Helsefare

Mandag 14. desember, 2009
- Gong på gong har vi fått meldingar om kaos og krise i Nav. Brukarane har ikkje fått det dei skulle ha. Men det har heller ikkje vore lett å vera Nav-tilsett. Folk har jobba så mykje at dei har blitt sjuke av det, andre har gitt opp og funne seg andre jobbar. Sist veke kom rapporten frå Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) som konkluderer med at «Arbeidsmiljøet er ikke fullt ut forsvarlig for alle medarbeiderne i Nav». Kanskje hadde den skapt større ståhei om ikkje presentasjonen hadde vore synkronisert med Barack Obama og fredsprisutdelinga? Men det er heller ikkje grunn til å bli mykje overraska over resultatet. Denne undersøkinga er ei oppfølging av Arbeidstilsynet sin knusande dom over arbeidsmiljøet i Nav frå juni i år. Leiaren for NTL Nav seier til Aftenposten at der eit «tøft arbeidsmiljø i Nav», og han er uroleg for kor lenge dei tilsette greier å leva med eit så høgt trykk.
- I tillegg til dei store påkjenningane og omstillingskrava dei tilsette har vore utsette for til no, ventar enda fleire nye arbeidsoppgåver i 2010, med innføring av «arbeidsavklaringspengar» og nytt regelverk som følgje av pensjonsreforma. Finansministeren har varsla eit strammare driftsbudsjett i 2011. Kor mange gonger må dei tilsette og deira tillitsvalde ropa om hjelp før dei blir høyrde? Både Nav og arbeidet for det som skal vera «inkluderande arbeidsliv» sorterer under Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), som til no ikkje har vore høgare prioritert av regjeringa enn at det kunne vera ei tilleggsoppgåve for fornyings- og administrasjonsministeren i vekesvis.
- Skal vi tru på noko som helst offentleg snakk om inkluderande arbeidsliv, må den eigentlege AID-ministeren, Hanne Bjurstrøm, som skal trø til når klimaforhandlingane i København er over, snarast sikra at det er nok folk til å gjera det som skal gjerast i Nav, utan at dei tilsette skal risikera helsa. Alt anna er ei klar melding om at korkje brukarar eller tilsette i Nav er særleg viktige personar i dette «beste av alle land å leva i». Anten pengar til fleire tilsette, eller utsetting av nye reformer. Kanskje trengst begge delar.










