Ombodet

Mandag 15. februar, 2010
- Om to veker startar det nye meldekortregimet i Nav. På same tid som den nye stønadsordninga arbeidsavklaringspengar blir sett i verk frå 1. mars, skal om lag 90.000 menneske som til no ikkje har hatt noka plikt til regelmessig rapportering til Nav, gå over til å senda meldekort annakvar veke. Uansett kor sjuke og arbeidsuføre dei er, skal dei i utgangspunktet behandlast som arbeidssøkjarar. Kodeordet «arbeidslinja» har fått eit heilt konkret innhald. Dermed blir meldekort ei heilt naturleg sak - for systemet. Regelen om ingen pengar inn på konto utan at meldekortet er sendt i rett tid, vil gjelda like mykje for sjuke folk som for friske arbeidssøkjarar.
- Kva den nye ordninga vil kosta av fortvila telefonar til Nav, og kor mange som i det heile ikkje når fram til rett Nav-person, veit vi ikkje. Mykje tyder på at dei Nav-tilsette mange stader enno ikkje har fått slike vilkår at dei kan gjera ein god nok jobb for alle brukarane. Vi veit heller ikkje kor mange som skal liggja vakne om natta fordi dei ikkje veit når dei vil få pengane sine fordi dei ikkje hadde helse til å gå til postkassa på rett dag. Men det er mange som er urolege. Folkeaksjonen mot meldeplikt for kronisk sjuke har snart 30.000 medlemmer på fjesboka. Ikkje alle fjesbokuttrykk fortener å bli tatt like seriøst. Men somme gonger kan slike elektroniske meiningsuttrykk vera viktige signal.
- Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) gjentok etter Nav-høyringa i Stortinget i januar i år kravet om eit Nav-ombod. Høgre-leiar Erna Solberg støtta tanken da kriserapportane om Nav kom i fjor vår. Men ombodet er så langt ikkje på plass. Da 25.000 menneske via fjesboka støtta protesten mot å endra sendetida for eit barneprogram på tv, tok Kringkastingsrådet saka med det største alvor. Lisensbetalarane kan klaga til Kringkastingsrådet. Men kven skal fortvila stønadsmottakarar klaga til? Ein kunne venta at Stortinget var Nav-brukarane sitt «kringkastingsråd» i denne saka. Det er det ikkje. Derfor hastar det med å få eit uavhengig Nav-ombod på plass, som kan snakka høgt på vegner av dei som treng velferdsstaten aller mest.










