Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, torsdag 9. februar, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120209
Kultur & medier
Mandag 14. september, 2009

Kollektivopera om Powell

- Musikk bør spegla det samfunnet du ønskjer å leva i, meiner Franck Leibovici. I dag presenterer han ein miniopera for amatørsongarar - om Colin Powells FN-tale.

Den franske multikunstnaren Franck Leibovici er i Oslo for å delta på samtidsmusikkfestivalen Ultima. Hit har han med seg «Powell opera - a mini opera for non-musicians» (2007). Det er ikkje eit verk som er skapt for hovudscenen i Bjørvika. Og det er langt frå tilfeldig at festivalen har programmert operaen på utestaden Internasjonalen på Youngstorget på stortingsvaldagen. Dette er nemleg ein opera som handlar om politikk og som i seg sjølv er ein slags politisk praksis. Til dømes har songarane sjølve rekruttert seg via e-post.

Colin Powell

Før vi går inn i sjølve framføringa, må vi ha svar på kvifor operaen har namn etter USA tidlegare utanriksminister Colin Powell, og librettoen er henta frå Powells vidkjende innlegg i FNs tryggingsråd før invasjonen i Irak 2003.

- Operaen er del av eit større prosjekt eg har arbeidd med på heile 2000-talet, der Colin Powells tale er relevant på fleire måtar. Sjølve framføringa av innlegget i Tryggingsrådet var svært interessant. Powell las berre opp ei deskriptiv skildring av satellittfoto, av mp3-opptak av avlytta mobiltelefonsamtalar og teikningar på ein enkel power-pointpresentasjon. Desse ljod- og biletfragmenta vart alle tatt ut av ein samanheng og sett inn i ein ny: provføring for at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen. Dette vart då oppfatta som veldig objektivt. Men underteksten i innlegget var eigentleg at dette ikkje var prov. Alle veit at ein setning eller eit foto tatt ut av sin samanheng kan nyttast til kva som helst avhengig av konteksten. I tillegg kjem problema kring digitalisering av ljod- og biletinformasjon, som gjer digital informasjon vanskeleg å nytta som prov.

Leibovici meiner Powells tale synte at provføringsregimet er i krise. At det vart demonstrert i FN, gjorde avsløringa ekstra akutt, sidan ei slik krise vil ha store konsekvensar for tilhøvet mellom både menneske og statar.

- Dette var viktig å drøfta og eg ville gjerne laga ei performativ gjenforteljing av talen. Til slutt enda eg opp med denne operaversjonen.

Kunst gjev kunnskap

- Er kunsten ein fruktbar kanal for å ta opp slike spørsmål?

- Kunst er uinteressant så lenge han ikkje når utover kunstinstitusjonane. For meg handlar dette om å finna fram til ny kunnskap og nye språk som kan gje oss kunnskap der dei gamle fagspråk kjem til kort.

Franck Leibovici har bakgrunn frå samfunnsvitskapen. I mange år har han vore oppteken av det som blir omtalt som lågintensitetskonfliktar. Via arkiv og internett har han samla stoff om ulike politiske aktivistar, inkludert sjølvmordsbombarar/martyrar og kidnapparar som halshøgg sine offer på internett, frå til dømes Tsjetsjenia og Midt-Austen. Både nettsider for ulike politiske aktivistar/terroristar og internasjonale nyhendebyrå har vore blant kjeldene. Arbeidet har mellom anna resultert i boka «Portrait Chinois», som denne veka også blir lansert på norsk på Attåt forlag.

Kartlegging

Lågintensitetskonfliktar krev færre menneskeliv enn ein regional krig, men varar lenger, ofte i fleire tiår og som er aktiv på symbolplanet, som Leibovici uttrykkjer det.

- Når eg seier symbolplanet, tenkjer eg ikkje abstrakt, men at slike konfliktar røre ved alle sfærar: jus, politikk, økonomi, etikk. Desse konfliktane utfordrar ofte universelle idear, dei fører til endringar i tryggingslover, dei provoserer fram demonstrasjonar i mange land, både FN og frivillige organisasjonar er engasjerte. Samfunnsvitskapane har mangla eit vokabular for å skildra denne konfliktforma. Dei har hatt eit omgrepsetterslep der den kalde krigen og til dømes Vietnam-krigen har definert forskarspråket. Også mellom journalistar var det lenge stor kontaktangst for dette stoffet. Her har det gradvis utvikla seg eit vokabular for korleis slike konfliktar blir omtalte. Denne utviklinga har eg også tatt med i «Portrait Chinois». Også her har eg vore oppteken av korleis eit ord, eit bilete, eit fragment blir tatt ut av ein samanheng og nytta i ein ny.

Leibovici meiner kunsten har noko å tilby når det gjeld å skapa nye forståingsformer og ny kunnskap.

Ny notesetting

I arbeidet med operaen vende Leibovici seg til den eksperimentelle musikkscena. Han fann fram til 1960-talets avantgardistar John Cage og Cornelius Cardew.

- John Cage sa ein gong noko om musikk som eg liker veldig godt. Han sa noko slikt som at eit kvart musikkstykke burde spegla det samfunnet du ønskjer å leva i. Cornelius Cardew, på si side, var marxist og braut med den isolerte akademiske kunstmusikken av politiske årsaker. Han ville at musikk skulle vera ei kvardagshandling, på line med å springa. Eit hinder for det, meinte han, var at mange ikkje kan lesa notar. Han laga difor fleire alternative system for transkribering av musikk, nokre av desse var tekstlege. Cardew byrja så å arbeida med uutdanna songarar, som øvde på å framføra det aktuelle stykket.

- Songarane hadde altså verkspesifikk spisskompetanse.

Kollektivopera

Desse prinsippa har inspirert Leibovicis «Powell opera». Og Ultima-festivalen har halde øvingar for songarar som sjølve har meldt seg på prosjektet via e-post. Operaen er alt framført i fleire europeiske byar og har i dei ulike framføringane likna på alt frå gregoriansk song til ambientmusikk, ifølgje Leibovici.

- Alle får eit ark med fire lister med ord. Fyrste bolk er alle orda i Powells tale som listar opp sjukdommane masseøydeleggingsvåpena kan føra til (til dømes: «miltbrann»). Bolk to er alle spørsmåla som blir stilte i talen («kven tok harddiskane?»). Bolk tre er alle «dramaets karakterar» («Saddam Hussein»). Fjerde bolk listar kor informasjonen er henta frå («vi veit», «ei fjerde kjelde»).

- Deltakarane skal ikkje syngja orda, men seia dei på ein utpust. Det fyrste ordet seier dei i ein tone dei sjølv vel medan dei alle går omkring kvarandre på golvet. Neste ord skal du seia i tonen til den personen du møter på golvet i det du er klar for å skifta ord. Framføringa har fleire slike reglar, og deltakarane må ta kollektive avgjerder under framføringa, som til slutt gjer at operaen byggjer seg opp til ein unison tone, der alle held same tempo. Så aukast tempoet i denne «masserørsla» til det må brytast. Alle byrjar då på nytt, men denne gongen byggjast tempoet ned til det til slutt blir så lenge mellom orda at publikum ikkje veit om operaen er over. Så blir det heilt stille. Når det fungerer smittar stillheita over på publikum og kan vara i mange minutt.

- For meg er dette politisk i den forstand at etikk og kunnskap er politisk. Det er ein ny type skildring av materialet og også ein freistnad på ein redistribusjon mellom kunst, vitskap og politikk, seier Leibovici.

Kultur & medier
Torsdag 9. februar, 2012
Vanskelig virkelighet

Vanskelig virkelighet

Sju år gammel møter Margaux Fragoso den femtien år gamle Peter. Da han begikk selvmord skrev hun bok om det hun velger å kalle et 15 år langt forhold.
Utenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Goliat står fjellstøtt

Goliat står fjellstøtt

AVGJORT?: Rick Santorum påfører Mitt Romney pinlige valgsmeller. Men Demokratene er fortsatt sikre på at det er pengesterke Romney de skal kjempe mot i presidentvalget.
Innenriks
Torsdag 9. februar, 2012
Bestrider ikke diagnosen

Bestrider ikke diagnosen

UKLART: Anders Behring Breivik mener sakkyndigrapporten er full av feil. Men han har ennå ikke gjort seg opp en mening om egen tilregnelighet, sier hans forsvarer Geir Lippestad.
Dagens leder
Torsdag 9. februar, 2012
Bjørgulv Braanen
Modellen

Modellen

Dagens leder
Powered by eonBIT