Inkluderande

Mandag 16. november, 2009
- Avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA) går ut ved årsskiftet, partane i arbeidslivet har blitt samde om å forlengja den i to månader før dei går inn i drøftingar om kva som skal skje vidare med avtalen. Noko av grunnen til den mellombels forlenginga skal vera at målet om 20 prosent reduksjon av sjukefråværet ikkje er nådd. Kven har trudd at dei skulle nå dette målet? Det har vore relativt små endringar i sjukefråværet dei siste tiåra, i 2008 var det om lag som i 1978. Den gongen hadde Noreg råd. I rapporten som skal gi grunnlag for nye IA-drøftingar, blir fastlegane kalla «portvakt». Meiner LO, YS, Unio og Akademikerne at fastlegen skal få jobben med å kutta utgifter når politikarane synest at sjukefråværet kostar for mykje? Fastlegen si oppgåve må vera å sjukmelda så lenge pasienten treng det av medisinske grunnar. Skal fastlegen tenkja meir på trygdebudsjettet enn på kva som gjer pasienten frisk, ser det ille ut.
- Kanskje trengst ei påminning om at IA-avtalen har tre mål, og at desse måla sprikar i ulike leier? Målet om redusert sjukefråvær står i klar motsetnad til målet om å inkludera arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og å få folk til å stå lenger i arbeid før dei går av med pensjon. Ein rullestolbrukar treng ikkje ha høgare sjukefråvær enn andre. Men i den samansette gruppa av folk med funksjonshemmingar er òg kronisk sjuke, som må rekna med eit noko høgare sjukefråvær enn gjennomsnittet. Det gjeld også eldre arbeidstakarar. For menneske med redusert funksjonsevne er inkluderinga framleis ein visjon.
- Det einaste IA-målet som er nådd, er å heva pensjoneringsalderen med seks månader. Om dette er eit resultat av IA-avtalen eller av andre forhold, veit vi ikkje, men har det blitt lagt til rette for at folk som ønskjer det, kan stå lenger i jobb utan press, må det vera all grunn til å vera nøgd med det. Dersom «inkluderande arbeidsliv» er alvorleg meint, må ein retta søkjelyset mot eit arbeidsliv som støyter folk ut i aukande tempo. Inkluderande arbeidsliv må handla om å gi fleire høve til å gjera ein jobb, også dei som ikkje kan vera 150 prosent effektive heile tida.










