Fest for frigjering

- Sverige har kome lenger når det gjeld lovverket enn kva ein har gjort i Noreg, seier Sveriges store lesbe-heltinne Mian Lodalen.

I dag fyllest hovudstadsgatene av dansande og festande homoar, og sikkert nesten like mange skodelystne heteroar, for det som er eit av høgdepunkta på Europride-festivalen - paraden. Europride er ein av verdas største homofestivalar, og arrangementet går på rundgang mellom europeiske storbyar. Neste år skal festivalen attende til London - byen der Europride vart arrangert for fyrste gong i 1992. I programmet stiller arrangørane spørsmålet om Noreg er eit homoparadis. Og svaret på spørsmålet er både ja og nei.