Tvingast til å angra
Mandag 15. februar, 2010
Delaram Dashti (37) har budd meir enn 11 år i Noreg, har tatt utdanning som ergoterapeut, og har jobb i Trondheim kommune.
Ho fyller vilkåra for å få norsk statsborgarskap på alle punkt med eitt unntak: Ho har ikkje gyldig iransk pass. Da ho kom til Noreg, hadde ho både pass og visum. No er passet for fleire år sia gått ut på dato, men det har ikkje på noko tidspunkt vore tvil om identiteten hennar.
Ifølgje forskrifta til statsborgarlova skal den som søkjer norsk statsborgarskap, som hovudregel leggja fram gyldig pass for å dokumentera eigen identitet.
- Skal eg få eit nytt pass frå den iranske ambassaden, må eg skriva under på at eg angrar at eg søkte asyl i Noreg. Det kjem ikkje på tale. Skal eg vera nøydd til å seia ja til Ahmadinejad for å bli norsk, spør Dashti.
Frå heimesida til den iranske ambassaden har ho lasta ned skjemaet ho må fylla ut for å få nytt pass. Kravet er at ho skal skriva under på ei erklæring som i norsk omsetting lyder slik: «Med henblikk på muligheter/fasiliteter jeg har fått av regjeringen til Den islamske republikken Iran, angrer jeg min søknad om asyl, og søker herved Den islamske rebublikkens ambassade om nytt pass.»
Godkjend identitet
Dashti søkte om asyl i Noreg, men fekk opphald på humanitært grunnlag. Det hindrar ikkje at ho framleis ser på seg sjølv som ein flyktning. Ho vart utvist frå universitetet på grunn av politisk aktivitet, å venda tilbake til Iran før regimet er endra, er heilt uaktuelt.
- Identiteten min vart godkjend da eg kom til Noreg. Skulle eg skriva under på at eg angrar at eg søkte asyl, ville det bety at eg ikkje er den same Delaram som da eg kom, seier ho.
Ho har opphalds- og arbeidsløyve, arbeid og inntekt, og har tatt språktest med svært godt resultat.
Unntak kan gjerast
Men slik reglane statsborgarskapsreglane blir praktiserte, er det ikkje nok at identiteten er dokumentert. «Kravet til dokumentert identitet anses som hovedregel oppfylt dersom søkeren legger frem originalt, gyldig pass,» heiter det i statsborgarskapsforskrifta, og det blir gjort få unntak frå dette kravet.
Utlendingsstyremaktene si vurdering er at så lenge Dashti ikkje går til den iranske ambassaden og skaffar seg eit gyldig iransk pass, kan ho ikkje få norsk statsborgarskap.
- Eg er eit politisk engasjert menneske, og ønskjer å vera aktiv i det samfunnet eg bur i. Slik det er no, blir eg hindra i å vera ein fullverdig samfunnsborgar, seier Dashti, som har venta lenge på å få statsborgarskapen i orden.
Så lenge saka ikkje er løyst, kan Dashti ikkje reisa utanfor Noreg, og ho må betala dyrt for ei lita leigeleilegheit. Banken krev også gyldig pass for å kunna gi det lånet ho treng for å kunna kjøpa seg ein stad å bu.
I Stortinget
I juni 2009 vart denne saka brukt som eksempel i eit skriftleg spørsmål til daverande arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen (A). Av svaret hans gjekk det fram at det skjemaet den iranske ambassaden bruker ved fornying av pass, var kjent for Utlendingsdirektoratet, og at Dashti si sak ikkje er den einaste i sitt slag. Han varsla ei høyring om endringar i forskrifta om identitetskrav. Den saka er framleis under behandling i departementet, no i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
Oppfølging
Likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken (SV) stadfestar at det blir arbeidd med oppfølginga av denne saka i departementet, og han slår fast at det Dashti har erfart, er ein type situasjon ein ikkje ønskjer å setja folk i.
- Slik regelverket er i dag, er det rom for å gjera unntak frå kravet om gyldig pass. Framlegget i det høyringsbrevet som vart sendt ut i fjor, er at vi kan rekna identitetsvilkåret som oppfylt, sjølv om passet ikkje er gyldig på det tidspunktet søknaden om statsborgarskap blir behandla, seier Lysbakken til Klassekampen.
- I somme tilfelle kan det vera gode grunnar til at ein person ikkje kan leggja fram eit gyldig pass. Dersom identiteten er kjend, må vi sørgja for at regelverket ikkje skaper unødige vanskar for folk. Det har vore få slike saker, derfor må vi sjå på det. Framlegget i høyringsbrevet kan løysa noko av dette, seier statsråden.
Lysbakken seier han ønskjer å få dette avklart så raskt det let seg gjera, men kan ikkje seia noko nøyaktig om kor lang tid det vil ta.
I Utlendingsnemnda
Etter at Utlendingsdirektoratet gav avslag på statsborgarskapssøknaden, er det sendt klage, og den ligg no til behandling i Utlendingsnemnda.
Trond Olsen Næss, som er Dashti sin advokat, peiker i klagen på at føremået med regelverket er at ein ikkje skal gi statsborgarskap til personar som ikkje har klarlagt identiteten sin, men det er ikkje tilfelle i denne saka.
- Er norske styremakter i tvil om at ho vil bli avkrevd ein lojalitetslovnad dersom ho kontaktar ambassaden? Dersom svaret er ja, så har ikkje norske styremakter gode nok kunnskapar om kva som går føre seg. Og er dei kjend med denne praksisen, er det utan tvil urimeleg å krevja at ho skal avgi eit slikt løfte, seier advokaten til Klassekampen.










