
Fem sortar sjukefråvær
Mandag 4. oktober, 2010
Ei ny inndeling av sjukefråvær i fem ulike kategoriar er eit innspel i debatten om sjukefråvær frå Dag Bruusgaard og Bjørgulf Claussen, begge professorar i sosialmedisin med lang erfaring som legar og forskarar. Dei presenterer framlegget sitt i det nyaste nummeret av Tidsskrift for Den norske legeforening.
Med andre ord
Den nye inndelinga er ikkje utkast til eit sjukmeldingsskjema, men meint som hjelpemiddel, først og fremst for legar.
- Vi ønskjer å laga ord som kan brukast i vanleg legearbeid, slik at ein kan snakka om sjukefråvær med andre ord enn dei som blir brukte i avisene og frå regjeringshald. Vi trur det kan vera nyttig både for samtalen mellom legar og for det som går føre seg i hovudet på legane. Den ordbruken vi foreslår, er bygd på erfaring, seier Claussen til Klassekampen.
Fem kategoriar
Den første kategorien kallar dei «absolutt funksjonsfråvær». Det gjeld alvorleg sjukdom eller skade, og alvorlege psykiske lidingar som krev fråvær uavhengig av kva yrke vedkommande har. Den neste kategorien, «jobbrelatert funksjonsfråvær», er knytt til yrke. Ein akutt lumbago kan gjera det mogeleg å utføra ein kontorjobb, men ikkje ein jobb som hjelpepleiar på ein sjukeheim.
- Denne typen fråvær er ei utfordring, først og fremst for arbeidslivet. Tilpassa arbeid er ein utveg som ikkje alltid blir utnytta fullt ut. Frå økonomisk hald blir det hevda at eit dagsverk mindre fråvær tilsvarer eit dagsverk vunne i produksjon. Det er ikkje alltid sant. Halvsjuke på jobb yter ikkje full innsats, og kan i verste fall gi meir problem enn produksjonsgevinst, seier Claussen.
Arbeidskrav og toleranse
Ein tredje kategori er «relativt funksjonsfråvær». Det gjeld tilstandar der det ikkje er heilt umogeleg å gå på jobb dersom mykje står på spel, men der jobben fører med seg så mykje smerter eller andre symptom at dei fleste held seg heime med godt samvit.
- Dette er den delen av sjukefråværet der det kan vera mest å henta på tiltak for å halda folk i jobb. Dette vil vera meir avhengig av arbeidskrav og toleranse for plager, enn av diagnose, seier Claussen.
Dei to siste kategoriane «behandlingsfråvær» og «førebyggingsfråvær». Sjølv om trua på inaktivitet som behandlingsmetode er sterkt svekt i seinare tid, er det framleis tilstandar der det ikkje er tilrådeleg å halda fram i arbeid fordi det gjer at behandlinga verkar dårlegare eller at den spontane tilheilingsprosessen blir seinka.
«Førebyggingsfråværet» blir særleg knytt til personar med redusert arbeidsevne, dei som skulle vera særleg velkomne i det inkluderande arbeidslivet. Dette er folk som kan ha plager som varierer i intensitet, og dei kan ha bruk for fleire og lengre avbrekk enn det ferielova gir rom for, om dei skal kunna halda seg i arbeid.
- Det er ikkje alltid skarpe grenser mellom dei fem kategoriane, det vil det aldri vera når det gjeld levande menneske. Men det er typar legar vil kjenna att. Det er ulike grader av kor opplagt det er at ein skal skriva sjukmelding, seier Claussen.
Debattinnspel
Han håpar dette framlegget skal vera eit innspel i den debatten om sjukefråvær som Jens Stoltenberg starta sist vinter. Den svenske modellen med normert lengd på sjukmeldinga ut frå diagnosar, vart forkasta. No skal det setjast ned eit utval som skal vurdera framtidige sjukefråværsordningar.
- Kva seier du om legen som «portvaktar» i forhold til sjukelønnsordninga?
- Eg vil forsvara legen si rolle som portvaktar, ingen andre kan gjera det betre. Men det er viktig å hugsa at portvaktaren ikkje berre skal stengja. Han skal også opna porten. Med slike leiarar som vi har i arbeidslivet no, må legane leggja meir arbeid i sjukmeldingane, seier Claussen.










