Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524

Trelldom

Trelldom

Mandag 6. september, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
  • For å forstå standpunkt og rørsler ein er motstandar av, må ein alltid undersøkje konteksten dei oppstår i og alltid vurdere dei som svar på noko folk oppfattar som eit problem. Ein kan aldri forstå Thatcherismen utan å setje seg inn kor ròte det britiske samfunnet hadde vorte i løpet av 70-talet. Ein kan aldri forstå veksten til Frp utan å granske kor lukka Arbeidarpartiet har vorte for arbeidarane sine problem. Fallitterklæringa kjem når statsvitaren slår ut med armane og seier «eg kan ikkje forstå det».
  • Mykje av den politiske nyliberalismen hentar sitt mandat frå den heilt reelle elenda kommunistane klarte setje i stand i Sovjetunionen. Gløymer vi Gulag, gløymer vi kvifor mange heilt normale menneske er skeptiske til ein figur som Jan Myrdal eller «sterk statleg styring», sjølv om dei ikkje har noko med kvarandre å gjere. Manifestet er The Road to Serfdom, skriven av den austerrikske økonomen og filosofen Friedrich Hayek, og gjeve ut i 1944. Her vert koplinga mellom fascisme og sosialisme etablert, i og med at begge kastar vekk dei liberale rettane til individet og i staden appellerer menneska til offer for kollektivet. Resultatet er ein totalitær mastodont av ein stat og einskildmenneske som ikkje maktar ta hand om eigne liv. Dei som har levd ei stund, kan framleis hugse NRK-dokumentarar om bønder i Austblokka som sat på ræva og stirde på flaumøydelegging medan dei venta på at staten skulle gripe inn.
  • Problemet med å nytte slik argumentasjon i dag er at Sovjetunionen og Austblokka er vekke, medan «valfridommen» står fjellstøtt. Og valfridom kan avle tvang. Klarer ikkje fellesskapen av vanlege folk organisere seg og yte motstand, kan vi like gjerne sjå ein liberalistisk utgåve av Hayek sitt skrekkabinett: Eit samfunn styrt av sjølvrekrutterande administratorar, kor sjefar og måltal stoppar all arbeidardriven innovasjon på jobb og forsikringsselskap set ein pris på livsstilsvala i heimen. Og medan arbeidarar frå tidlegare generasjonar ofte bygde husa sine sjølv, er dei færraste i dag i stand til å reparere sykkelen sin. Då er det ikkje langt att til dei tsjekkiske bøndene som sat på ræva.
Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT