Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Lørdag 2. januar, 2010
- Å, sjå! Så fin smokk!
Sosialisering: Når foreldre les for barna sine, lærar dei ungane både kva som skal reknast for viktig, og kva som skal reknast for vittig. Illustrasjons

- Å, sjå! Så fin smokk!

Lørdag 2. januar, 2010

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ingenting er tilfeldig når foreldre les for småbarna sine. Medvite eller ikkje sosialiserer dei ungane til å lesa teksten på den «rette» måten.

Det er ei allment godteke sanning av det er viktig å lesa for barna sine, jamvel dei aller minste. Men kva er det eigentleg som skjer når vaksne les for eitt- og toåringar? Ingeborg Mjør ved Universitetet i Stavanger har spesialisert seg på barnelitteratur, og før jul disputerte ho for doktorgraden med ei avhandling om bildebok-lesing: «Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst».

Video av lesinga

For å finna ut meir om kva som skjer under høgtlesinga, har Ingeborg Mjør fått foreldre til å filma seg sjølve og barnet, medan dei les.

- Det høyrest ut som ein ganske original metode i litteraturforsking?

- Eg søkte etter ein annan innfallsvinkel enn den tradisjonelle litterære analysen av bildebøkene, samstundes som eg etter kvart har vorte oppteken av høgtlesing som fenomen. Korleis skapar høgtlesaren meining, forståing og engasjement?

Metodisk grip avhandlinga tak i stoffet frå fleire vinklar. Det er på den eine sida ein resepsjonsstudie, som analyserer korleis meininga i teksten blir påverka av lesaren sine interesser og røynsler. På den andre sida analyserer Mjør produksjonssida ved høgtlesinga. Lesinga blir sett på som ein kommunikasjonssituasjon sett saman av illustrasjonane i bildeboka, orda til høgtlesaren (som gjerne omfattar andre, fleire eller færre ord enn teksten i boka), i tillegg til lesaren sin røystebruk, gestar og rørsler.

- Barn som knapt har verbalspråk, kan ikkje vera enkle informantar. Korleis har du vurdert kva dei forstår av det som skjer?

- Ungane si forståing av teksten er berre i ein viss forstand tilgjengeleg, og eg har ikkje vurdert dette utelukkande kognitivt, men sett på graden av engasjement. Når barna lyttar konsentrert, avslørar dei lite, men aktive høgtlesarar inviterer gjerne barnet til deltaking. Når familiane har lese Barbro Lindgrens og Eva Erikssons «Påls smokk», spør dei til dømes «kor er smokken?» Då peikar barnet, eller gjev på anna vis uttrykk for interesse eller kjenslereaksjonar. Nokre smiler spontant når dei ser noko dei liker. Ei jente trekte opp akslene og knytte nevane når ho såg noko ho tykte var trugande.

Forventning gjev respons

Avhandlinga viser at barnet deltek når den vaksne forventar aktivitet. Då kan lesinga vera ein dialogisk praksis.

- Eg har ein tese om at foreldre intuitivt veit noko om kva som skal til for at barnet deira skal oppleva noko som meiningsfylt og interessant. Mellom anna ser det ut til at dei trur eiga røynsle er eit viktig kriterium: «Å, han har smokk. Det har du òg». Dei aktiverer ei subjektiv interesse. «Der er det ein stor hund. Du har òg møtt ein stor hund».

Høgtlesinga sosialiserer også barnet som lesar av fiksjonstekstar.

- Den vaksne rettleiar, eller modellerer, korleis ein lesar møter ein tekst. Høgtlesaren lærer til dømes barnet kodar for humor gjennom eigen røystebruk og gestar.

- I ein episk tekst er vi vande med å fokusera på ein hovudperson og på handlinga i historia. Vi er opptekne av kva kjensler hovudpersonen har, kva motiv han har for handlingane sine, og kva konsekvensar desse får. Om barna interesserer seg for marginale ting i bileta, så rettleiar foreldra dei tilbake til det som er hovudfokuset i forteljinga: «Ja, sjå der var det ein hund, ja, men no skal vi sjå korleis det går med Pål og smokken hans».

Mjør fortel også at denne rettleiinga var svært homogen. Foreldra la i all hovudsak vekt på det same.

- Så einsrettinga byrjar tidleg?

- Ja, på ein måte. Det blir gjeve klårt uttrykk for at slik skal ein lesa desse bøkene. På den andre sida er dette konvensjonar som gjer barna i stand til å tolka litteratur. Dessutan er det stort samsvar mellom handling og illustrasjonar i Pål-bøkene, til dømes. Hadde det vore frodigare teikningar med fleire element, ville ein kanskje sjå andre reaksjonar.

Sosiale faktorar

- Korleis fann du fram til familiane?

- Foreldra har gjennom ulike kanalar meldt seg sjølve. Og sidan dette er ein kvalitativ studie, har eg berre eit fåtal familiar med i undersøkinga. Det er med andre ord ikkje eit representativt utval. Dei foreldra som har rekruttert seg sjølve, er gjerne trygge i situasjonen, dei er ressurssterke, har høgare utdanning, er middelklasse og motiverte lesarar. Dei vil vera saman med barna sine, og om barnet stikk av frå lesinga, motiverer foreldra dei til å koma tilbake. Internasjonale studie stadfester at her er det skilnader både kulturelt og sosialt. Høgtlesing er ingen sjølvsagt aktivitet. I andre sosiale lag kan manglande interesse bli møtt med sanksjonar, til dømes, og høgtlesinga kan bera meir preg av å vera opplesing enn dialog. Det siste er vel også noko ein sjølv kan kjenna att frå tidlegare generasjonar. Det å involvera barnet i lesinga og utvikla sensitivitet for barnet sine interesser er relativt nytt.

Ingeborg Mjør arbeider sjølv ved førskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger, og ho meiner funna hennar vil ha interesse blant anna for dei som skal bli pedagogar.

- Alle seier det er viktig med høgtlesing, men kvifor? Eg trur eg kan gje nokre svar på det. Barn som blir leste for, ser ut til å tena på det. Dei blir sosialisert inn i ein tekstkultur. Ei av foreldra sa at ho berre «snakka i veg», når ho las for barnet. Men videoopptaket viser at ho - til liks med dei andre - umedvite rettleiar barnet kulturelt, logisk og narrativt på eit vis som går an å kategorisera. Når barn blir leste for på dette viser, vil dei kjenna att og vita korleis dei skal lesa og forstå ulike typar tekst.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT