Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Innenriks
Torsdag 6. mai, 2010
Blir behandla ulikt
Vidaregåande: Sharon, Takshina, Anh og Inger meiner det ikkje er nokon skilnad mellom minoritetselevar og etnisk norske elevar på Foss vidaregående skole.

Blir behandla ulikt

DISKRIMINERING: Manglande forståing av kva det er å vera minoritetselev i norske skolar hindrar godt mangfaldsarbeid. Det går fram av ei ny undersøking.

Tysdag kunngjorde kunnskapsminister Kristin Halvorsen at ei ny arbeidsgruppe skal komma med framlegg til tiltak for betre haldningsskapande arbeid i skolen mot rasisme, antisemittisme og diskriminering. Representantar for Det Mosaiske Trossamfund, Islamsk råd og Antirasistisk senter er med i gruppa, men ikkje Organisasjonen mot Offentlig Diskriminering (OMOD).

- Vi vil gjerne vera med i dette arbeidet, seier Akhenaton de Leon, leiar for OMOD.

I dag møter han og prosjektleiar Dorthe Trøften kunnskapsministeren for å presentera resultata av undersøkinga OMOD har gjort, med økonomisk støtte frå Kunnskapsdepartementet og Oslo kommune.

Hudfarge og hjerne

«Jeg synes at en god lærer er en som ser på meg som et individ, og ikke på hudfargen, se på meg som Farah, og jeg er et individ akkurat som Kari som sitter ved siden av meg. Men det er mange lærere som (...) ser hudfargen først. Huden definerer ikke det som foregår i hjernen,» seier ei av jentene som er intervjua i undersøkinga.

«Jeg tror ikke det finnes diskriminering her hos oss,» seier ei av lærarane.

Manglar definisjonar

- Vi har prøvd å sjå på sider ved skolekvardagen som det finst lite kunnskap om. Problemet er ikkje at minoritetselevane blir banka opp eller på anna vis utsette for grov og synleg trakassering. Mykje skjer på langt mindre synleg vis. Men når ein ikkje har gode og brukbare definisjonar av kva rasisme og diskriminering er, blir det også vanskeleg å snakka om det elevane opplever, seier prosjektleiaren til Klassekampen.

Dei fleste lærarane er livredde for å bli kalla rasistar, rasisme er noko som «ikkje skal finnast».

- Dersom ein elev reagerer på ei irettesetting med å seia at læraren er rasist, går det meste ofte i baklås. Men læraren si oppgåve må vera å finna ut kvifor eleven reagerer som ho eller han gjer, ikkje å forsvara seg mot ein merkelapp. Med rett kompetanse kan ein ta opp og løysa slike situasjonar, seier Trøften.

- Alltid annleis

Når media koplar islam med terrorisme og viser dette fram som det store trugsmålet mot Europa, rammar det minoritetselevane. Når skolebøkene berre fortel om dei kvite sine positive bidrag, er ikkje det innafor det dei har lært å definera som mobbing.

- Men summen av alle slike ting er ei tydeleg markering av at minoritetselevane er annleis, seier prosjektleiaren.

- Opplever alle minoritetselevane dette?

- Det er varierande kva dei opplever. Mange seier det er «litt ubehageleg, men det går greitt». Mange har det bra, mange har utvikla meistringsmekanismar, men alle deler opplevinga av å bli behandla annleis. Dei opplever at for omgivnadene er etnisiteten den viktigaste delen av identiteten deira, seier Trøften.

- Mange minoritetselevar slit med at det ikkje er nokon å ta dette opp med. Dei lar vera å fortelja om kva læraren sa eller gjorde, eller ikkje gjorde, for at foreldra ikkje skal bli lei seg, eller for at dei ikkje skal få problem på skolen, seier ho.

Gode intensjonar

Trøften understrekar at det ikkje er intensjonane hos lærarar og skoleleiing det står på.

- Alle jobbar hardt og vil det beste for elevane. Men dersom ein ikkje har nok kunnskap om elevane sin situasjon, eit felles språk eller metodar for å laga god praksis, kjem ein ikkje vidare, seier ho.

Rapporten byggjer på intervju, fokusgrupper og møte med elevar, foreldre og lærarar ved undomsskolar og vidaregåande skolar, fritidsklubbar og ressurssenter. Den har fått tittelen «Skolen er fra Mars, elevene er fra Venus - Utdanning i et multietnisk samfunn».

Tiltak

OMOD meiner det trengst fleire tiltak om skolen og minoritetselevane skal møtast på same planet.

- Ein kan starta med dialogfora på den einskilde skolen. Ein kan ikkje venta på tre nye lærargenerasjonar. På same tid er det viktig at mangfaldsarbeidet er forankra i leiinga, og heng saman med ein overordna plan. Dette må vera like sentralt som det som dreier seg om likestilling mellom kjønna og arbeidstakarrettar. Ein løyser det ikkje med ein eksotisk matkveld ein gong i året, seier Trøften.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT