Uvisst utfall av høyring
Lørdag 16. januar, 2010
Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget var vertskap for den store Nav-høyringa i går. Både Funksjonshemmedes fellesorganisasjon og dei ulike fagforeiningane hadde budd seg godt. Dei hadde både mykje å fortelja om alt som ikkje fungerte, og konstruktive innspel til kva som kan gjerast for at denne etaten, som forvaltar milliardar av statsbudsjettet, kan bli betre for brukarane og gi dei tilsette betre høve til å gjera ein god jobb.
Stortingsdebatt
Det meste av det som kom fram, burde vera vel kjent for både Nav-leiinga og politikarane. Spørsmålet er kva ein kan venta av handling og endring etter ein slik runde.
- Det må meir ressursar til, seier Hallgeir Langeland (SV) er medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen.
- Og når kan dei komma?
- Ein kan håpa på noko i revidert nasjonalbudsjett, seier SV-representanten.
Etter høyringa skal både kontroll- og konstitusjonskomiteen og arbeids- og sosialkomiteen ha sine drøftingar.
- Komiteane skal laga ei innstilling, det blir ein debatt i Stortinget. Fagkomiteen har ansvar for å følgja denne saka, seier Marit Nybakk (A), nestleiar i kontroll og konstitusjonskomiteen. Ho meiner ein ny statsråd må følgja opp etaten nøye.
Dataproblem
Det reviderte nasjonalbudsjettet blir først behandla på vårparten. Meldinga frå dei Nav-tilsette er at ressursane trengst no, om den neste delreforma, arbeidsavklaringspengane, frå 1. mars, skal bli vellykka.
Ingen tok til orde for å utsetja den, men det trengst både betre datasystem og fleire tilsette for å kunna handtera det som skal gjerast.
Det kom tydeleg fram at denne etaten snart tre og eit halvt år etter start framleis slit med datasystem som ikkje er tenlege for ei effektiv saksbehandling. Fleire ulike system som ikkje «snakkar saman», gjer sitt til at arbeidet tar tid.
Jarle Berge, leiar for NTL Nav, sa det slik:
- Vi treng eit IKT-system som jobbar med oss og ikkje mot oss.
Intern omorganisering
Eit felles krav frå både FFO og fagforeiningane er ei intern omorganisering, med tilbakeføring av både kompetanse og vedtaksfullmakter til dei lokale Nav-kontora.
- Mål- og resultatstyring har tatt overhand i Nav. Politikarane må spørja om det gir betre tenester. Den overdrivne vekta på mål- og resultatstyring hindrar god kvalitet på tenestene, seier Anita K. Solhaug, første nestleiar i NTL.
NHO var blant dei inviterte til høyringa, og formulerte sine krav presist og effektivt.
- Tidlegare var Nav gode på det dei skulle vera gode på. No får vi ikkje det vi ventar når vi kontaktar Nav, sa Svein Oppegård, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO.
- Organiseringa av etaten er eit politisk ansvar, la han til, og understreka at NHO sine forventingar til Nav gjeld oppfølging av sjukmelde, tilbakeføring til arbeid og rekruttering.
IA-avtalen
- Kva fekk NHO til å tru at Nav skulle ha kapasitet til å gjennomføra IA-avtalen (avtalen om inkluderande arbeidsliv), spurde Per-Kristian Foss.
- Vi førutset at den som har inngått avtale, har kapasitet til å følgja den opp, svarte Liv Ragnhild Teig, avdelingsdirektør for arbeidsliv i NHO.
NHO fekk spørsmål om sjukefråværet ville gå ned dersom Nav gjorde sin del av jobben med oppfølging av sjukemelde, med særleg vekt på det som i etatspråket heiter dialogmøte 2, ein samtale etter seks månaders sjukmelding, og svaret frå Oppegård var eit vilkårslaust ja.
Representantane for næringslivet var svært kritiske til både dokumentbehandling og mangel på effektive datasystem i Nav. Elektronisk saksbehandling er sjølvsagt i næringslivet.
- Men ein må også engasjera seg i einskildmennesket, utan det nyttar det ikkje, sa Oppegård.
- Krisa over
Så var turen kommen til arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie. Han har vore direktør sia hausten 2006, og det var ikkje første gong han måtte svara for alvorlege svikt i Nav.
Og som ved ei rekkje tidlegare høve gjorde han sitt beste for å roa ned dei som måtte vera urolege.
- Krisa er over. Det var krevjande i 2008 og 2009, da vart det gjort kraftfulle tiltak. No er vi på rett spor, er kortversjonen av hans oppsummering.
Han fekk spørsmål om Nav treng utvida økonomiske rammer for dei nærmaste åra.
- Vi ønskjer sjølvsagt utvida rammer, og har ein dialog om det. Men mi oppgåve er å få best mogeleg resultat med dei ressursane vi har. Vi burde ha komme i gang med moderniseringa på IKT-området tidlegare, svarer Saglie.
Han la elles stor vekt på at mykje er gjort med betra internkontroll, og gav inntrykk av at vi no vil få sjå ein organisasjon som vil fungera vesentleg betre enn Nav har gjort til no.










