Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Mandag 22. mars, 2010
Nytt krav om kulturboikott
VIL HA BOIKOTT: Kunstnarduoen Toril Goksøyr og Camilla Martens vil ha boikott både av utstillinga «Stop Making Sense» og av Israel.

Nytt krav om kulturboikott

Mandag 22. mars, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Eit seminar om israelsk kunst vart stoppa då Palestina-spørsmål vart reist frå salen. Krav om kulturboikott av Israel aukar etter kunstutstilling i Oslo.

Fredag opna Oslo Kunstforening ei utstilling med israelsk samtidskunst, som har fått norske kunstnarar til å ta til orde for boikott av utstillinga. Dagleg leiar i Kunstforeninga og kurator for utstillinga, Marianne Hultman, fortalde i Klassekampen laurdag at «Stop Making Sense» vil visa mangfaldet blant kunstnarar i Israel i dag, og at den har kome i stand på grunn av hennar frustrasjon over den norske debatten om kulturboikott av landet, noko ho er imot.

For å gjera den norske debatten meir nyansert, ifølgje Hultman, vart det i samband med utstillingsopninga arrangert eit seminar med kjende israelske kuratorar og kunsthistorikarar. Seminaret var mellom anna støtta av Fritt Ord og norsk UD. Etter spørsmål frå salen om den politiske og humanitære situasjonen i Israel og i dei palestinske områda, vart seminaret bryskt avrunda, noko fleire av seminardeltakarane reagerer på.

Dialogmøte utan dialog

- Slik eg oppfatta invitasjonen til seminaret, så var det eit forsvar for ei dialogline overfor Israel, motsett ei boikottline. Samstundes hadde eg inntrykk av at alle innleiarane var kritiske til sitt eige lands politikk, fortel kunstnar Andrea Lange, som var til stades.

- Det er sjølvsagt heilt legitimt å vera usamd om kva strategiar som vil føra til fred i Midtausten. Når eg og andre kom på seminaret, var det for å høyra korleis innleiarane meinte ei slik dialogline skulle arta seg og eventuelt få høyra kva dei meinte vi i Noreg burde gjera annleis for at dialogstrategien skulle få suksess.

I staden for slike problemstillingar, inneheldt seminaret førebudde, akademiske og relativt abstrakte innleiingar.

- Perspektiva var ikkje uinteressante i seg sjølve, men dei veik heilt unna det mange i salen var komen for å høyra om. Når det frå salen vart bede om at innleiarane måtte koma inn på den politiske situasjonen i Israel, vart spørsmåla avviste på ein ganske autoritær og akademisk snobbete måte.

Ho får støtte frå Sonja Krohn, som var blant dei som stilte spørsmål på seminaret.

- Eg reagerte mellom anna på at seminaret understreka kunstnaren som individ og individualist, og avviste tradisjonen med kunstnaren som eit samfunns samvit. Det var også absurd å høyra tale om å fri seg frå tankefengsel, når dei ikkje ville snakka om dei som i dag er fysisk fengsla i Israel.

Seminaret vart avslutta med at ein av innleiarane svarte eit spørsmål frå salen med «Eg heiter Simon, eg er jøde. Gå heim og gjer heimeleksa di, før du kjem hit og stiller spørsmål».

Andrea Lange meiner eit slikt seminar ikkje burde forteia temaa som kom opp, og meiner alle spørsmål var imøtekomande og nyanserte stilte.

- Uklok sponsorstøtte

Lange meiner også det var uklokt av Oslo Kunstforening å ta imot pengar frå Stiftelsen Morgenstjernen, som har ein klar pro-israelsk agenda, så lenge utstillinga og seminaret vil halda dialogen open. Det same meiner kunstnarduoen Goksøyr/Martens, som på grunn av sponsoren har tatt initiativ til å boikotta «Stop Making Sense».

Stiftelsen Morgenstjernen arbeider blant anna for å «promotere Israel som et levende, pluralistisk og demokratisk samfunn som jobbar for fred med sine naboer samtidig som det forsvarer seg mot dem». Med ein slik sponsor meiner kunstnarduoen Goksøyr/Martens at utstillinga gjer seg til talerøyr for israelsk propaganda.

Siste verkemiddel

Det er ein dårleg idé å boikotta individ, svara Marianne Hultman til Klassekampen på laurdag, og ho forsvarar at pengestøtta frå Stiftelsen Morgenstjernen, som også har vorte klarert med kunstnarane som er med.

- Vi ønskjer ikkje å råka einskildkunstnarar, men vi meiner at boikott er det einaste verkemiddelet vi har att, seier Toril Goksøyr.

Marianne Hultman har i Klassekampen gjeve uttrykk over frustrasjon over at boikottdebatten i norske kunstnarorganisasjonar skjer eit mangfald av israelske statsborgarar over ein kam. Ho har ønskja å visa mangfaldet i israelsk kunst.

- Kan du forstå hennar ønskje?

- Spørsmålet er ikkje om det finst god og kritisk kunst i Israel eller ikkje. Det er godt mogleg at dette er ei kompleks og interessant utstilling. Poenget er at om boikott skal fungera, så må det råka arrangement som er støtta av den israelske staten og deira støttespelarar. Og det er «Stop Making Sense», seier Goksøyr.

- Til dei som snakkar om å halda opp ein dialog og visa tolmod, vil eg seia at den lina ikkje har ført til anna enn at det i dag ikkje finst dialog i det heile. Tolmodet er problemet, så å seia. Det er her Marianne Hultmans innstilling er naiv, seier ho, og held fram:

- No er det på tide at vi talar eit klårt og tydeleg språk, og boikott er eit slikt språk. Eg voner kulturlivet kan gå føre her, og at det kan leia til ein økonomisk boikott, som sjølvsagt er det som verkeleg fungerer.

- Promoterer staten Israel

Boikottkravet blir no følgt opp frå fleire hald. Goksøyr/Martens får også støtte av kunstnaren Victor Lind.

- Du kan ikkje forstå Hultmans ønskje om å nyansera biletet av israelarar?

- Nei. Det ho gjer, er å promotera staten Israel. Eg har tidlegare kritisert dei kuratorreisene ho og andre har gjort til Israel, med hotell og gratis drinkar inkludert. Og no følgjer ho opp med denne utstillinga, støtta av Stiftelsen Morgenstjernen. Ein organisasjon som samarbeider med den israelske staten, på grunnlag av støtte til eit fredselskande Israel som ikkje finst.

Lind reagerer på at ei tilsynelatande upolitisk utstilling som «Stop Making Sense» blir presentert no.

- Dette skjer medan ikkje berre eg og andre kunstnarar, men FN, EU, Russland og USA ber Israel slutta med busetjinga på Vestbreidda, stoppa slaktinga av palestinarar og respektera 1967-grensene.

- Mange kunstnarar og blant andre Alf van der Hagen i Morgenbladet har presist uttrykt at boikott no er vår siste sjanse til å få til ein dialog, seier Lind.

Han er likevel open for samarbeid med einskildkunstnarar frå Israel.

- Boikottframlegga opnar alle for at vi skal samarbeida med og stø opposisjonen i Israel.

Avviser kritikk

Marianne Hultman avviser overfor Klassekampen den kritikken som har kome mot utstillinga og seminaret.

- Seminaret fredag var ein fin dag med høgt nivå på debatten, men eg er samd i at det vart ein brå slutt på det heile. Dette seminaret fokuserte på kunst og på kunstfeltet. Damene som stilte spørsmål frå salen, var oppteken av politiske spørsmål, som ikkje var emnet denne dagen. Eg er lei for at dei kjende dei vart uforskamma behandla, men frå min ståstad var deira spørsmål uforskamma. Vi hadde invitert folk med stor kunnskap og lang internasjonal kunstrøynsle, som i tillegg alle ikkje vil noko anna enn å få slutt på Midtausten-konflikten. Det er trass alt snakk om deira heimland. Eg vil også presisera at alle kunstnarane som deltok, inkludert dei palestinske, godtok premissane for utstillinga.

- Kan ein avgrensa ein slik debatt til kunstinterne problemstillingar?

- Kva om vi hadde laga ei gruppeutstilling med kunst frå USA og berre drøfta Irak-krigen på seminara? At slikt er urimeleg, er forståeleg for alle andre land enn Israel.

Når det gjeld den brå slutten, meiner Hultman at det skuldast avbrot frå salen.

- Då det var berre to minutt att av seminaret, vart moderator avbroten og fekk ikkje avrunda det heile. At ikkje alle innleiarane var på sitt mest sjarmerande, er så si sak, men alle må få uttrykka seg som dei vil.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT