Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Utfordrar

Dagens leder

Nobelkomiteens fredspris til Liu Xiaobo har ei god grunngjeving, men konsekvensane er usikre. Direktør Jan Egeland ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt seier at tildelinga er den modigaste på mange år, og «modig» er eit ord som går att. Den danske Kina-eksperten Mette Halskov Hansen seier at Liu Xiaobo er ein verdig vinnar, men ho meiner at Liu ikkje er eit opplagt val blant dei som kjempar for ytringsfridom og menneskerettar i Kina. Når prisdelinga set eit naudsynt syn på kinesiske menneskerettsbrot, må ein ikkje miste av syne det storfelte ved at kinesiske styresmakter på få tiår har løfta fleire hundre menneske ut av fattigdom. Dette er med i Nobelkomiteens vurdering, men komiteen legg vekt på at Kina held fram med å bryte internasjonale avtalar og eigne lovreglar om individuelle og politiske rettar. Dessutan rår det framleis ein streng sensur.