Uforsonleg

Lørdag 2. januar, 2010
- Det kjem stadig nye døme på at Norge står svært lågt i kurs i dagens Israel. Israelske styresmakter og organisasjonar leitar tydelegvis med lupe etter saker for å kritisere Norge. På årets første dag fortalde avisa Haaretz at utanriksminister Jonas Gahr Støre har komme under eld, fordi han har skrive etterord til boka «Øyne i Gaza» av legane Mads Gilbert og Erik Fosse. Fleire månader etter at boka kom ut, midt under årsmarkeringane for Gaza-krigen, går viseutanriksminister Danny Ayalon av skaftet i utskjelling av boka og legane. Om Støre seier han: «Det er problematisk at ein representant for ei demokratisk regjering kan lovprise noko slikt». Leiaren for European Jewish Congress, Moshe Kantor, seier at Norge bør vite at Støre med slike fråsegner gir næring og støtte til terrorisme.
- Det er meir problematisk at leiande talsmenn for regimet som kallar seg Midtaustens einaste demokrati, til dei gradar syner sin forakt for demokratiske spelereglar. Ayalon fornektar ytringsfridom og retten til å delta i eit kritisk ordskifte om Israels handlemåte. Mykje tyder på at dei israelske utbrota mot eit gamalt og moderat boketterord av utanriksministeren kjem som reaksjon på at Norge nok ein gong blir knytt til «samfunnsfienden» Mordechai Vanunu, sjølv om norske styresmakter ligg så lågt som råd er. Den uforsonlege stemninga vart understreka i eit NRK-intervju i romjula med ein talsmann for den israelske ambassaden, som stempla Vanunu som ein quisling. Vanunus advokat Avigdor Feldman sa at det gjorde vondt verre at Vanunu vart taua inn etter møte med ei norsk kvinne.
- I staden for å kritisere Israel for trakasseringa av Vanunu, har Støre etter den siste episoden understreka at norske papir ikkje vil hjelpe Vanunu ut av Israel. Her har han fått støtte frå SVs leiar Kristin Halvorsen, som ikkje følgjer opp partiets internasjonale leiar Ivar Johansens krav om at regjeringa må vera meir aktiv. Det er i det rådande klima sjølvsagt ikkje lett å påverke Israel til å lette restriksjonane mot Vanunu. Men det er som Fredrik Heffermehl og Ivar Johansen seier - dei som ikkje forsøker, oppnår iallfall ingenting.










