Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Innenriks
Fredag 23. oktober, 2009
Fare for illegale returar
Tak over hovudet: Asylsøkjaren «M» har budd i Noreg, men bur no på ein madrass under eit hus som er under bygging. Bileta er frå Klassekampens reportasjetur tidlegare i år.

Fare for illegale returar

Fredag 23. oktober, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
FLYKTNINGAR: Noreg kan bryta FNs flyktningkonvensjon ved å returnera asylsøkjarar til Hellas. Det går fram av ein ny rapport.

Flyktningar som blir returnerte til Hellas etter å ha søkt asyl i andre europeiske land, blir utsette for ein vesentleg risiko for å bli deporterte frå Hellas utan at det blir vurdert kva dei treng av vern. Det går fram av rapporten «Out the Back Door: The Dublin II and illegal deportations from Greece» som vart lagt fram i går.

Helsingsforskomiteen, Noas (Norsk organisasjon for asylsøkere) og den greske organisasjonen AITIMA står ansvarlege for rapporten.

- I denne rapporten har vi dokumentert korleis asylsøkjarar saman med andre immigrantar blir samla opp av politiet og frakta til den tyrkiske grensa ved Evros nord i Hellas. Mangelen på grunnleggjande rettstryggleik i Hellas er den viktigaste årsaka til at dette kan skje, på same tid som Hellas fører ein politikk der dei deporterer immigrantar utan at dette på nokon måte er regulert av formelle prosedyrar, seier Morten Tjessem, generalsekretær i Noas.

- Storberget må gripa inn

Noas og Helsingforskomiteen utfordrar justisminister Knut Storberget, som nyleg har overtatt ansvaret for asylpolitikken, til å gripa inn og stansa desse returane.

Ifølgje organisasjonane bak rapporten kan Noreg kan gjera seg skuldig i brott på FN sin flyktningkonvensjon ved å returnera asylsøkere til Hellas.

Deporterte i mørkret

Rapporten «Out the Back Door ...» presenterer historier frå asylsøkjarar som er deporterte over grensa til Tyrkia i nattemørkret og som ikkje har nokon sjanse til å få vurdert i noko europeisk land kva dei treng av vern. I Tyrkia har dei ein vesentleg risiko for å bli sende vidare til heimlandet.

Berit Lindemann, informasjonsleiar i Helsingforskomiteen, minner om at mykje har vore kjent tidlegare om mangelen på rettstryggleik for dei som søkjer asyl i Hellas.

- No har vi i tillegg dokumentasjon på at det skjer illegal deportasjon til Tyrkia. Sjølv menneske som har ein gyldig asylsøknad i Hellas, og som etter alle reglar har krav på å få den behandla i Hellas, har blitt offer for slik deportasjon, seier Lindemann til Klassekampen.

Braut konvensjonen

Ho understrekar alvoret i at alle som blir returnerte til Hellas etter Dublin II-forordninga risikerer det same.

- Dette skuldast både at det ikkje blir tatt omsyn til asylsøknaden, og at dokument ikkje blir undersøkte.

Asylsøkjarane har ingen klageinstans. Det gjer returen i seg sjølv illegal, seier Lindemann.

Forbodet mot tilbakesending til område der flyktningen kan risikera forfølging, såkalla non-refoulement, er hjørnesteinen i asylretten. Dette gjeld også indirekte, noko som gjer Noreg medansvarleg dersom land som Hellas og Tyrkia vidaresender flyktningar til forfølging.

- Dette er ikkje eit innvandringspolitisk spørsmål, men eit klart menneskerettsspørsmål. Korkje Noreg eller andre europeiske land kan vedta seg bort frå sine internasjonale plikter, seier Lindemann.

Den norske regjeringa har i seinare tid gjort retur av såkalla Dublin-flyktningar til Hellas til ein sentral del av innstrammingstiltaka overfor asylsøkjarar.

Une: Først nei, så ja

Utlendingsnemnda (Une) sa i februar 2008 nei til returar til Hellas, men tok opp att behandlinga av slike saker i mars i år. Une uttalte da i ei pressemelding at «det foreligger fakta om asylsaksbehandlingen i Hellas som tilsier at noen sider ved greske myndigheters behandling av asylsøkere er problematisk».

Etter at 16 slike saker hadde blitt behandla i Une våren 2009, konkluderte ein med at «det ikke på generelt grunnlag kan sies å være utilrådelig å returnere asylsøkere til Hellas. Alle saker er vurdert individuelt, og klagerens ressurssituasjon har vært av betydning. Nemndene så hen til mottaksforholdene, uten at dette fikk betydning for resultatet.»

Det vart lagt til at det kan være grunn til å skilja mellom personar som blir vurderte som særleg sårbare og friske arbeidsføre vaksne. I alle vedtaka vart det vidare lagt vekt på at greske styremakter i kvar einskild sak har gitt garanti om at vedkommande vil få tilgang til asylprosedyren ved retur til Hellas.

Den nye rapporten dokumenterer på nytt at «asylprosedyren i Hellas» for svært mange asylsøkjarar ikkje er nokon realitet.

Det lykkast dessverre ikkje å få nokon kommentar frå justisministeren eller Utlendingsnemnda til denne saka i går.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT