jubileumsnummer: - Den liberale vendinga har gått for langt, meiner Francis Sejersted. Han skriv om dette i Nytt Norsk Tidsskrift sitt 25-årsjubileumsnummer, som blir lansert i dag. |
- Det er ein tendens til å definera stadig meir som rettar, som kan prøvast for ein domstol. Til dømes EU/Efta-domstolen eller Den europeiske menneskerettsdomstolen. Den utviklinga fører til at ein fråskriv seg høvet til å driva aktiv politisk styring, seier professor Francis Sejersted.
I 25-årsjubileumsnummeret av Nytt Norsk Tidsskrift, som kjem ut i dag, går Sejersted gjennom både norsk politisk historie og sitt eige syn på tilhøvet mellom rett og politikk. I artikkelen «Den liberale vending» tar Sejersted til orde for at nettopp den vendinga, som han sjølv har vore ein ivrig talsmann for, har gått for langt.
Demokratisk forvitring?
Den kjende konservative ideologen har alltid argumentert konsekvent prinsipielt mot sosialdemokratisk styringsiver og for at statens handlingsområde skulle innskrenkast. Liberaliseringa under høgrebølgja på 1980-talet var ifølgje Sejersted ein «frihetsrevolusjon». Den tidlegare leiaren av Ytringsfridomskommisjonen meiner denne revolusjonen har gjeve oss eit langt meir ope samfunn, som igjen har styrkt demokratiet. Trass denne optimismen stiller Sejersted seg bak maktutgreiar Øyvind Østeruds konklusjonar om europeiseringa av norsk politikk fører til demokratisk forvitring.
- Mange synest det er merkeleg at eg kjem fram med slike synspunkt, men som historikar ser eg det dialektiske samspelet mellom rett og politikk, og den internasjonale utviklinga går i lei av eit demokratisk underskot. Politisk makt blir bunde av rettsleggjering. Faktisk har dette gått så langt at Menneskerettsdomstolen er i krise. Domstolen har vorte eit offer for sin eigen suksess. Den får inn altfor mange saker, som burde vorte avslutta på nasjonalt nivå.
Domstolane skapar rett
Det er særleg to forhold Sejersted finn «betenkelig» med den vidtgåande rettsleggjeringa i EU.
- Både Menneskerettsdomstolen og EU/Efta-domstolen nyttar ein omfattande dynamisk tolkingsmetode av lovverket. I den grad retten glir frå å vera rettstolkande til rettsskapande, kan vi snakka om ein tendens til ei politisk instrumentalisering av retten. Verre enn følgjene dette kan få for rettstryggleiken, er at den europeiske integrasjonsstrukturen tenderer mot å undergrava politikkens demokratiske grunnlag. Det demokratiske sjølvstyret er knytt til nasjonale lovgjevande forsamlingar, medan rettsinstansane er overnasjonale. Stortinget blir sett på «sidelina» på eit stadig breiare felt, jamvel om det er dei som i utgangspunktet har plassert oss på innsida av prosessen, som Østerud skriv.
Liknande innvendingar mot manglande demokrati i EU vart reist av den tyske forfatningsdomstolen i sommar, då Tyskland skulle ratifisera Lisboa-traktaten. «EU er ikkje ein demokratisk stat, og EU-parlamentet er ikkje ei skikkeleg lovgjevande forsamling,» hevda forfatningsdomstolen, som tilrådde at bremsene vart sette på den europeiske integrasjonsprosessen. Noko Sejersted sluttar seg til.
- Kan denne maktforskyvinga frå Stortinget til internasjonale domstolar føra til ei politisk legitimitetskrise, lik dei krisene du har påpeikt låg til grunn for tidlegare regimeskifte i norsk historie?
- Nei, det veit eg ikkje. Eg meiner EU må freista å løysa problema. Varskuet frå den tyske forfatningsdomstolen, om å setja ned integrasjonstempoet, er positivt. Innanfor EU ser ein også blant anna ein del sosialdemokratiske initiativ til å utvikla demokratiet i unionen.
Liberal «tenketank»
Francis Sejersted har vore ein del av redaksjonen i Nytt Norsk Tidsskrift sidan oppstarten i 1984. Saman med no avtroppande redaktør Rune Slagstad har han gjort tidsskriftet til eit organ for debatt kring liberalisme i «normativ, rettslig og politisk forstand», som Rune Slagstad formulerer det i siste nummer av tidsskriftet. Høgremannen Sejersted og SV-aren Slagstad fann felles grunn i interessa for å utforska det liberale ut frå kvar si samfunnsforståing, den konservative og den sosialistiske.
Sejersteds artikkel «Den liberale vending» er ikkje berre ei oppsummering av Sejersteds eigen posisjon, men av ein debatt som har følgt tidsskriftet frå første nummer. Det kan oppsummerast som debatten mellom rettsstat og demokrati.
- I daglegtale skil vi sjeldan mellom rettsstat og demokrati. Du set opp ei motseiing mellom dei og knyter dei til omgrepa negativ (rettsleg) og positiv (politisk) makt. Kva oppnår du med det?
- Dette er omgrep som er dårleg forstått også av statsvitarar. Politisk makt er positiv makt til å ta initiativ. Likevel er det slik at ved til dømes grunnlovsendringar kan eit mindretal blokkera vedtak. Dette er ein negativ maktposisjon som er innebygd i det politiske systemet for å binda den positive makta og verna om mindretalets interesser. Ei slik binding av makta er eit viktig moment i den liberale staten.
Sejersted er oppteken av at eit liberalt standpunkt ikkje er det same som eit liberalistisk standpunkt.
- Liberalistane, særleg uttrykt gjennom Thatcher og Reagan, legg hovudvekt på ein avgrensa stat, fråvær av hindringar for valfridomen. Dette er ikkje karakteristisk for ein politisk liberal posisjon. Dei politisk liberale vil ha garantiar mot vilkårleg maktbruk. Binding - og ikkje avgrensing - av den politiske makta er difor det både Rune Slagstad og eg har vore særleg opptekne av, som eit vern av fridom og rettar.
- Du nyttar Alta-saka som døme.
- Ja, eg meiner den illustrerer det Jon Elster har kalla «fleirtalsbrutaliteten».
Då utbygginga av Alta-vassdraget var oppe i Stortinget for tredje gong i 1980, hevda SVs Stein Ørnhøi at det ikkje fanst legitimitet for utbyggingsvedtaket. Sett opp mot samiske minoritetsrettar påstod Ørnhøi at fleirtalet ville insistera på at «makta har rett».
- Det ligg ein historisk ironi i dette. Ørnhøis argument var som henta frå striden kring parlamentarismen i 1884, men «venstre» og «høgre» hadde skifta plass. Argumenta til Ørnhøi følgde resonnementa på embetsmannssida: Johan Sverdrups «all makt i denne sal» vart imøtegått av T.H. Aschehoug som åtvara mot «Statens ubegrænsede Magt og Ret» - nett som Ørnhøi gjorde i Alta-saka.
Etterlyser fridomsdebatt
Sejersted skriv at då den liberale vendinga kom på 1980-talet, var det også eit opprør mot sosialdemokratisk paternalisme. Det argumentet vart også erkjent på ulike vis av leiande skandinaviske sosialdemokratar. Dei freista å koma kritikken i møte gjennom Ingvar Carlssons (tidlegare statsminister i Sverige, red. anm.) «frihetstal» og Gro Harlem Brundtlands «Aksjon Frihet».
- Som Tony Judt har uttrykt det, så leitte den kriseråka politiske venstresida i Europa etter eit nytt vokabular kring 1980. Det «nye» viste seg å vera gammalt: Dei fann att 1800-talet sin konstitusjonalisme, som fekk dei til å byta ut «likskap» med «fridom».
- Valfridom var det både Brundtland og Carlsson enda opp med, men dei gjekk ikkje inn i det problematiske med fridomsomgrepet. Dei definerte ikkje kva fridom er. Dei såg ikkje at det kunne stå i motstrid til sosialdemokratisk ideologi, som baserer seg på eit positivt fridomsomgrep, ein fridom til å utøva kontroll over eige liv. Og i forlenginga av det: kollektivt sjølvstyre. Snarare minner valfridom meir om liberalistane sitt negative fridomsomgrep: fridom i form av fråvær av hindringar.
- Dette er ein debatt som også vil måtte koma opp på nytt i tida framover, seier Sejersted.
Sjølv meiner han at det er eit dialektisk forhold mellom dei to fridomane, og at det er den positive fridomen og den politiske makta som ligg under nett no - om ein ser det i eit europeisk perspektiv. «Kampen mot flertallsbrutaliteten var aldri ment å være en kamp mot flertallsstyret,» som han skriv i artikkelen.
- Det handlar om ikkje å kasta barnet ut med badevatnet.