Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Tirsdag 10. august, 2010
Norsk løn truga
PROTEST: Esa vil omvende ein viktig LO-seier i kampen mot sosial dumping. Foto: Morten Holm, Scanpix

Norsk løn truga

Tirsdag 10. august, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
SOSIAL DUMPING: Esa vil hindre Noreg i å krevje norsk tariff i selskap som leverer til offentleg sektor. Berre somme bransjar går fri.

Då regjeringa la fram sin handlingsplan mot sosial dumping for to år sidan, kravde ho at selskap som skal levere anbod til kommunar og fylkeskommunar, må syte for norsk løn og arbeidsvilkår til dei tilsette.

Meininga var å unngå at offentleg sektor gjer seg avhengig av leverandørar som undergrev forholda på den norske arbeidsmarknaden.

Det tok ikkje meir enn eitt år før Esa opna sak mot Noreg, av di dei meiner forskrifta strir mot reglane om fri flyt av tenester i EØS-avtala.

Som frifagbevegelse.no skriv, kjem det no fram av eit høyringsbrev frå regjeringa at den freistar å komme seg unna knipa ved berre å la kravet gjelde for somme bransjar, medan det vert fritt fram å underby norske vilkår i andre bransjar.

Regjeringa sin plan mot sosial dumping har altså fått seg eit skott for baugen.

Høyringsrunde

Bransjane regjeringa vil verne er bygg- og anlegg, reinhald, helse og omsorg, transport og hotell og restaurant. Dette er bransjar som har vore mykje i media grunna nettopp sosial dumping og elendige kontraktar.

I andre bransjar står stat, kommune og fylke fritt til å velje det lågaste anbodet uansett.

- Dette er ei kraftig innskrenking av det opphavlege kravet. Byggjebransjen og delar av verkstadindustrien har fått allmenngjort tariff, så for dei går det greitt. Men særleg El og IT er arge for at dei hamnar utafor, seier Einar Stueland i LO sin juridiske avdeling. Han har jobba mykje med saker om sosial dumping.

Framlegget frå Fornyingsminister Rigmor Aasrud ligg no ute på høyring, med høyringsfrist 30. september. Ute i LO-forbunda er arbeidet i full gong med å snikre saman eit sams svar frå LO.

Saka vert ekstra komplisert av at det norske kravet ikkje er noko særnorsk tiltak. Det er tvert om nedfelt i Ilo (den internasjonale samanslutninga av Landsorganisasjonar, journ. merk.) sin konvensjon nummer 94, som har røter tilbake til 1949.

LO pressa gjennom at Noreg skulle slutte seg til konvensjonen då vi skreiv under EØS-avtala i 1994. Konvensjonen gjaldt då berre anbod til staten, ikkje til kommunane. Då Stoltenberg-regjeringa innførte handlingsplanen mot sosial dumping, utvida ho reglane til å gjelde alle deler av offentleg sektor. Det var ikkje godt nok for Esa.

Europeisk strid

- Dette er ei sak av stor prinsipiell tyding, seier Einar Stueland i LO sin juridiske avdeling.

- Det vanlege er at Noreg vert klaga inn for å vedta «særnorske» tiltak. Men her sluttar vi berre opp om ein internasjonal fagkonvensjon. Er saka ein del av ein breiare konfrontasjon om arbeidarane sine rettar i Europa?

- Jau, det kan ein seie. Her er det ein kollisjon mellom Ilo-retten og EU-retten, og det er svært urovekkjande om EU-retten vinn fram, seier Stueland.

Både Stueland og Fornyingsdepartementet peiker på at Esa har vorte mykje ivrigare motstandarar av denne typen regulering av arbeidsmarknaden etter den såkalla Laval-kvartetten.

Laval-kvartetten er ein serie på fire dommar i EF-domstolen (EU sin domstol) som utfordra den sentrale fagrørsla på sentrale punkt. Særleg viktig for Ilo 94-konvensjonen er Rüffert-domen, kor domstolen dømde den tyske delstaten Niedersachsen for å ha kravd tariffvilkår for selskap som leverer anbod på offentlege byggjeprosjekt.

- Ilo 94 er konvensjonen vi nyttar til å regulere vilkår overfor utalandske entreprenørar. Det er framleis noko uklart kva EU-retten eigentleg seier om slike innkjøpskrav, men det har festa seg ein rettspraksis som trugar statane sin rett til å lage slike reglar, og med det Ilo-konvensjonen, seier Stueland.

Han peikar på at for Noregs del godtek Esa allmenngjort tariff, då kravet om å følgje tariffen er klart festa ved lov. Allmenngjort tariff tyder at alle selskap i ein bransje er lovplikta til å gje dei tilsette tariffvilkår. Esa godtek dette av di ei slik ordning ikkje diskriminerer selskap og er bakt inn i lovverket.

Noko av Esa sin kritikk mot dei norske innkjøpsreglane er at dei ikkje meiner dei er for vage til å telje som forskrift.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT