
Belgisk animasjonsanarki
Onsdag 26. august, 2009
«Kaos i landsbyen» er ein animert film med små plastleikefigurar. Det er ein type film der kritikarar må ty til luftige adjektiv som «galen» og «genial». Under Den norske filmfestivalen i Haugesund blir filmen vist både i Barnefilmfesten og i «vaksenprogrammet», men «Kaos i landsbyen» er ingen film det kan setjast aldersgrense på. Den appellerer i første rekkje til den kaosdyrkande anarkisten i publikum.
- Er det morosamt for oss sjølv, så går vi for det. Det er slik vi arbeider, seier regissør Stéphane Aubier til Klassekampen.
Må ha moro
I sentrum av handlinga finn vi altså ein hest, ein cowboy og ein indianar. Cowboy og Indianar er som dei to rampute gutungane til Hest, som er den ansvarlege farsfiguren i filmen. Hest er forelska i musikklæraren madame Longrée, også ho ein hest. Kjærleikshistoria kunne gått fint, hadde det ikkje vore for at Cowboy og Indianar freistar å handla på internett. Dei vil tinga 50 mursteinar for å byggja ein ny grill, men kjem i skade for å tinga 50 millionar mursteinar i staden. Etter dette er det vanskeleg å gjera greie for kva som skjer, men det involverer ein aggressiv bonde som nyttar dyra sine som våpen, nokre tjuvaktige sjømonster og tre galne vitskapsmenn i ein kjempepingvin som kastar snøballbombar.
- Dette er jo ganske sjuke saker. Er det slike historier de vanlegvis skriv?
- Absolutt. Men vi skriv ikkje. Vi synest det er keisamt og vanskeleg å skriva manus.
Det forklarar jo ein del. Men Aubier legg til:
- Min medregissør Vincent Patar og eg byrjar med å laga nokre sekvensar på storyboard [ein slags teikneserie som viser alle scenene i ein film, og som vanlegvis blir laga når manus er ferdig, og fungerer som arbeidsteikninga til regissøren under opptak]. Så presenterer vi desse sekvensane for dei to andre animatørane vi arbeider saman med, slik at dei kan seia si meining om det fungerer eller ikkje. Resten av arbeidet er ein kollektiv prosess, der vi spelar idear fram og tilbake for å utvikla forteljingar og visuelle konsept som vi liker, det er det viktigaste.
«Kaos i landsbyen» vart plukka ut til det offisielle programmet i Cannes i år, der Pixars «UP» elles også var opningsfilm, noko som fortel mykje om den aukande statusen til animasjon. Aubier og Patars film overraska og mora mange i Cannes, men det er ikkje fyrste gong belgiarane har sett arbeida deira. «Kaos i landsbyen» byrja som ein fjernsynsserie i Belgia, og dei har også laga andre korte filmar og reklamekampanjar som har vore svært populære, men dei syntest ikkje dei fekk ut alle ideane i det korte formatet.
Surrealisme?
I «Kaos i landsbyen» er det dyr som er personar, medan andre dyr er «berre» dyr, det er pasjonert kjærleik og mystikk og horror, som kjem frå ei skjult verd under havet.
- Fører de arven vidare frå surrealistane?
- Kanskje det, men vi er faktisk meir inspirert av teiknarar som amerikanaren Gary Larson, du veit desse teikningane der hunden ofte er klokare enn eigaren og så vidare.
- De nyttar plastleiker, jamvel gamle figurar frå 1960-70-talet, som de handlar på loppemarknad. Korfor det? Det er ganske stive uttrykkslause figurar i utgangspunktet. Leika de med desse sjølv som barn?
- Nei, eg leika meir med smurfar då eg var liten, men vi nyttar dei gamle figurane fordi vi synest dei er fine. Så endrar vi dei alt etter kva historia krev. Så når Indianaren, som har ei hand i vêret til «indianarhelsing», skal skriva på pc-tastatur, ja, då gjev vi han kroppen til ein syklist, så får han armane i korrekt positur.
Stop motion
I dag finst alle moglege moderne teknikkar for animasjon. Dataanimasjon i 3D er ein raskt veksande sjanger i USA, men Aubier og Patar held fast på den gode gamle, svært tidkrevjande stop motion-teknikken, som betyr at det tar årevis å laga ein langfilm. Men Aubier har opplagt noko til sams med ein av norsk animasjons mest kjende figurar, Reodor Felgen, han elskar alt fingrane får tak i som kan fiklast med og bli til noko på lerretet.
- Kvifor held dei fast ved stop motion? De er berre fire animatørar også, det blir mykje arbeid?
- Det er best for oss. Det er ikkje så dyrt, det er lett, det gjev stor fridom. Vi elskar å prøva ut ulike fargar og strukturar på materiala. Plastikk, kontorrekvisita, måling, metall ...
- Til slutt: Vil du seia at «Kaos i landsbyen» har nokon bodskap, sett bort frå den opplagte lærdomen at ein bør vera varsam med å tinga noko over internett?
- Det var ein fransk kritikar i Cannes som sa noko slikt som at filmen var full av idioti, men slett ikkje dum. Det likte vi godt.
«Kaos i landsbyen» kjem på norske kinoar i haust og då med norske røyster, der Gustav Lorentzen (Ludvigsen) dubbe-debuterer som trønder-indianar, Johannes Joner er siddis-cowboy og Helge Jordal er bergensk hest.










