje Klakken frå å reise heile vegen San Francisco og intervjue han. Det er denne reisa og dette møtet boka hennar handlar om.
«Howl»
Lawrence Ferlinghetti er ikkje kven som helst. Mange kjenner han nok fyrst og fremst som bokhandlaren og forleggjaren som gav ut den kontroversielle diktsamlinga «Howl» av Allen Ginsberg. Boka vart dregen inn av politiet og Ferlinghetti vart arrestert og sikta for obskønitet. Men «Howl» og Ferlinghetti gjekk sigrande ut av ei lang rettssak i 1957. Frikjenninga vekte stor merksemd kring beatrørsla. Alle augo vende seg mot San Francisco, der denne rørsla hadde tilhaldsstad.
- Det er ikkje forleggjaren, men diktaren Ferlinghetti eg har interessert meg for. I dag blir han lesen over heile verda. Bøkene hans kjem i store opplag.
Den nemnde «A Coney Island of the Mind» er eit godt døme på det, fortel Klakken. Ho har vorte gjendikta til heile ni språk og seld i over ein million eksemplar. Det gjer boka til ei av dei mest populære diktsamlingane som nokosinne har komme ut.
Beatpoesi
Beatrørsla med diktarar som Jack Kerouac, William S. Burroughs og Allen Ginsberg, forutan Lawrence Ferlinghetti sjølv, formar eit høgdepunkt i litteraturhistoria. Ferlinghetti skildrar krafta til rørsla best sjølv i intervjuet med Klakken.
«Beatpoetene var forgjengere til sekstiåras hippierevolusjon. Alle grunntankane, idéene til motkulturen på sekstitalet ble først artikulert av beatpoetene. Anti-krigs-holdningen, pasifismen, tiltrekningen mot østlige religionar som buddhisme».
Dei var dei fyrste til å nedfelle «tankene om økologisk bevissthet», kan ein lesa i boka.
- Ferlinghetti har i amerikansk litteratur posisjonen som offisiell «poet laureate» - som tyder «laurbærkransa poet», ei rolle som i Noreg uoffisielt blir fylt av Jan Erik Vold, jamvel om vi ikkje har nokon tilsvarande tittel. Men sjølv likar Ferlinghetti ikkje denne æresutnemninga.
- Kvifor ikkje?
- Det har med den politiske haldninga hans å gjera. Kritikken mot den amerikanske innanriks- og utanrikspolitikken. Han vil sjølv heller bli kalla for San Franciscos «poet laureate», på grunn av symbolverdien byen har som opprørets by.
- Ein døyande nasjon
Ferlinghetti var merkt av den høge alderen då Klakken møtte han, fortel ho.
- Han var prega av ein lang sjukdomsperiode som han hadde vore i. Han er dessutan kjend for å ikkje vera glad i intervju. Om eg ikkje vil kalle det eit vellykka intervju, var det eit viktig møte.
Kunsten å levere kjappe replikkar meistrar han enno, går det likevel fram av intervjuet. Når Klakken spør han om framtida til USA, svarar han: «Du får spørje en profet. Eller røyke teblader».
- Ferlinghetti ytrar seg likevel om framtida, og han er ikkje fylt med optimisme?
- Nei, han er bekymra over tempoet i den teknologiske utviklinga. Det går på kostnad av dei mellommenneskelege aspekta. I tillegg er han som pasifist uroa over den amerikanske krigsføringa i Afghanistan.
I intervjuet ser Ferlinghetti dekadansen i det amerikanske samfunnet som ein illustrasjon på nedgangen til den europeiske, gresk-romerske kulturen. «Den teknologiske revolusjonen er byrjinga på en voldsom nedbrytning av den vestlige sivilisasjonen» og «Vi er en ung, men en døende nasjon», seier han.
«Big message»
Remediet mot krisa, poesien, er òg fanga av den teknologiske utviklinga, kan vi lesa i intervjuet: Samtida skriv ein «teknokratisk poesi», som er eit resultat av at folk lever i den teknologiske revolusjonen. «Den har byrja å ligne måten folk skrev før beatgenerasjonen. Den er mykje meir akademisk nå», seier han til Klakken. Ferlinghetti er kritisk til den store mengda poetar som arbeider ved amerikanske universitet.
- Sa Ferlinghetti noko om korleis denne utviklinga kan snuast?
- Remediet hans er ein ny «big message», som han kallar det, og det går ut på å setja «anti-» framfor dei vondarta straumdraga i tida vår. Han vil ha «antikrig», «antiteknologi» og «antimaterialisme». Her meiner han poesien har ei viktig rolle å spela.
Det er ein ny «big message» det handlar om. Klakken har difor valt å slutte boka med ei enquetesamling, der norske samtidspoetar uttrykkjer kva dei legg i dette mottoet.
«Den siste beatpoeten» inneheld ikkje berre intervju med Lawrence Ferlinghetti. Klakken har snakka med norske forfattarar og forleggjarar som har lese og late seg inspirere av amerikanaren, mellom andre Jan Erik Vold og redaktør i Kolon Forlag, Torleiv Grue. Men det er diktaren og omsetjaren Jón Sveinbjørn Jónsson som får mest merksemd.
- Jón Sveinbjørn Jónsson var sjølv ein motkulturell forfattar med stort virkefelt. Han grunnla litterære tidsskrift og dreiv sitt eige forlag på 70-talet, Forfatterforlaget. Samstundes attdikta han Ferlinghetti til norsk. Dei brevveksla, og Jónsson vart ein personleg ven av beatlegenden.
Diverre døydde Jónsson i 2008, det året Klakken fekk ideen om å laga denne boka. Ho fekk sjølv aldri sjans til å møte han. I boka gjev ho att eit besøk hos familien hans på Nesodden, der ho fekk høve til å bla gjennom korrespondansen hans med Ferlinghetti. Ho vitjar også grava hans og helsar han ved å leggje øyreproppane til iPoden mot gravsteinen hans og spela nokre Dylan-låtar.
- Boka mi er også ein hyllest til Jón Sveinbjørn Jónsson. Han var den i Noreg som stod Ferlinghetti nærast, både litterært og personleg.










