Venstresidas dagsavis
Til forsiden
Nettutgaven, fredag 3. september, 2010

Ordlyd og lydord i Molde

Songar Eldbjørg Raknes leitar fram lyden i orda og ord i lydane. Verre er det å finna ein festival som tar barnekunst seriøst.
Fredag 23. juli, 2010
Ordlyd og lydord i Molde
«SJUBIDUA»: - Når ein improviserer musikk med røysta, kan ein ta tak i nonesense-ord som «sjubidua» eller «dubidubi», seier jazzsongaren Eldbjørg Raknes.

- Det burde ikkje vera lov å vera knutepunktfestival utan å ha eit høgkvalitets kunst­tilbod til barnepublikum, seier Eldbjørg Raknes, medan ho blar i programmet for Moldejazz.

Jazzsongaren er ein av få musikarar som har tatt kunst for barn på alvor i mange år, frå ho som student på jazzlina ved universitetet i Trondheim byrja å setja melodi til Inger Hagerup (plata «Det bor en gammel baker»), gjennom ei rad konsertar og barnehageprosjekt både i Noreg og Portugal, fram til den nye satsinga ho har drive gjennom i Norsk Jazzforum: «Hva kommer nå».

Energisk publikum

«Hva kommer nå» er eit møte mellom ulike kunstartar og eit konserttilbod til jazzklubbar som ikkje har hatt arrangement for barn før.

Til hausten skal Eldbjørg Raknes på turne i ei rad norske jazzklubbar med konseptet, saman med musikar Eirik Hegdal, skodespelar Frode Eggen, videokunstnar Pekka Stokke, lysdesignar Marianne Thallaug Wedset og lyddesignar Tor Breivik.

- Eg meiner kunst for barn er viktig både i seg sjølv og fordi det er det komande musikkpublikummet vi vender oss til. Men eg ville ikkje gjort dette, om det ikkje var for at det gav meg mykje energi tilbake. Barn, i den rette settinga, er eit svært aktivt og gjevande publikum, og dei frigjer også dei vaksne som er til stades i salen.

Romsdalingen Eldbjørg Raknes er «heime» i Molde for å vera gjesteartist. I går og i dag syng ho saman med den amerikanske a-capella-songaren Bobby McFerrin i Molde domkyrkje under Moldejazz.

McFerrins klassiske plate «The Voice» (1984) har vore viktig.

- Det var fascinerande og inspirerande for meg som ung songar å høyra korleis ein kan laga musikk på den måten som solosongar, seier Eldbjørg Raknes, da Klassekampen møter ho kvelden før den første konserten.

Improvisert song

Elbjørg Raknes er, i tillegg til eigne prosjekt, blant anna kjent frå vokalgrupper og band som TINGeLING, Søyr og Kvitretten, men etter kvart har ho interessert seg meir og meir for soloimprovisasjon. Albumet «Solo» (2006) og det heilt ferske «Sense», som kjem ut i august, er båe utelukkande bygde kring hennar improvisasjon med røysta.

- Korleis går ein fram når ein improviserer fram ei solosong-plate?

- Innspelinga av «Sense» byrja med at eg stod i ei lita tømmerstove og berre song i tre dagar.

Tømmerstova Eldbjørg Raknes refererer til er ein del av Sjøbygda Kunstnarhus, eit kunstsenter ho sjølv har bygd opp i Selbu i Sør-Trøndelag. Ein stad meint for at kunst­narar skal kunne koma ut av stivna arbeids- og tanke­mønster, møtast og arbeida i ei ny setting.

- Eg hadde Stian Westerhus til å syta for svært god lyd og eg hadde alle studiofasilitetar, slik at eg sjølv kunne styre samplar og elektronikk samstundes som eg song. Ein del av opptaka er gjort i Selbu kyrkje, ei fantastisk steinkyrkje frå mellomalderen, og då song eg «reint». Det vil seia at eg måtte gjera fleire opptak for å kunne «kora» meg sjølv. Slik sett er det to svært ulike komposisjonsmåtar som er brukte på plata.

Poesi og lydord

Eldbjørg Raknes’ komposisjonar har ofte tatt utgangspunkt i poesi. Fleire av platene hennar er musikalske versjonar av kjende diktarar som Frank O’Hara, Edit Södergran og Olav H. Hauge blant fleire.

- Korleis har vegen gått frå poesien til improvisasjon?

- Det har vore ein parallell prosess, og ikkje ei lineær utvikling. Eg har utforska røysta og lydproduksjon, samstundes som eg alltid har vore glad i å lesa. Eg har mange gongar spurt kvifor eg skal skriva tekstar når det alt finst så mange fantastiske tekstar av andre, i poesien?

Likevel har ho prøvd seg som tekstforfattar på den nye plata.

- Når du improviserer musikk med røysta, kan du til dømes ta tak i «sjubidua», «dubidubi» eller liknande nonsense­-ord. Etter å ha arbeidd meg vekk frå ord med meiningsinnhald i improvisasjonen, vågar eg meg no motsett veg, på leiting etter ord som verkeleg tyder noko. Jamvel om eg på papiret ikkje har skrive ein tekst i heile mitt liv, har eg no improvisert fram tekst gjennom songen på «Sense».

Lyden av rommet

«Sense» er også ei utforsking av korleis ulike omgjevnader, og ikkje minst rommet, påverkar musikken.

- Det er kanskje det eg er aller mest oppteken av no, i alt eg gjer, frå plateinnspelingar til barnekonsertar.

Eldbjørg Raknes forklarar: - Samstundes som eg har eit eige kunstnarisk prosjekt, så er ikkje dette prosjektet uavhengig av omgjevnadene. Å syngja på ein jazzklubb i Berlin er ganske annleis enn å syngja i Nidarosdomen, eller å syngja for ei barnegruppe i Portugal. På same vis endrar sjølve rommet musikken. Å syngja i ei lita stove med trevegger og å syngja i ei luftig steinkyrkje påverkar på ulikt vis ikkje berre romlyden, men kva eg skapar medan eg står der.

Det største rommet Eldbjørg Raknes har prøvd ut så langt, var luftrommet over Voss, då ho song frå ein para­glider under opninga av Ekstrem­sport­veko tidlegare i år. Eit stunt som vart filma av Pekka Stokke og som vil bli brukt i nye rom gjennom barnekunstprosjektet «Kva kommer nå», der improvisasjon også står heilt sentralt.

- Det er denne utprøvinga av rom som gjer konserten i Molde domkyrkje spanande for meg også. I tillegg til det improviserte musikalske møtet med Bobby McFerrin - der og då.


Nyheter
Fredag 3. september, 2010
Torsdag 2. september, 2010
Onsdag 1. september, 2010
Tirsdag 31. august, 2010
Mandag 30. august, 2010
Utenriks
Fredag 3. september, 2010
Torsdag 2. september, 2010
Onsdag 1. september, 2010
Tirsdag 31. august, 2010
Mandag 30. august, 2010
Kultur & medier
Fredag 3. september, 2010
Torsdag 2. september, 2010
Onsdag 1. september, 2010
Tirsdag 31. august, 2010
Mandag 30. august, 2010
Kommentarer
Fredag 3. september, 2010
Torsdag 2. september, 2010
Onsdag 1. september, 2010
Tirsdag 31. august, 2010
Mandag 30. august, 2010

Finnalle.no
Finnalle.no
Varer og tjenester?
Du finner det hos oss.