- Biblioteka er dels fullstendig uhøveleg organiserte for å møta digitalisering og e-bøker, seier Morten Harry Olsen.
REFSAR: - Digitaliseringa pressar gjennom ei reform av biblioteksektoren, hevdar Morten Harry Olsen, som har skrive ein rapport om e-boka for Kulturrådet. |
- Den norske biblioteksektoren er svært oppsplitta. Folkebibliotek, skulebibliotek, universitetsbibliotek og nasjonalbibliotek. Nokre fell inn under kommunane, andre under fylka eller staten. På den kommersielle sida har biblioteka ei rad ulike systemleverandørar. Dette dug ikkje når e-boka kjem. Den krev nasjonale løysingar. Einskildbibliotek kan ikkje lenger ha kvar sin heimesnikra nettportal, då vil litteraturen bli usynleg, og breidde og kvalitet vil bli lidande.
Det er forfattaren Morten Harry Olsen som kjem med denne salva. Som mangeårig medlem av Kulturrådets faglege utval for litteratur har Olsen nett levert frå seg ein rapport om e-boka og innkjøpsordninga.
Biblioteka er bøygen
I Olsens rapport «E-boka og innkjøpsordningene» har biblioteka ei hovudrolle. Biblioteka er bøygen for digitaliseringa av litteratur i Noreg, blir det hevda i rapporten. Biblioteka blir ifølgje Olsen «fildelingssentralar» i vidaste tyding av ordet. Teknologiske løysingar som tryggjar opphavsretten og økonomien til forfattarar og forlag, er ei side av saka. Men digital distribusjon via internett krev nasjonal koordinering og ordningar for boklån, motsett dei bibliotekspesifikke lånekorta vi har i dag. Ikkje minst blir det utfordringar for formidlinga, når dei fysiske bokeksemplara forsvinn.
Formidling endå viktigare
Olsen hevdar at digitaliseringa vil gjera formidlingsoppgåva til biblioteka «uendeleg mykje» viktigare enn før, anten det gjeld skjønnlitteratur, sakprosa eller fagbøker. Det gjeld ikkje minst for bøkene som blir distribuerte gjennom Kulturrådets innkjøpsordning.
- Det er ingen løyndom at mange bibliotek klagar over at dei må ta imot alle bøkene frå innkjøpsordninga, når det er fleire eksemplar av bestseljarane lånarane spør etter. Men no er det slik at det offentlege har tatt på seg eit ansvar for spreiing av kvalitetslitteratur, og for å oppretthalda denne ordninga må vi driva formidling, elles blir det føremålslaust.
Morten Harry Olsen er oppteken av at e-boka vil bli eit meir flyktig og usynleg produkt.
- Innkjøpsordninga må supplerast med mekanismar som styrkjer formidling av kvalitet og mangfald. I biblioteka vil bibliotekarrolla også bli heilt endra. Ein må kunne formidla innhald, rett type søking og driva kundehandsaming på eit heilt anna nivå.
- Stopp krangelen
Slike sentrale problemstillingar kjem i tillegg til dei organisatoriske utfordringane med biblioteka, meiner Morten Harry Olsen.
Kulturdepartementet har i Bibliotekmeldinga gjeve Nasjonalbiblioteket eit hovudansvar i bibliotekdigitaliseringa, eit ansvar som elles formelt ville høyrt heime i statens organ for samordning og strategisk styring av bibliotekfeltet, ABM-utvikling. Dei siste vekene har det gått ein debatt i Klassekampen mellom Nasjonalbiblioteket på den eine sida og bibliotekdirektørar og Bibliotekforeninga på den andre, der ansvar for og pengar til digitalisering og formidling har vore sentrale problemstillingar. Morten Harry Olsen oppmodar bibliotekfolk til å slutta å krangla seg i mellom.
- I eit så lite land, der biblioteka har så samanfallande interesser, er det vonlaust at det går føre seg ein slik dragkamp. Biblioteksektoren er mogen for reform, og eg vonar digitaliseringa vil yta sitt til at det veks fram ei erkjenning av at ei slik reform er naudsynt.