Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Lørdag 5. september, 2009
Byggjer livet på ord
Ikkje politisk: - Eg er ikkje ein politisk forfattar, men eg er ikkje det motsette heller, seier forfattar Kjell Askildsen. - Det er kunsten sine reglar som styrer skrivinga mi.

Byggjer livet på ord

- Å skriva er den sterkaste overlevingsdrifta eg har, utover det reint private, seier 80-årsjubilanten Kjell Askildsen.

Den 30. september fyller Kjell Askildsen 80 år. På mange vis er feiringa i gang. I år har Askildsen alt motteke Svenska Akademiens nordiske pris, og Oktober forlag lanserer straks Askildsens samla verk.

- Det er nesten ikkje til å tru, seier forfattaren sjølv.

For kjennarar av Kjell Askildsen vil det neppe koma som ei overrasking at han i utgangspunktet var skeptisk til den heideren det er å få gjeve ut alle bøkene på nytt. Han var i tvil om dei heldt mål.

Mykje er sagt og skrive om Kjell Askildsens forfattarskap. Dei relativt få, korte bøkene som har kome ut sidan 1953, har gjort «kresen» til det adjektivet forfattarkollegaer, kritikarar og litteraturprofessorar tyr til for å skildra at det her er snakk om kvalitet framfor kvantitet. Askildsen er kjent for å bora djupt i eksistensielle problemstillingar og for sin særeigne modernistiske språkstilistikk.

Ml-kultur?

Dette står det mykje om i det svært lesverdige festskriftet Oktober forlag gav ut for ti år sidan, til Askildsens 70-årsdag. Det det ikkje står mykje om der, eller andre stader, er politikk. Litt påfallande, sidan Kjell Askildsen var ml-ar, og faktisk gav ut i alle fall éi eksplisitt politisk bok på 1970-talet. Eit slikt verk andre «ml-forfattarar» har måtte svara for.

Skodespelar og ivrig debattant Jan Hårstad sjenerer seg sjølvsagt ikkje for å snakka politikk. I festskriftet til Askildsen spør han korleis ein skeptikar og opprørar mot religiøs tru og absolutt sanning, kunne enda opp med å stø Maos Yanan-tale om kulturen.

- Ser du noko paradoks i at nettopp du slutta deg til ein slik viljesbasert framtidsoptimisme for eit nytt samfunn, med ein normativ kultur?

- Ikkje når eg ser det i høve til min ståstad og mi samtid då. Eg har vore kulturradikal sidan eg var i 16-årsalderen. I protest mot Gerhardsens Kråkerøy-tale røysta eg NKP. Medan eg var gymnasiast i Mandal gjekk eg også i 1. mai-tog saman med NKP-arane. Vi var 13 folk alt. Sidan var det Vietnamkrigen og utanrikspolitiske spørsmål som vart avgjerande for mi politiske orientering, og at eg hamna i SUF-miljøet på Ammerud. Det heile hadde svært lite med kultur, eller med Mao i det heile, å gjera.

Askildsens brot med AKP (m-l) var ikkje ideologisk. Det var det kommunistiske praksisen som stridde mot personlegdommen hans.

- Påbodet om å selja Klassekampen på gata innebar store offer for meg. Det var ublygt. I dag er eg berre ei røyst, men for Raudt. Også i dag er utanrikspolitikken viktig for meg.

Mørkret i oss

Kjell Askildsen skriv mykje om fenomen som verkar trugande på oss. Forbodne kjensler. Hat og attrå der slikt ikkje skal førekomma, til dømes. Menneskenaturen i alt sitt vesen provoserer ikkje berre i religiøse miljø, men også i sosialkonstruktivistiske. Bøkene frå 1980- og 1990-talet konstaterer berre at alt dette finst. Samstundes som vala og vona til karakterane blir mindre.

- Kan bøkene frå 1980-talet av - i dette lyset - lesast som eit politisk oppgjer?

- Eg har ikkje tenkt slik på det. Slik eg ser det, har eg skrive ei politisk bok, «Kjære, kjære Oluf». Der braut eg med mine litterære prinsipp. Eg la fram eit problem som var mitt problem, og boka vart farga av privat haldning. Det er ikkje ei god bok.

- Eg vil skapa kunstverk, det er kunsten sine reglar som styrer skrivinga mi. Det farlege i mennesket er eit naudsynleg element for at det skal vera verd å skriva. Eg plar av og til å seie at eg har ein amoralsk skrivemåte. Eg veit at alle menneske har alle sider ved seg. Dei «svake» sidene er kanskje sterkast til stades hos dei som let minst koma til uttrykk. Det ligg latente og er med på å dominera vala og handlingane deira. Sett vekk frå «Kjære, kjære Oluf» har eg aldri skrive om noko eg sjølv har opplevd eller tenkt før eg kjem til det punktet i skrivinga. Eg finn eit utgangspunkt og byrjar å bygga setning på setning. Novella utviklar seg i kraft av dei føregåande setningane. Det er det eg til kvar tid veit. Om ein trur på skildringa av barnefaren som blir opphissa av veninna til dottera og onanerer medan han i skjul ligg og ser på ho, så er det noko som utvidar synet på oss alle. Det kan sjølvsagt gjera vondt for nokon. Det å skapa attkjenning gjennom å avdekkje - utan at det blir bastant - latente element i personane, er slikt som er med på å gjera novella god, og mogleggjer det kunstverket som eg søkjer å skapa. Eg er ikkje ein politisk forfattar, men eg er ikkje det motsette heller.

Av og til har Askildsen likevel hatt lyst til å gje til kjenne noko personleg, i litterære «sidespor», som han kallar dei. I novellene «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten», «Johannes’ oppmuntrende begravelse» og «En plutselig frigjørende tanke».

- Elles legg eg vinn på å ikkje leggja meg opp i kva personane i bøkene mine tenkjer. På ein måte gjer dei som de gjer fordi dei ikkje kan anna, fordi dei er bundne til kvarandre - ikkje frigjorde.

Skulda

Askildsen har vist at eksistens og sameksistens med våre næraste er vanskeleg - uavhengig av kor ein er i livet. Det står fast heilt frå debuten uavhengig av seksuell revolusjon, mindre konformitet og større offentleg openheit om kjensler og psyke.

- Mennesket er det vi alltid har vore, men frontane, ideologiane, forskyver seg. Eg fokuserer på allmenne problemstillingar, ikkje spesifikke. Det mine personar seier og gjer, kunne like godt vore sagt eller gjort for 50 år sidan som i dag.

- Skuld og skam går att som styrande i tekstane dine. Det er bører som har ført til mykje menneskeleg elende, men er ikkje det motsette også ganske deprimerande; skamløyse og avskriving av ansvar? Er ikkje skamkjensla også eit viktig element i sivilisasjon?

- Eg skulle gjerne sett at vi hadde eit mindre negativt ladd ord, om det skal fungera til å driva oss framover. Personleg skam meiner eg er berre negativt, men dei mange si skam kan det vera kraft i. Om mange nok skjemdest over at Noreg opptrer som okkupasjonsmakt i Afghanistan, kunne det ha endra norsk politikk. I litteraturen min er det berre menneska eg er oppteken av. Det vesle rommet.

- Det er ikkje uvanleg at menneskeskildringar som dine blir omtalte som misantropiske. Har du aldri følt noko moralsk ansvar for lesarane dine?

- Nei, det trur eg hadde vore døden, litterært sett. Det får halda å stilla krav til seg sjølv.

Kritikken

Krava Askildsen har stilt til seg sjølv, har halde lenge. Prisane har vorte mange, og han har nådd ut til lesarane både i og utanfor landet. Men i den norske litteraturkritikken skjedde det eit omslag frå 1991 til 1996. Med eitt var «kresen» blitt til det negativt ladde «anorektisk». Tomas Forser ved Universitetet i Göteborg, som har jamført kritikarresepsjonen av Askildsen i heile Norden, tolkar det som at Askildsen vart «offer» for eit litterært paradigmeskifte i Noreg, men Askildsen var ikkje immun mot kritikken.

- Eg vart faktisk litt forbanna på kritikarane, eller, eg forstod ikkje kva dei ville. Dei sa det var godt skrive, men dei ville at eg skulle fornya meg, utan eigentleg å setja fingeren på noko. Reaksjonen min var kanskje litt barnsleg, eg kan vedgå det, men det neste halvåret tenkte eg at eg ikkje ville skriva meir.

Askildsen har meir sans for kritikken til kollega Gunnar Reiss-Andersen, som han vart kjend med på Sørlandet på 1950-talet.

- Eg har jo også gjort ein del ting i overmot, slik som den andre boka mi «Herr Leonard Leonard». Denne gav eg til Reiss-Andersen. To-tre dagar etter gav han meg ein dansk antologi som takk. På det første bladet hadde han signert ei helsing: «O, disse store bedrøvede bokstaver!» Eg tok den. Det gav meg noko å tenkja på.

Askildsen vart ikkje lova nokon lysande karriere i heimbyen Mandal. Debuten, «Heretter følger jeg deg helt hjem», fekk ros frå kritikarar som Johan Borgen, men i Mandal var boka stempla som pornografisk, skitten litteratur.

- Den kritikken var heilt logisk. Nett slik han skulle vera i den religiøse småbyen. Eg trudde likevel ikkje dei styrande i kommunen skulle tillata at boka vart nekta tatt inn på biblioteket.

Askildsen legg ikkje skjul på at han tykkjer det er litt vittig at han no, til 80-årsdagen, skal få ei byste av seg i Mandal - nettopp i biblioteket.

Alderdommen

Refleksjonane over alderdommen gjorde Askildsen alt for drygt 25 år sidan, i novellesamlinga som gav han Kritikarprisen fyrste gong, «Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten».

- Kjenner du deg nærare eller fjernare frå 80-åringen Thomas F. i dag enn då du skreiv om han?

- Eg ville ha skildra han på same måte i dag. Det er outrert frå mi side, men Thomas F. er også slik eg vona eg sjølv skulle bli då eg vart 80. Ein arg mann som ikkje bøyer seg eller blir audmjuk. Om eg har sjanse til å skriva meir, så vil det nok tematisk bli i denne leia.

Askildsen kjenner framleis lysta til å skriva, «det gjev stor glede å få noko til», men trongen er der ikkje no.

- Mannen min las «Thomas F.» for fyrste gong denne veka, og etter den første sida sa han: «Dette er skrive av ein som har budd seg på å døy heile livet. Det kjenner eg meg att i. Har han ein kur mot det?»

Dette er det einaste spørsmålet som får Askildsen til å humra.

- Det måtte vera å skriva. Det er den sterkaste overlevingsdrifta eg har utover det reint private.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT