Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 24. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120524
Kultur & medier
Mandag 16. november, 2009

Filmen etter jarnteppet

Mandag 16. november, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
- Då jarnteppet fall, var det som å dra proppen ut av eit oppdemt aggresjonsnivå, seier Tor Fosse i Bergen Internasjonale Filmfestival.

Dei siste 20 åra har det komme ein flaum av filmar frå Aust-Europa som har skildra livet bak jarnteppet. Filmane har vore politiske satirar, sosiale tragediar, personlege psykologiseringar og jamvel nostalgiske komediar.

Film hadde sterke tradisjonar i mange av landa bak jarnteppet. Kva fekk slutten på den kalde krigen å seia for filmkunsten, og kva er det mest interessante som har komme opp på lerretet av dette? Klassekampen har spurt dei tre nordmennene som til saman har sett mest austeuropeisk film dei siste 20 åra, Martha Otte, Tor Fosse og Ola Lund Renolen, som alle har vore programsjefar ved den austvende filmfestivalen i Tromsø, og som i dag er høvesvis festivalsjefar i Tromsø (TIFF), Bergen (BIFF) og Trondheim (Kosmorama).

Raskt resultat

Festivalgründer og leiar for BIFF, Tor Fosse, merka frisleppet alt i 1990, året etter at Berlin-muren vart riven.

- Den første filmen eg kan hugsa eg såg, som var laga på heilt fritt grunnlag, utan at filmskaparen bad om lov, var ukrainaren Juri Ilienkos «Swan Lake - The Zone». Basert på eit manus av den opposisjonelle filmskaparen Ilienko Sergej Parajanov.

Ifølgje Fosse skjedde ikkje ting over natta, men då BIFF nyleg feira 20-årsjubileet for jarnteppets fall, kunne festivalen presentera eit utval på heile 17 høgkvalitetsfilmar som alle tok opp tema knytt til livet bak jarnteppet, og livet i desse landa etter 1989.

- Mange av oss som driv med film forventa at fjerninga av jarnteppet ville sleppa laus ei bølgje av interessante filmar, seier Ola Lund Renolen, festivalsjef for Kosmorama.

Rumensk overrasking

Ola Lund Renolen venta at Russland, med sine forteljartradisjonar, si kulturhistorie og si «gløymde» samtidshistorie ville bli det mest interessante landet.

- Det var så mykje å ta av, i dei store omveltingane som skjedde, alle dei interne motseiingane mellom dei få dei nyrike og dei mange nyfattige og så vidare. Eg såg ikkje, og det trur eg ikkje det var så mange andre som såg heller, at Romania skulle produsera den filmbølgja som sterkast tok opp og problematiserte overgangen frå livet før og etter jarnteppet.

Nokre filmar gått direkte på dramatikken rett oppunder jul 1989, då Ceausescu vart styrta og alt stod og vippa. Ingen var sikker på kva side hæren fall ned på. Radu Munteans «Blue Paper» og Corneliu Porumboius «Hvor var du egentlig?» er døme på slike filmar.

- Mange av statane bak jarnteppet brukte store ressursar på film. Tidleg på 1990-talet fall mykje av finansieringa bort og utviklinga i dei ulike landa er ujamn, men 20 år etter kan vi sjå at filmane no kvalitetsmessig er på eit like høgt nivå som før 1989, og estetisk kan ein sjå at filmane står i ein lang tradisjon. Ein kjenner att den særeigne tonen i tsjekkisk så vel som russisk film, hevdar Ola Lund Renolen.

Dei gode enno best

TIFF-sjef Martha Otte legg også vekt på at det er snakk om land med eigne sterke tradisjonar.

- Det er viktig å presisera at folk frå tidlegare austblokkland ikkje for vane å sjå seg sjølve som ei gruppe. Slik sett eksisterer ikkje «Aust-Europa». Om vi snakkar om landa som fekk ein overgang frå statleg styrt- og støtta filmproduksjon til ein filmindustri meir eller mindre dominert av marknadskrefter, så er generelt dei landa ein rekna som viktige filmland då, også viktig i dag. I dag har mykje jamna seg ut, men dei første 1990-talet var preget av mange nye talent. I Tsjekkia var ei bølgje av produsenttalent med på å forløysa mange nye filmskaparar.

Tematisk meiner Otte det er endå vanskelegare å generalisera.

- No, som før, står kunstfilmen sterkare i denne regionen enn i resten av Europa. Dei store rumenske sosialrealistiske suksessane frå de siste åra viser berre kor vanskelig det er å generalisera.

Blant dei rumenske sosialrealistiske filmane som har vorte viste i Noreg, er «Lazarescus død» av Cristi Puiu og «Fire måneder, tre uker og to dager» av Cristian Mungiu. Snart kjem også «Historier fra gullalderen» på kino.

Katolikkar og Kusturica

- I jarnteppetida var Polen og Ungarn - dei to «katolske» landa i det tidlegare Aust-Europa - fremst i kvalitetsproduksjon. Men også bosniaren Emir Kusturica stod i fremste line i tida rett før jarnteppet fall, meiner Tor Fosse.

Han viser til Kusturicas 1980-tals filmar «Når pappa var på forretningsreise» og «Sigøynernes tid».

- Eg vil likevel gjerne dra fram en mann som Goran Paskaljevic i Beograd («Noen annens Amerika») som eit stort talent og likeeins Lucian Pintilie («Balanta») i Romania, som ein meisterregissør, for å nemna nokre store namn.

Tsjekkiske Bohdan Sláma er ein av favorittane til Ola Lund Renolen.

- Han står i ein klassisk tsjekkisk tradisjon, med sin «buskishumor» og lette handsaming av alvorlege tema. Likevel er det ein russar som ragar over alle, om eg først skal velja. Det er Andrei Zvyagintsev. Med «Tilbake» og ”Forvist” står han fram som ein ny Andrei Tarkovskij.

Innenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Knuser Høyres LO-drøm

Knuser Høyres LO-drøm

SMELL: Nytt Civita-notat stikker kjepper i hjulene for Høyres flørt med fagbevegelsen. Tenketanken slår fast at fagorganiserte velger rødgrønt, og at folk flest støtter fagbevegelsen.
Utenriks
Torsdag 24. mai, 2012
Venter spent på ny framtid

Venter spent på ny framtid

LØFTE: Mange egyptere venter spent på om det regjerende militærrådet vil gi fra seg makten etter valget. Overfor Klassekampen antyder general ­Mohammed al-Assar at løftet vil bli holdt.
Kultur & medier
Torsdag 24. mai, 2012
- Snevert menneskesyn

- Snevert menneskesyn

Katrine Kielos har skrevet bok om hvordan mannen er blitt norm for økonomien. Hun mener vi må begynne å se økonomien med nye øyne.
Dagens leder
Torsdag 24. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Lykke til!

Lykke til!

Dagens leder
Powered by eonBIT