
Medieskapte mørkemenn
Fredag 16. juli, 2010
Norsk folkemusikk måtte til Musikkhøgskolen i Oslo for å bli ny og interessant, hevdar urbanist og ivrig debattant Erling Fossen både i bladet Folkemusikk og i Klassekampen i går. Jan Lothe Eriksen, avtroppande dagleg leiar for Riksscenen - scene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans, helsar debatten velkomen.
- Det er flott at debatten om tradisjon og fornying i folkemusikken blir ført ut i det offentlege rommet. Trass i at skiljelinene går litt annleis og er meir nyanserte enn det Fossen strekar opp, er ikkje problemstillinga ny for folkemusikkmiljøet, seier Eriksen.
«Polert» uttrykk
Sidan Landskappleiken i fjor, har det mellom anna gått eit ordskifte om tradisjonell kveding. På kappleiken vart det dømd slik at ein skolert songar, Ingebjørg H. Bratland, vann. Det skapte reaksjonar blant nokre, som meinte det var for «polert», og at det braut med kriteria for kvedarkonkurransen.
- Eg trur det også er dette Knut Kjøk, Fossens «mørkemann», er oppteken av, når han kritiserer den yngre spelemannen Andreas Skeie Ljones. Skolerte folkemusikarar i dag kan gjera ting som tidlegare generasjonar av tradisjonsmusikarar ikkje var i nærleiken av å meistra, men om uttrykket blir for «pent» eller «flinkt», så meiner mange at ein missar noko på vegen. Det er legitimt og viktig å diskutera.
Lothe Eriksen meiner ein finn att debatten, med vel så harde skiljeliner, i andre musikkmiljø. Og illustrerer med eit døme frå populærmusikken:
- Om Rolling Stones hadde vore eit gjennomprodusert, «glatt» studioband, er det ikkje sikkert dei ville fått den same statusen som dei har hatt. Rock utan litt «rusk», kva er vel det? Eller kva med Bob Dylan med hodeklang og støtte?
Fornying av tradisjonen
Jan Lothe Eriksen hevdar fornyinga av folkemusikken er stor i form av det han kallar popularisering, men også innanfor det Fossen kallar tradisjonalismen - at dyktige spelemenn og andre utøvarar formar tradisjonen gjennom sitt individuelle uttrykk, slik dei alltid har gjort.
Musikkhøgskolen, som Fossen set si lit til, har ifølgje Lothe Eriksen hatt positiv innverknad og gjeve mange nye, spanande musikarar, men fornying skjer også andre stader.
- Hallvard T. Bjørgum har aldri gått på nokon musikkhøgskole. Han er tradisjonell spelemann så det held, og ein av dei som har tatt folkemusikken inn i heilt nye samanhengar. Anne Hytta er eit godt døme frå ein yngre generasjon spelemenn.
Kom til Førde!
Lothe Eriksen får støtte av Hilde Bjørkum, direktør ved Førdefestivalen.
- Motseiinga «tradisjonalist frå bygda» kontra «fornyar frå byen» er så oppkonstruert og overforenkla at det gir eit heilt feilaktig bilete av røyndommen. Håkon Høgemo frå Øvre Årdal spelar tradisjonsstoff slik ein yngre, framifrå klassisk-utøvar tolkar Mozart, Synnøve S. Bjørset frå Jølster har både Musikkhøgskolen, og har gått tilbake til tradisjonen etter dei gamle Jølster-spelemennene også i eigne komposisjonar. Det er mange døme.
- Når ulike utdanningar og song- og spelestilen til utøvarar blir drøfta, er det ein naturleg debatt om kvaliteten ved kunstnarlege uttrykk.
- Folkemusikkmiljøet har vel aldri vore meir ope og inkluderande enn det er i dag. Erling Fossen må gjerne ta seg ein tur til småbyen Førde for å høyra sjølv, seier Bjørkum.
Medie-mørkemenn
Lothe Eriksen meiner også at styrken til folkemusikken i Noreg nettopp er at det finst eit rikt tilfang av ulike regionale tradisjonar. Denne rikdommen er det viktig å ta vare på. Og det handlar ikkje om «mørkemenn» med klamme hender. Det biletet meiner Jan Lothe Eriksen langt på veg er eit medieskapt.
- Kanskje var det slik Annbjørg Lien opplevde det, då ho sette foten fram, men i dag er det journalistar og folk på «utsida» som er oppteken av kva folkemusikkpolitiet, kven no dei måtte vera, meiner.
Lothe Eriksen hevdar dette er ei særeige problemstilling for folkemusikken.
- Eg har sjølv arbeidd i ti år i symfoniorkester, og opplevde ikkje éin gong at det vart stilt krav om el-bass og rockearrangement for å gjera den klassiske musikken meir tilgjengeleg for publikum. Slike arrangement har sjølvsagt vorte laga, og det er fritt fram i alle sjangrar å gjera det, men det er berre folkemusikken som blir møtt med skuldingar om sneversyn om dei ikkje alltid endrar seg. Folkemusikken har til alle tider levert materiale til andre musikksjangrar, frå wienerklassisismen til jazzen, og for at det skal halda fram, er det viktig å ta vare på den tradisjonelle musikken: Ein kan ikkje koka kaffi av saft og vatn, som Knut Buen så godt har sagt det.
Institusjonalisering
I tillegg til Musikkhøgskolen og Ole Bull Akademiet på Voss, er Riksscenen, som Jan Lothe Eriksen har ansvar for, ein av dei største organisatoriske satsingane på folkemusikk i Noreg. Han er tydeleg på at alle slike store grep verkar inn på tradisjonane, og at det er det viktig å vera merksam på.
- Ole Bull Akademiet har til dømes fått fram eit formalisert studium der «læring på gamlemåten» - frå tradisjonsberar/eldre utøvar til elev - er sett inn i eit formelt system. Det er ei stor styrke og naudsynt for å halda oppe og føre vidare desse rike tradisjonane i den nye, urbaniserte røynda. Når dei gamle møteplassane for tradisjonsformidlinga forsvinn, er institusjonaliseringa og profesjonaliseringa avgjerande.










