
- Må vera «ein av gutta»
Tirsdag 13. oktober, 2009
Kristin Lund, den første norske kvinna som har blitt generalmajor, sa nyleg til Dagbladet at ho trur det er mykje lettare for kvinner å komma inn i Forsvaret no enn da ho kom. Målsettinga om 15 prosent kvinner i Forsvaret er ikkje ny, men langt frå oppfylt.
- Forsvaret er ein organisasjon som tradisjonelt har vore bygd av menn for menn. Soldatrolla er sterkt maskulin. Når gutar er gutar, blir det eit spesielt miljø, seier sosialantropolog Ole Magnus Totland.
Han har gjort ein studie av kropp, kjønn og identitet i Telemark bataljon, dei spesialtrente norske soldatane som blir sende på Nato-oppdrag utanlands. Som deltakande observatør var Totland både kjønnsforskar og soldat, under trening i Noreg og ein kort periode i Afghanistan, til saman eit halvt år.
- Kvinner blir oppfatta som sosial støy. Det kunne blitt eit realityshow utan like, seier sosialantropologen om ei tenkt jamn kjønnsfordeling i Telemark Bataljon.
Sterke menn
Forskaren har gjennom heile prosjektet observert og registrert korleis maskuline idear pregar det spesielle fellesskapet som utviklar seg.
- Det er ei misforståing å tru at soldatar ikkje har kjønn, seier han.
Eit gjennomgåande svar på spørsmålet om det kunne vera rom for jenter i laget, er skepsis til om dei er sterke nok:
«… jenter kan ikke gjøre den jobben vi gjør. Vi har så mye tungt utstyr og opererer jo ganske hardt når vi er ute, og det er nå en gang sånn at damer er laget sånn at de er svakere enn oss gutta. Jeg har i alle fall til gode å se ei jente som klarer å gjøre den jobben jeg gjør like godt som meg, jeg tror bare ikke det hadde funka,» seier Erlend.
Om lag 500 norske kvinner og menn tenestegjorde i heile Telemark bataljon i februar 2008. Av dei var tolv kvinner, dei fleste av desse i administrative oppdrag. I den gruppa Totland følgde, var det ingen kvinner.
Sjølvrealisering
Telemark bataljon er ei profesjonell hæravdeling, med verva og mellombels tilsette soldatar. For å bli godtatt, må ein ha fullført førstegongs militærteneste og passera krevjande fysiske testar. Berre dei sterkaste slepp inn, og dei må heile tida stadfesta at dei held mål. Langvarige øvingar med krevjande fysisk aktivitet, lite mat og lite søvn er ein viktig del av opplæringa.
Totland meiner det er viktig å sjå på det særeigne med det fellesskapet som blir utvikla i ein slik samanheng.
- For mange av desse gutane i 20-åra er denne tenesta viktig sjølvrealisering. Dei søkjer spenning og dyrkar militærlivet. Friluftslivet er viktig, dei får naturopplevingar dei aldri elles ville fått. Jobben har ei meining, og det er feil å tru at det berre er pengar som er drivkrafta for dei som søkjer seg til Telemark bataljon, seier han.
Aldri «ein av gutta»
Det sosiale synast å vera minst like viktig som fysisk styrke i spørsmålet om kvinner inn i troppen.
«Ei jente kan jo liksom aldri bli en av gutta, det sier jo seg selv. Vi hadde jo ei her, men hu ble aldri en av gutta, selv om hu var dyktig i jobben sin og var til stede i det som skjedde sosialt,» seier Are.
Berre tanken på kvinnelege innslag i soldatkvardagen er i seg sjølv skremmande:
«Jeg har aldri hatt noen problemer med at folk lukter svette, men det lukter jo faen meg parfyme langt nedi trappa. Dette er en militæravdeling for faen!» seier Chris.
«Vi hadde nok kanskje hatt sunt av å ha noen jenter i troppen, men egentlig så er jeg jævlig glad for at vi ikke har det. Du slipper faktisk unna en del faktorer, sånn som forhold og forelskelse. […] Jeg har vært borti det flere ganger før, og der det er jenter så er det som regel knulling, det er bare å være ærlig på det,» seier Petter.
Totland meiner dei har eit poeng. Det kunne gå utover styrken i fellesskapet om det vart kjærastepar blant soldatane.
- Du kan prøva å få denne gjengen til ikkje å tenkja på sex, seier han.
Seksualitet
I det maskuline fellesskapet er fleip og snakk om sex viktig. Sexhistoriene kring leirbålet bind dei saman. Språket er direkte nok, men tabua er strenge. Levande kvinner til stades ville vore forstyrrande, og enda sterkare er sperrene mot homoseksualitet. Det er viktig å stadfesta at ein er heterofil. Berre få kjente til at det fanst nokon homofile i bataljonen. Ingen visste om nokon som var opne om dette.
«Men only»
Totland synest han gjennom dette arbeidet har fått understreka kor viktige dei kroppslege erfaringane er. Han meiner at dersom Forsvaret skal ta sine eigne målsettingar om fleire kvinner og meir likestilling på alvor, krev det ekstraarbeid, både med haldningar og med praktiske forhold.
- Sjølvsagt skal det vera kvinner i Forsvaret, men eg er ikkje sikker på om dei skal vera i dei operative avdelingane i Telemark bataljon, slik forholda er i dag. Når det røyner på, handlar det om tryggleiken for fellesskapet. Ein kan ikkje arbeida for likestilling på ein måte som går utover tryggleiken, seier forskaren.
Han meiner Forsvaret og forsvarsstyremaktene bør stilla spørsmålet om likestillinga skal vera ein konsekvens av ein lovfesta rett til deltaking, eller om likestilling berre er ein ønska strategi i den grad Forsvaret og den einskilde avdelinga ser ein militær nytteverdi i kvinna og det kjønnet ho representerer.
- Vil ein ha kvinner inn i organisasjonen, må ein også gjera soldatrolla attraktiv for kvinner som ønskjer å vera kvinner, ikkje berre for kvinner som ønskjer å vera menn, seier sosialantropologen.










