
125 år og like stride
Torsdag 12. november, 2009
Da Norsk Kvinnesaksforening (NKF), den eldste av dei norske kvinnesaksorganisasjonane, var nesten 100 år, kom kvinnefrigjering inn i formålsparagrafen. Ved 125-årsjubileet er målet framleis «kvinnefrigjøring og reell likestilling mellom kjønnene».
På dagen 125 år etter at eit stort oppslag i dei større avisene oppmoda publikum til å teikna medlemskap i Norsk Kvinnesaksforening, er det festmøte i Oslo.
Statistikk
Torild Skard har vore leiar for organisasjonen sia 2006.
Skard, som sjølv har ei merittliste som første kvinne i fleire internasjonale posisjonar, både i Unicef og Unesco, er ikkje imponert over korleis internasjonal statistikk blir brukt til skryta av Noreg.
- Dei bruker statistikk frå UNDP (FN sin organisasjon for utvikling, journ. anm.) som er laga for å måla utvikling av utdanning, helse og inntekt i utviklingsland. Alle dei rike landa er på topp. Vi er på topp fordi vi gjennom tidene har utbytta dei andre. Denne statistikken seier ingenting om rettferd, fordeling, haldningar og kultur, det er juks å bruka den slik det blir gjort, seier NKF-leiaren.
Førre året tok ho initiativ til ein skuggerapport til FN om likestillingssituasjonen i Noreg. Den gav eit anna bilete enn rapporten den norske regjeringa sende frå seg.
Alt heng i hop
Når vi spør om den viktigaste kampsaka etter 125 år, får vi ei liste i seks punkt:
Halve makta, eit kvinnevennleg samfunn, lik inntekt for kvinner og menn, råderett over eigen kropp, kjønnsrettferdig omsorg til barnas beste og søstersolidaritet.
- Kvinnekampen handlar framleis om makt, ressursar og verdsetting, seier Skard.
- Kva er skilnaden på kvinnefrigjering og likestilling?
- Likestilling stod sentralt heilt frå NKF vart stifta, og kravet om lik røysterett var ei hovudsak. Seinare har vi skjønt at den formelle likestillinga ikkje er nok, det må meir til for å få reell likestilling. Kvinnefrigjering er eit viktig uttrykk for at kvinner skal få utvikla seg på eigne premissar. Målet er ikkje å «bli som menn» eller å gjera det same som menn.
Farsrolle og morsrolle
- Det er sjølvsagt at kvinner og menn skal ha like rettar som samfunnsborgarar og at kvinner skal verdsetjast like høgt som menn, men det blir gale å seia at mor og far har like roller i forhold til barn. Dei har ulike, men viktige roller, forklarer ho.
Og dermed er vi midt i ei aktuell sak som har vekt stort engasjement også i NKF, deling av foreldrepermisjonen.
Etter grundige diskusjonar kom NKF fram til at tredeling av foreldrepermisjonen er greitt dersom den samla permisjonen er eitt og eit halvt år.
- Vi er einige om meir permisjon til far dersom det kjem i tillegg til mor sin permisjon, men ikkje dersom far skal få permisjon i staden for mor, seier Skard.
Ho vart «himla forskrekka» da ho vart klar over kor dårleg barselomsorgen er i 2009.
- Dei som skal bli mødrer, får full oppbakking gjennom svangerskapet, men når fødselen er over, skal dei raskast mogeleg ut frå sjukehuset til ingenting. Krise i kommuneøkonomien og sjukehusøkonomien rammar dei nybakte mødrene på uforsvarleg vis, seier NKF-leiaren.
Omsorgsvennleg arbeidsliv
Seminar om likestilt foreldreskap har vekt interesse for NKF hos ein del yngre kvinner.
- Arbeidslivet er vanskeleg i det store og heile. Det må bli meir omsorgsvennleg. Kvifor skal det vera så vanskeleg å nå fram med kravet om kortare arbeidsdag? Vi treng meir regulering av arbeidsvilkåra og arbeidstida, altfor mykje blir overlate til partane i arbeidslivet, seier Skard.
Ho trur heller ikkje likelønnsspørsmålet blir løyst med at det blir overlate «til partane».
- Det ligg i saka at dei svakaste er dei svakaste heile vegen, dei når ikkje fram, heller ikkje når ansvaret blir lagt hos «partane». Staten må ta eit aktivt ansvar for ein dialog for å få til den endringa som trengst, seier Skard.
- Mykje står att
- Vi har framleis sterke patriarkalske trekk i samfunnet. Maktutgreiinga viste at i leiande posisjonar er fire av fem menn, og kvinners inntekt er framleis ikkje meir enn to tredelar av menns inntekt, så det er klart det enno er mykje som står att, seier Skard.
Men noko har gått framover.
- Ser eg på mine eigne besteforeldre, veit eg at bestefar (Halvdan Koht, red. anm) skreiv 43.000 sider medan bestemor mest stelte hus og barn. Noko har endra seg. Men kvinnefrigjering er eit mykje større prosjekt enn nokon visste da kvinnekampen starta, seier NKF-leiaren.










