Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Lørdag 3. oktober, 2009
Liknar ingen andre
MERZBAU: - Først når du går inn i Merzbau, forstår du Kurt Schwitters, meiner direktør ved Henie Onstad Kunstsenter, Karin Hellandsjø. Her utforskar publikum Merzbau-Hanover. Rekonstruert på Høvikodden av den sveitsiske scenedesignaren Peter Bisegger.

Liknar ingen andre

Kurt Schwitters er med sin Merz-kunst ei eiga retning i kunsthistoria. Han bygde sine Merzbau også i Noreg, som han elska. Diverre var forelskinga einvegs.

- Først når du går inn i Merzbau, forstår du Kurt Schwitters, seier Karin Hellandsjø, direktør ved Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden utanfor Oslo.

Det har ho kanskje rett i. Abstrakte collagar av kvardagsmateriale, naivistiske nonsensdikt og proklamasjonar om å «frigjera bokstavane frå orda sitt tyranni» kan verka like framandt i dag som då det var verkeleg nytt og dels provoserande, etter 1. verdskrigen. Den tidlegare naturalistiske målaren Kurt Schwitters (1887-1947) var blant dei som let seg inspirera av den antiborgarlege dada-rørsla. Ein reaksjon mot storkrigen og ei søking etter nye uttrykk å skildra verda med. Eit frampeik mot andre avantgarderørsler, som surrealismen, ja, jamvel mot postmoderne kunstuttrykk.

Inne i eitt av utstillingsromma på Høvikodden står ein rekonstruksjon av Schwitters fyrste Merzbau, som han bygde heime hos seg sjølv i fødebyen Hanover. Eit rom med ganske liten golvplass, eit stort vindauge, luftig takhøgd og kvitmåla, skakke vegger med dei mest underlege krinklar, krokar, hyller, skåp og dekorasjonar. Rommet gjev deg på same tid ei nær sakral stemning og ei lyst til å leika og utforska.

Det liknar installasjonskunst, men Schwitters brukte det som arbeidsrom. Når ein har sett kunsten hans, ikkje minst collagane, kan ein få seg til å tenkja på Merzbau som ei kunstnarisk «tenkjehette». I eit slikt rom kan ein faktisk sjå for seg korleis form og innhald blir riven frå kvarandre, for å bli sett saman att på originalt og «meiningslaust» vis - om ein tenkjer på meining som noko rasjonelt og instrumentelt. For dette er både artig, assosiasjonsvekkjande og fantasieggjande.

Moderne

Schwitters oppførte i tillegg til Merzbau-Hanover to Merzbau i Noreg (på Lysaker og Hjertøya) og eitt i Nord-England. Diverre har alle gått tapt.

- Ein kan sjå på Merzbau-Hanover som verdas fyrste kunstinstallasjon. Alle Merzbau var i tillegg «work in progress», noko som også har mykje til sams med samtidskunsten i dag, seier kurator Karin Orchard, som har sett saman den store Schwitters-utstillinga på Høvikodden no.

Henie Onstad Kunstsenter har sett i gang eit stort kunsthistorisk folkeopplysingsarbeid, med breie presentasjonar av dei store modernistane, som tidlegare har vorte lite sedde i Noreg. Heile 120 Schwitters-verk presenterer utviklinga av det produktive kunstnarskapet frå start til slutt. Utstillinga er eit samarbeid med Sprengel Museum i Hanover og Schwitters Stiftung i Tyskland, og legg særleg vekt på Schwitters nære tilhøve til Noreg.

Mykje tapt

Kurt Schwitters gjev ny meining til klisjeen «Noregs-ven». Han forelska seg i norsk fjell, fjord og isformasjonar straks han sette sin fot her på ferie i 1929. I det neste tiåret var han mange og lange opphald i Noreg, dels på Lysaker ved Oslo og dels på Hjertøya utanfor Molde. Mange av Schwitters’ sentrale verk er skapt i eller har referansar til Noreg. Diverre vart han ikkje alltid like godt teken i mot her. Heller ikkje siste gong, då han som «entartete» kunstnar og med ein son som var ønska av Gestapo, var på flukt frå naziregimet heimlandet. Schwitters og sonen Ernst måtte i 1940 forlate Noreg med den siste båten til England, der Kurt også døydde i 1947.

Den norske staten har i seinare år takka nei til Schwitters-familiens tilbod om overta Schwitters’ svært verdifulle kunstsamling, som no er spreidd omkring i verda. «Ein kjempeskandale,» ifølgje tidlegare direktør ved Henie Onstad, Per Hovdenakk, som for nokre veker sidan uttalte seg til VG om saka.

No er det i alle fall mogleg å få eit innblikk i Schwitters’ verd på Høvikodden, og kurator Karin Orchard er ikkje i tvil om at Kurt Schwitters’ kunst må omtalast som revolusjonerande i si tid.

- Særmerkt for Schwitters var også at han heldt fast ved collagen, som for Picasso og Georges Braque berre var ein «fase».

Schwitters’ kunst er også humoristisk, noko som vart stadfesta av diktet «An Anna Blume» som han trykte opp på plakatar og hengde opp i Hanover. Schwitters var nemleg også oppteken av alminneleg bruk av grafiske uttrykk som typografi og reklame. Nonsensdiktets rytme og ordbilete appellerte til mannen, kvinna og barnet i gata og vart fort ein «hit».

Humoristisk er også Schwitters «Ursonate», som på søndag blir framført i sin heilskap på Høvikodden av den belgiske vokalkunstnaren Jaap Blonk.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT