Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209

Kampen over?

Kampen over?

Mandag 12. oktober, 2009

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

n Sia sjukehusreforma, eller helseføretaksreforma, vart sett i verk for snart åtte år sia har motstanden mot denne måten å organisera sjukehusa på, berre auka. Sjukehusa fekk ei organisasjonsform vel tilpassa nyliberal økonomistyring. Suksesskriteria ligg i å unngå «raude tal» meir enn i å oppfylla innbyggjarane sine ønske om gode helsetenester. Dette har ført til brei støtte til Folkebevegelsen for lokalsykehusene, og innafor fagrørsla har Fagforbundet markert seg som ein klar motstandar av reforma. Alt i 2001 sa ein samrøystes LO-kongress nei til føretaksreforma. På LO-kongressen sist vår gjekk Fagforbundet i spissen for å krevja at sjukehusa blir lagde under forvaltinga.

n Etter at fagrørsla har gjort sitt for å sikra nye fire år for den raudgrønne regjeringa, slår den nye regjeringsplattforma fast at «foretaksmodellen for spesialisthelsetjenesten videreføres». Med andre ord, ikkje ein flik av det oppgjeret med den nyliberale økonomistyringa som fagrørsla og andre har stilt sterke krav om. Rett nok står det i erklæringa at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, men kva innhald lokalsjukehusa skal ha, finst det ingen garantiar for. Som omtalt i Klassekampen sist fredag, er det påfallande stille frå Fagforbundet. Pressemeldinga da regjeringserklæringa kom, konkluderte med at «Fagforbundet forventer (...) at man fortsetter å ligge på dagens lave nivå i bruk av private kommersielle sykehustjenester». Men ikkje eit ord om det overordna spørsmålet om organiseringa av sjukehusa.

n Vi veit ikkje kven som har snakka saman på kva for bakrom, men vi reknar med at motstanden mot den nyliberale økonomistyringa av sjukehusa er like stor som før valet, både blant fagorganiserte i og utanfor sjukehussektoren og blant dei som er avhengige av sjukehusa for å kjenna seg trygge i kvardagen. Om det kjem ei ny samhandlingsreform blir det ikkje mindre aktuelt å bli kvitt helseføretaksmodellen. Vi ser fram til landsmøtet i Fagforbundet i november. Det kan vel ikkje vera meininga at fagrørsla skal fråskriva seg alt ansvar for ein vidare kamp mot føretaksreforma?

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT