Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Mandag 25. januar, 2010

Amerika - det nye Valhall

Mandag 25. januar, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Kva opplevde vikingane i Amerika? «Valhalla Rising» legg ut i ukjend farvatn med One Eye - ei kryssing mellom Odin og Conan.

Då Nicholas Winding Refn vaks opp i USA, høyrte han ei historie om eit arkeologisk funn av ein mystisk nordisk runestein. Eit funn som indikerte at vikingar hadde vore mykje lengre sør og mykje lengre inn på det amerikanske kontinent enn Newfoundland. Innskrifta på steinen var også fantasieggjande: Ei åtvaring til andre vikingar om å koma dit.

- Det var ein actionfilm eg som 16-åring hadde lyst til å sjå, minnest den dansk-amerikanske filmskaparen, når Klassekampen møter han på filmfestival i Tromsø.

Funnet han refererer til er den omstridde Kensington-steinen, som dei fleste forskarar meiner er eit falsum, men som har spela ei rolle i striden om kven som «oppdaga» Amerika. Kor som er, så har fascinasjonen som vart skapt i ungdommen ført den no 39-årige Winding Refn til å laga «Valhalla Rising». Ein film som også er noko av eit fantasiprodukt, skapt på basis av universelle mytar, norrøne forteljingar og mellomalderhistorier om den blodige spreiinga av kristendomen.

Frå action til mytologi

Vikingfilmar har ikkje rykte på seg for å vera korkje særleg gode eller populære. Når vi spør kva som motiverte den vaksne Nicholas Winding Refn til å gje seg i kast med noko så illgjete, seier han at kva prosjekt han grip fatt i, ofte avheng av kva for ei stemning han sjølv er i. Vi forstår kva han meiner, når han byrjar å fortelja om den krunglete manus- og produksjonsprosessen bak «Valhalla Rising».

- Eg har ingen kunnskap om det norrøne samfunnet! Men det har Roy Jacobsen. Eg kontakta han etter å ha lese romanen «Frost», gav han nokre idear og lurte på om han kunne hjelpa meg med å finna ut korleis eg kunne få til ei historie av dei. Det vart eit omfattande samarbeid, vi starta på ein stad og seks månader seinare var vi ein heilt annan plass. Det tok over tre år til saman. Vi kutta stadig meir av forteljinga og gjekk djupare og djupare inn i sjølve ideen. Då eg langt om lenge skulle starta opptak i Skottland, forstod eg at eg eigentleg ikkje var interessert i vikingar! Eg ville ikkje laga ein historisk film. Det var då Roy kom med ei forløysande orda: «Kvifor ikkje gjera dei til kristne vikingar?» Då vart det heller ein film om tru og dei ulike motstridande sidene ved religion. Det passa mitt ønskje om å vri filmen over til ein science fiction film, eller rettare ein mental fiction.

Ville laga noko rart

Alle filmane til Nicholas Winding Refn ser i utgangspunktet ut til å vera sjangerfilmar, for så å riva ned rammene for sjangeren. I actionfilmen «Pusher» møter vi ein eksistensielt filosoferande narkolangar, framstilt i eit ekspressivt formspråk. I «Bronson» kombinerer Winding Refn den brutale fengselsfilmen og den psykologiske biografien, for så å laga performanceteater av det. I «Valhalla Rising» trur vi at vi er på veg inn i eit hemndrama à la «Conan barbaren», når vi blir sendt på ein syretripp av ei reise inn i det ukjende saman med den stumme One Eye.

- Eigentleg hadde eg lyst til å laga ein ordentleg rar film.

- Filmen er i alle fall open for tolking…

- Ja, eg meiner at jo meir eg kan gje til publikum, jo betre. Kunst er å søkja etter det ukjende. Det utløyser noko i oss, nett som endorfinet vi får av å løpa. Men før vi når så langt inn i ein film, må vi trengja gjennom alle dei sjangerfiltera vi har sett opp for oss sjølve, vi må avlæra dei filmatiske konvensjonane, som gjer at publikum trur at dei veit kva for ein film dei skal sjå før dei kjem inn i salen.

- Kan du likevel seia noko meir om kva målsetnader du har hatt med filmen. Kven er One Eye til dømes?

- Han er ei gåte, ein monolitt, men også eit spøkjelse. På mange vis er han mytologien personifisert. Han er ein mann utan både fortid og framtid. Han går gjennom fire stadium i løpet av forteljinga: slave, krigar, gud, menneske. Han er alle dei tinga. For dei andre i filmen, tener han eit føremål. Han er det dei har behov for, avhengig av kva for interesser dei har og kva situasjonar dei kjem i.

- Hovudrollene i filmane dine er spela av svært karismatiske skodespelarar, og dei gjer alltid gode prestasjonar i dine filmar. Kva ser du etter i skodespelarane og korleis arbeider du med dei?

- Utsjånaden er viktig for mitt val av skodespelarar. Eg ser ikkje etter om dei er pene eller stygge, men om dei har ein løyndom. Slike personar vil vi gjerne sjå på, og film er eit visuelt medium. Elles gjer eg opptaka i kronologisk orden, noko som er bra for skodespelarane, men også ganske krevjande.

Religionskritikk?

«Valhalla Rising» legg ikkje nett skjul på at kristninga av Europa og andre verdsdelar var ein svært brutal affære. Til liks med krosstoga var misjoneringa også hærtokt og okkupasjon.

- Religion spelar igjen ein aktiv del i dei store væpna konfliktane i verda. Ligg det nokon eksplisitt religionskritikk, eller politisk samfunnskommentar i filmen?

- Det ligg ikkje nokon medviten politisk kommentar i «Valhalla Rising», men filmen speglar kva som skjer når religion kjem inn i biletet. Filmen handlar essensielt om tru. Kva tru er og kva det vil seia å vera truande. Spreiinga av kristendomen var både bunden saman av og splitta mellom ei sjeleleg side og ei militær side. Det er ei motseiing som vil oppstå igjen og igjen.

«Valhalla Rising» har kinopremiere 5. mars.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT