Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Mandag 25. oktober, 2010
Etterspurt Gaza-film
TØFF PROSESS: Det har både vore emosjonelt tøft og utfordrande logistisk å laga film frå Gaza, utan sjølv å vera til stades, fortel Vibeke Løkkeberg. Foto: Tom Henning Bratlie

Etterspurt Gaza-film

Mandag 25. oktober, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Denne filmen er ein stafettpinne til publikum, seier Vibeke Løkkeberg om «Gazas tårer». Filmen går no frå festival til festival.

Vibeke Løkkeberg har undersøkt kva konsekvensar åtaka på Gaza i årsskiftet 2008-2009 hadde for barna i den stengte byen. Resultatet, «Gazas tårer», har alt vorte ein etterspurt film på internasjonale festivalar, lenge før han har møtt kinopublikum her heime. Dokumentarfilmen er alt vist i Toronto og Abu Dhabi, og i helga var første offentlege visning av filmen i Noreg, under Bergen Internasjonale Filmfestival. No ventar både Doha og Amsterdam.

På veg frå Midtausten til Bergen fortel Vibeke Løkkeberg til Klassekampen at publikumsmottakinga har vore den same over alt, anten det har vore nordamerikanarar, arabarar eller europearar som har fylt opp kinosalen.

- Det har vore veldig spesielt å oppleva køar av menneske, som etter visningane har ønska å dela sin emosjonelle reaksjon med meg, seier filmskaparen.

Argumenta for fell

Løkkeberg er også glad for å ha møtt jødisk-amerikanske journalistar, mellom anna frå bransjebladet Hollywood Reporter, som har uttrykt glede over å ha fått sett «Gazas tårer».

- Ein jødisk journalist frå New York sa til meg «alle mine argument fall bort medan eg såg denne filmen.» Då har eg oppnådd det eg ville. Eg har ønska å bryta ned det analytiske stengslet mellom magen og hovudet.

Som mange andre var Vibeke Løkkeberg sterkt opprørt over dei harde israelske åtaka på Gaza i jula 2008 og på nyåret 2009, og som andre internasjonale journalistar og filmskaparar vart ho nekta innreise frå Egypt til Gaza. Med hjelp frå palestinske filmfotografar, som sjølve var innestengde i Gaza by, har ho skapt «Gazas tårer». Filmen presenterer nokre svært sterke bilete frå bombinga, som vi ikkje har sett før.

- Når vi ser dette, forstår vi kvifor ingen fekk koma inn og rapportera, seier Løkkeberg.

I tillegg til opptaka frå åtaka, har Løkkeberg følgt tre ulike barn utover sommaren og hausten 2009, Rasnia på 11 år, Yahya på 12 år og Amira på 14 år. Filmen viser oss kvardagen deira og fortel kva tankar dei har etter dei israelske militæraksjonane og korleis barna opplevde desse. Det er dei tre barna som bind forteljinga saman, og det har vorte ein film som går nært inn på krigstrauma.

Offera sin synsstad

- Det er svært medvite at vi ikkje er lagt på noka kommentatorrøyst, ikkje har sett bileta inn i ein større kontekst, eller freistar å framstilla båe sider i Midtausten-konflikten. Vi viser åtaka frå offera sin synsstad, og det finst ikkje noko motargument mot det blikket. Ingen har fortent å få fosforbomber, skotne med fullt overlegg, inn i si eiga stove.

I Abu Dhabi sist veke møtte filmen for første gong eit arabisk publikum. Her vart «Gazas tårer» vist til stor applaus i fulle salar og leiande aviser gav filmen stor merksemd. Mange eksilpalestinarar arbeider også i Dei arabiske emirata.

- Bileta filmen viser var ikkje nye for folk her. Men dei er vande med å sjå krigsbileta strøyma ukommenterte via nettsider eller på fjernsyn. Her var mange glade for at bileta fekk namn, og handla om familiar, noko som gjorde dei til noko anna enn fleire «nummer i rekkja» av offer.

Filmform og etikk

Filmen har alt fått distributørar i USA og Storbritannia og skal visast for internasjonale oppkjøparar på ein stor salsmarknad i Los Angeles i november. Vibeke Løkkeberg er glad for at filmen byrjar å leva sitt eige liv ute i verda, før han går opp på kino i Noreg 5. november.

- Det som har vore av debatt omkring filmen i Noreg så lagt, har vore knytt til filmforma. Det kan ha akademisk interesse, men for meg har dette vore ei forteljing eg har gått gjennom eld og vatn for å få ut på lerretet. Samstundes er dette også ein poetisk film, seier Løkkeberg.

- Det også eit viktig poeng for meg at filmen viser palestinarane som vanlege menneske som deg og meg. Dette er ikkje, slik klisjeane fortel, forherda mødrer og fedrar, som avlar fram martyrar, og som lengtar etter å koma til himmelen. Det er botnlaust fortvilte foreldre, som ikkje kan verna barna sine, som blir traumatiserte og som sørgjer, og som sjølve er redde for terroraksjonar.

Løkkeberg har brukt iscenesetjing av kvardagslege hendingar som kontekst rundt folks vitnemål og opptaka frå bombinga, ein blandingssjanger som ikkje er særleg uvanleg i internasjonal dokumentar.

Ein del av bileta som dokumenterer døde og sterkt skadde barn er svært sterke. Vi ser andleta til alle. Det går ein kontinuerleg debatt i dokumentarfilmmiljø om kva ein kan og bør visa av liding.

- Korleis har du handtert desse problemstillingane?

- Den etiske debatten har vorte dreidd meir til eit spørsmål om kva publikum toler å sjå, kva vern sjåarane treng. Eg har aldri bede om slikt vern. Eg vil sjå verda som ho er, kva folk faktisk driv med og opplever og ta stilling til det. Det er tøft. Blir det for tøft, får publikum heller gå frå salen. Likevel er innhaldet sila. Det finst mykje verre bilete enn dette.

Israel - Palestina

Løkkeberg har omtalt filmen som ein antikrigsfilm, men han handlar også konkret om det som er ein nøkkelkonflikt i Midtausten. Den avsluttande replikken i filmen er det fjortenårige Amira som har mista både faren og søskena i åtaket på Gaza, og opplevde å bli prøvd skoten frå helikopter då ho låg hardt skadd utanfor sin eigen heim: «Eg ønskjer å bli advokat så eg kan stilla dei som har stole landet vårt og som tar livet av barn for retten,» seier ho.

- Å avrunda filmen slik er vel også eit ganske klart standpunkt i konflikten?

- At eg tar offera si side, er vel ganske opplagt, men eg meiner eg treng ikkje deklarera min solidaritet. Det burde vera nok å visa at Gaza er eit fengsel, at fengselet blir bomba og at barn blir trefte. Det er røynda. Slik ho også er det andre stader som i Bagdad og Kabul.

Vibeke Løkkeberg kallar filmen «ein stafettpinne», som ho vl gje vidare til publikum.

- Eg har møtt ein sams reaksjon på filmen, og det er at «guarden» til folk fell ned. Filmen skapar ein kontakt og det gjev grunnlag for ei mobilisering. Verda er ein omskifteleg stad. Kven er offera neste gong? Slike spørsmål vedkjem oss alle og eg har ikkje lyst til å leva som ein marionett, seier Vibeke Løkkeberg.

Neste stopp for filmen er Robert De Niro-initierte Doha Tribeca Film Festival i Qatar 26.-30. oktober. Deretter følgjer verdas viktigaste dokumentarfilmfestival, IDFA, i Amsterdam 17. til 28. november. Trass stor internasjonal etterspørsel frå prestisjefestivalar, vonar Løkkeberg at filmen også kan bli vist i Gaza før jul.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT