
Arbeidarjul i hefte
Mandag 14. desember, 2009
Krigsdøden på omslaget av Klassekampens julenummer i 1915 skil seg frå det ein vanlegvis tenkjer på når ein høyrer ordet julehefte: idealiserte framstillingar av julenek, dompapar og nissar - eller julekrybber med vismenn, gjetarar og stjerner.
Den innleiande artikkelen i bladet har då heller ikkje mykje til overs for den idylliske julebodskapen som lyd frå preikestolane i adventstida. Under tittelen «Spredte juletanker» ropar den redaksjonelle kommentatoren ut at han blir «kvalm av harme» over det han tydeleg oppfattar som ein hol tradisjon. Medan den fyrste verdskrigen rasar, er bodskapen frå preikestolen juleevangeliets kjærleiksbodskap om fred på jord og å rydda hatet ut av menneskehjarta.
Ikkje juleavhengig
Klassekampen var på denne tida namnet på bladet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, seinare Norges Kommunistiske Ungdomsforbund. Juleheftet i 1915 hadde fleire politiske artiklar, med titlar som «Russlands hjerte», men også ein kunstartikkel, «Impresjonismen og Paul Cezanne», og fleire dikt av den unge døde revolusjonære poeten Thorleif Auerdahl.
- Innhaldet kunne strengt tatt vorte trykt når som helst på året, men det galdt mange av dei blada som kalla seg julehefte, seier Tom Brenne.
Han har nett gjeve ut den rikt illustrerte boka «Norske julehefter. De litterære juleheftene fra 1880 til i dag».
Julehefta kom ut til alle lesande grupper av folket. Også dei revolusjonære og sosialistiske blada var spesialiserte i eigne blad for vaksne, ungdom og barn, i tillegg til eigne kvinneblad, som alle følgde ulike parti og organisasjonar. Blant blada Brenne skriv om er Arbeidets jul (Arbeidarpartiets blad), Juleheftet Ny Tid (utgjeve av andelsforlaget Ny Tid, seinare av Internasjonalt Arbeiderforlag) og det radikale vittigbladet Hvepsens juleutgåve Julehvepsen. Arbeiderbarnas jul vart gjeve ut av Landskomiteen for den kommunistiske barnelagsvirksomhet.
I tidsrommet mellom, grovt rekna, 1900 og 1940 kom det ut mange fleire radikale julehefte med ulik levetid.
Kjende forfattarar
Til liks med dei borgarlege julehefta var også hefta knytte til arbeidarrørslas litterære blad. Arbeidets jul vart mellom anna redigert av Rudolf Nilsen i ein femårsperiode. Heilt sidan skikken med julehefte breidde seg frå 1880-talet og utover til den nådde toppen i mellomkrigstida, var det nokre av dei fremste forfattarane som skreiv der.
I kvalitetsblad som Arbeidets jul var det også i hovudsak originalskrivne tekstar. Rudolf Nilsen bidrog elles til fleire ulike julehefte. Blant arbeidarforfattarane skreiv Arne Paasche Aasen og Johan Falkberget mykje. Paasche Aasen publiserte i julehefte før han fekk gjeve ut si fyrste diktsamling.
Julehefta var også publikasjonar der debutantar slapp til, og av og til staden der nytt stoff vart prøvd ut. Oskar Braaten leverte også materiale til fleire julehefte. I Julehvepsens utgåve i 1912 stod forteljinga «Den store barnedåpen», tretten år før det litt endra skodespelet vart publisert.
- Noko av det spanande med å arbeida med julehefta, har vore å finna tidleg materiale frå kjende forfattarar, fortel Tom Brenne.
Mot Dag kom også med tre ordentlege julehefte. Her var det tett mellom sterke forfattarnamn. Blant dei var sjølvsagt redaktøren Sigurd Hoel i tillegg til Olaf Bull, Kristofer Uppdal, Nils Collett Vogt og Arnulf Øverland, og ei rad utalandske namn. Det største julenummeret til Mot Dag kom ut i 1922, og vart mellom anna meldt i Kommunearbeiderens julenummer: «[...] en vellykket avvigelse fra den sværm av borgerlige julehefter der hvert aar i stadig økende antal og tilsvarende taapeligere indhold oversvømmer markedet.»
Mange julehefte hadde også påkosta grafisk formgjeving. Frå dei fyrste blada kom ut, var det kunstnarar som både laga dei ofte fargerike omslaga og illustrerte forteljingane inne i blada. Fleire blad hadde også eigne kunstbilag. Dette galdt også dei venstreradikale, som Arbeidets jul, som nokre år hadde eit bilag måla av Oscar Grønmyra, Ernst Josephson, Christian Krohg og Asbjørn Aamodt. I Mot Dag illustrerte blant andre Reidar Aulie.
Viktig inntekt
Julehefta har ein minst like sterk sekulær- som kristen tradisjon, men kvifor laga uttrykt ateistiske- og samfunnsomveltande organisasjonar julehefte? Det enklaste svaret er at det var populært. Det organiserte samfunnslivet nådde også nye høgder i den perioden julehefta var på topp. Den revolusjonære Klassekampens julenummer hadde i 1916 eit opplag på 10.000. Det var likevel ingenting mot dei mest populære hefta. Nokre kom opp i 100.000.
Det gjorde også blada attraktive for annonsørar. Det var dels lukrativt - og i alle fall inntektssvarande - å gje ut julehefte både for forlag og organisasjonar. Og det var lukrativt å skriva i dei. Dei gav høgare honorar enn dei fleste. Brenne nemner eit døme der Johan Falkberget kravde og fekk 500 kroner for ei forteljing.
- Falkberget var, til liks med andre, heller ikkje framand for å resirkulera historiene sine i ulike hefter berre under nye titlar.
Jamvel om honorara og lesarmengda lokka forfattarane, gjekk statusen nedover med tida, jamvel om nokre, til dømes Redningsskøytas blad, heldt stand til etter krigen.
Piffen gjekk likevel litt ut av tradisjonen etter andre verdskrig med endra samfunnsforhold, radio, fjernsyn og nye inntektskjelder for organisasjonane. I dag finst det om lag 30 julehefte og tradisjonen lever i hovudsak gjennom lokale publikasjonar. Ifølgje Brenne er det ein glidande overgang mellom historielagsårbøker og julehefte, slik som i det eldste av dei enno eksisterande julehefta, Inntrønderungdommen.










