Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Bokbombe

Bokbombe

Fredag 10. september, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • Dersom påstandane i den nye boka om bevisfusk i Treholt-saka held vatn, er dette årets bokbombe. Dersom påstandane renn ut i sanden, er det årets flopp. Geir Selvik Malthe-Sørenssen og Kjetil Bortelid Mæland hevdar i boka «Forfalskningen» at politiet fabrikkerte nøkkelbevis og laug retten opp i ansiktet for å få Arne Treholt dømt for spionasje. Dersom dette er sant, er det ein rettsskandale av historiske dimensjonar. Spørsmålet er ikkje berre om det er sant, men om det lar seg dokumentere og kva slags konsekvensar det kan få.
  • Dette handlar nok ein gong om det såkalla pengebeviset, eit springande punkt i Treholt-saka gjennom 25 år. Det er ikkje første gongen det blir påstått at beviset for at Treholt tok imot store pengesummar, var manipulert. Men hovudkjelda til hovudforfattar Geir Selvik Malthe-Sørensen, ein tidlegare tilsett i Overvakingspolitiet, seier at Treholts tidlegare advokat Arne Haugestad og andre støttespelarar var på feil spor. Han fortel at han sjølv var til stades då bilete som skulle dokumentere pengefunn heime hos Treholt, vart tatt på Politihuset etter at Treholt var arrestert i januar 1984. I så fall var det direkte falskneri.
  • Treholts forsvarar Harald Stabell meiner at opplysningane bør vera avgjerande for at Treholt-saka blir tatt opp att, noko Gjenopptakingskommisjonen avviste for mindre enn to år sidan. Dette kan bli resultatet, men det er også spørjeteikn ved den nye framstillinga. Malthe-Sørensen har vore engasjert som utgreiar for Treholt, og er neppe så upartisk som han vil ha det til. Ein skal, som Harald Stanghelle skriv i Aftenposten, stille kritiske spørsmål til anonyme varslarar. Kvifor gjekk han til nyheitsredaktøren i Nettavisen med noko slikt, og ikkje til Gjenopptakingskommisjonen?
  • Aktor i Treholt-saka, førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, seier til Aftenposten at dei tek påstandane i boka «ytterst alvorlig». Qvigstad var aktor saman med riksadvokat Tor-Aksel Busch. Når aktoratet no sit i maktposisjon på toppen i påtalemakta, er dette ein ekstra grunn for politi og påtalemakt til å snu alle steinar for å etterprøve dei alvorlege påstandane.
Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT