Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kampanje

Dagens leder

* Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker gjorde det einaste rette, og moglege, då den fredag avgjorde å behandle Treholt-saka på nytt. Påstandane om forfalska bevis og ulovlege metodar er så alvorlege at dei må granskast til botns. Alle verkar nøgde med kommisjonens avgjerd, men det er på overflata. Somme av dei som var overtydde om at Treholt var ein stor spion, er på plass i skyttargravene for å halde oppe dette biletet, uansett kva granskinga av bevisa skulle føre til. Anne Holt erklærte på Skavlan fredag at Treholt er ein svikar uansett, og i VG er det full kampanje. I går hadde Olav Versto henta fram den anerkjent upålitelege KGB-avhopparen Oleg Gordievskij som sanningsvitne for at Treholt var «storspion», i kontrast til utsegner frå sentrale talsmenn i KGB, medan politisk redaktør Hanne Skartveit held fram med å hevde at overlevering av dokument frå Treholts side vart bevist under rettssaka. Andre «ekspertar» uttrykkjer seg i same retning.