Er dårleg rusta for ny reform
Torsdag 14. januar, 2010
Frå 1. mars skal Nav innføra ei ny trygdeyting. Arbeidsavklaringspengane skal komma i staden for attføringspengar, rehabiliteringspengar og mellombels uførestønad. Både førebuing og gjennomføring stiller store krav til dei lokale Nav-kontora.
Jarle Berge, leiar for NTL Nav, meiner Nav per i dag ikkje er rusta til å handtera ei ny, stor omlegging.
- Ekstra ressursar er eit vilkår for vellykka gjennomføring av arbeidsavklaringspengeordninga. Vi klarer det ikkje med dei ressursane vi har i dag, seier Berge til Klassekampen.
I 2009 fekk Nav ekstraløyvingar som gav rom for ekstra mellombels tilsette. Men ved årsskiftet var engasjementet slutt for dei fleste av desse, som har stått for om lag 200 årsverk.
Må prioritera pengar
Merethe Engstrøm, fylkestillitsvald i NTL Nav Hordaland, er uroleg for innføringa av den nye ordninga.
- Vi har for lite folk, vi får ikkje tid til det vi skal gjera. Når vi heile tida må prioritera pengar, får vi ikkje gjort det som er viktig med den nye ordninga. Kunne vi behalda dei som har vore mellombels og administrativt tilsette, ville det hjelpt mykje, spesielt no i denne fasen, seier Engstrøm til Klassekampen.
Ho minner om at mykje kompetanse har blitt borte, både med fast tilsette som har slutta etter at Nav-reforma vart innført, og med mellombels tilsette som det har tatt tid å læra opp, og som så må slutta.
- Kva vil skje frå 1. mars?
- Det verste er om folk blir ståande utan pengar. Eg er veldig spent på korleis det skal gå det første halvåret, om vi får betalt ut, og om brukarane greier å få sendt inn meldekorta. Mange har alt søkt om å bli fritatt for meldekort, seier Engstrøm.
- Omstilling kostar
Trygve Baltzersen, fylkestillitsvald i NTL Nav Rogaland, skulle også gjerne sett fleire tilsette.
- Andre fylke er verre stilte enn Rogaland. Vi kan greia dette på eit akseptabelt nivå. Spørsmålet er om vi greier å gjennomføra dei måla som er sett for betre oppfølging. Utan det er ikkje reforma mykje verd, seier Baltzersen til Klassekampen.
Uro blant brukarane
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) representerer mange av dei som skal ha nytte av den nye ordninga med arbeidsavklaringspengane.
- Dette er det eigentlege innhaldet i Nav-reforma. Å akseptera lengre ventetider er ikkje aktuelt. Nav må vera tydeleg på kva dei treng av ressursar og kompetanse. Vi har merka oss at budsjettet for 2010 inneber ei nedbemanning. Politikarane må ta ansvar for å gi ei øyremerkt tilleggsløyving for å sikra at ein kan komma i gang, og at brukarane blir teke vare på på ein god måte, også i innkøyringsperioden, seier Liv Arum, generalsekretær i FFO, til Klassekampen.










